torsdag 5. april 2018

Ein stoffbit inn - ein stoffbit ut - et lappeliv i balanse

Hei kjære lesar!
Her ser du meg framføre regnbueteppet som er eg så gla i. Eg har omøblert på jobb, og no heng dette teppet slik at eg ser det når eg sit ved kontorpulten. Først vil eg berre dele tre videoer som viser korleis du handler i nettbutikken - har du ikkje sett dei før så er desse fine til å få litt hjelp til å forstå korleis den virker.

Så korleis du faktisk bestiller ser du her; Hvordan bestille hos Desiree

Og korleis heile framsida i butikken fungerer og poenget med den ser du her; Fremsiden

Nyheter og bestselgere - kva er det? Nyheter og bestselgere

Korleis fungerer kategoriene? Navigere i kategoriene

Og straks utsolgt - når de flotte stoffene er nesten borte; Straks utsolgt

I tillegg husk - alle produktbildene kan du klikke på - og da vil du få opp kva for nokre produkt eg anbefaler sammen med det aktuelle produktet.

----

SÅ - tilbake til ein stoffbit inn - ein stoffbit ut -

Eg har i nokre år no fulgt Nina Wolther - og gått mange av hennar online kurs i både farger, energi og rydding. Ein av dei tinga ho har fokus på er - ein ting inn - ein ting ut.

Korleis kan dette overføres til syrommet? Eg har eit middels godt utvalg i stoffer på syrommet. Eg syr mykje av det eg har - eg elsker å bruke rester - altså at eg ikkje planlegger kva stoffer som skal være med i eit prosjekt - men heller tar utgangspunkt i boksene mine.

Eg vil no vise deg fire tepper eg har sydd den siste tida - les - eit av dei må være på begynt i 1,5 år - så det er litt over tid at desse teppene blir født.

Det første teppet er det eg kaller eit strandteppe. Det passer til ei strandseng som ein ligg på i syden. Planen min er å ha ti slike tepper - slik at når heile familien skal til ein plass der det er sol og varme - så har vi ein koffert full med tepper. Sist vi var i syden hadde eg med tre tepper - og det endte med at vi slost om kven som skulle ha teppene. Så da var ideen født til å sy strandtepper.

Her er det aktuellet teppet;



Eg har brukt blokka vindmøller - det er ei kjekk blokk som eg aldri blir lei av. Vel, eg blir jo aldri lei av nokon av blokkene eg bruker. Som du ser av dei to blokkene så er eg ikkje noko petimeter. Eg strebar ikkje etter nøyaktighet - og vil heller strebe etter det uperfekte - da vil det heller ikkje gi meining å sjå etter feil, for dei er så mange :-)

Teppet måler 60 ganger 190 cm. Toppen - før det vart quilta - veide 250 gram. Ein meter stoff veier ca 180 gram. Det betyr at i dette teppet har eg brukt rundt 1,4 meter stoff. Og da er vi ved sakens kjerne. Når eg vil ha balanse på syrommet. Når eg vil at stoffene mine skal være dynamiske - da veit eg at når eg har brukt 1,4 meter med stoffer til dette teppet - så er det fint om eg fyller på med nettopp 1,4 meter med stoff. Så eg noterer i boka mi at eg har brukt 1,4 meter med stoff. Dette er planen at eg skal gjere kvar gang eg er ferdig med ein topp. Også det eg ser er at nokre av stoffkategoriane mine er overfylte - grønt og blått, medan andre er slunkne. Så eg kjøper ikkje nødvendigvis inn att det som eg har brukt, men ser kor det trengst påfyll.

Dette var det første teppet - her kjem neste;

Dette er ei gave til søskenbarnet mitt Berit - og den vesle jenta som snart skal bli født. Vel, inspirasjonen fann eg på nettet - og det var ikkje før eg stolt viste det fram til familien at eg forsto at her var det eit symbol som vi ikkje er så glade i. Huff og huff. Faren i familien såg det med ein gang - og dei er tyske - og etter litt om og men landa dei på at fargane var så fine at dei ville gjerne behalde det - sjølv om ein også her kan leite etter noko om ein ønsker det og finne det.
Teppet veide 310 gram. Det målte 100 ganger 100 cm. Det betyr at eg har brukt 1,7 meter med stoff. det kan virke mykje, men eg har brukt også ein del einsfarga stoff og dei veg litt meir enn dei vanlige stoffene

Så til det tredje teppet.




Dette er eit tradisjonelt plussteppe. Inspirasjon fann eg på Pinterest. Eg har pusla ei og ei blokk - dvs starta ein plass og bygd med utover. Dette var utrulig kjekt å sy. Det måler 120 ganger 120 cm og veier 340 gram. Så her har eg brukt 340/180 = 1,88 meter med stoffer. Nettopp i dette teppet ser ein fordelen med å ha masse ulike stoffer - det gir lekkert liv til quilten.

Da er vi ved veis ende og det fjerde teppet;


Dette fann eg også inspirasjon til på Pinterest. Dette kjem nok til å bli ei konfirmasjonsgåve (spørs om ikkje også dei andre havner der - det vil tida vise).
Eg har prøvd å finne opphavskvinna til mønsteret utan å lukkast. Dette veg 280 gram og måler 145 ganger 97 cm. Da har eg brukt 280/180 = 1,58 meter med stoff.




Det betyr at eg totalt til desse fire teppene har brukt 6,56 meter med stoff. Med ein meter pris på rundt 200 kroner blir det 1312 kroner. Eg må sei - det er ein billig hobby. Kva koster ein time med massasje? Eller ustyr til å springe i fjellet eller å brygge øl? Mange timer med kos har eg hatt for
1300 kroner.



Men klart, så kjem quiltinga i tillegg. Dette er små tepper, og eg har likevel valgt å få dei quilta hos Quiltestallen. For alle fire teppene betalte eg 2737 kroner, da leverte eg med bakstykke og vatt. Eg visste at nett desse teppene ville eg ikkje quilte sjølv, men av og til gjer eg det skjølv også. Og det fine med å få teppene quilta er at det kan vente til ein får feriepenger - eller gave til bursdagen, eller til ein skal gi ei gåve til ein rund dag. Eg vil lett påstå at å gi slike tepper overgår alt ein kan gi og det er fantastiske presanger.

Så kva tenker du om ein stoffbit inn og ein stoffbit ut? Når eg har brukt 6,56 meter med stoff - noko som tilsvarer 22 30-centimetere. Det gir ein heilt annan følelse å ta inn 22 biter i hus når eg veit at dette er balanse. Og at det ikkje samlar seg opp i hopetall. Men det er mi tilnærming - og vi er alle ulike.

Tusen takk for at du valgte å lese denne bloggposten - eg håper det inspirerer deg til å sy - og til å ta ein ting inn  - ein ting ut.

God klem fra Desiree

Ps Quiltestallen finner du på 93 25 32 33 - Anne Toppe Myrdal. Ei kjekke dame :-)

Og heilt til sist - det har vore påske medan eg sydde lukkekantane på desse - eg var så heldig at det vart tre skiturar på meg - og her ser du ein av solnedgangane vi fekk sett;


Igjen - til vi sjåast igjen - god quilting :-) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar