søndag 29. april 2018

Eit asiatisk eventyr er over -

Etter ei veke i Hong Kong har vi opplevd mykje forskjellig. Det som opptok meg mest før vi reiste var det at folk bur veldig tett her. Her er mykje grønn skog - og frodig, samtidig er det vannvittig mange høghus tett i tett. Eg har sjekka og der er 2700 bygningar som er over 100 meter høge. 

Sogn og Fjordane er har eit areal på i overkant av 18000 kvadratkilometer, Hong Kong har rundt 2700 kvadrat kilometer. Innbyggar pr kvadratkilometer i mitt heimfylke er 6! medan her i Hong Kong er det 6777 pr kvadrat kilometer! Det er litt av ein skilnad. 

Eg såg nokre dokumentarar før eg reiste, og for dei som har minst pengar er det vanskelig å finne ein god plass å bu. Mange av dei som leiger ut leiligheter har funne ut at dei kan jo berre ta ei leilighet som normalt skal huse ein familie, og gjere det om til f eks sju ettroms leiligheter. Da har dei ikkje mulighet for hverken toalett eller kokefaciliteter. 



Vel - det var litt demografi. Over til andre ting. Det var få koselige cafeer, og vannvittig mange luksusbutikker. Så for min del var det ein rimelig tur. Over alt kor vi gjekk var det rådyre butikker, og for kvar undergrunnstasjon som vi gjekk ut av kom vi opp i eit vannvittig kjøpesenter. Over 300 butikker gjerne og da for det meste kostbare merker. Eg var heldig og kom over ein vegansk fastfood - og der fekk eg spist eit måltid Ellers for min del vart det til at eg bestilte "side-dishes" når vi var ute og spiste. 


Eg hadde lyst til å vise fram litt av kvart som eg liker å sy på turen - dette kan du sjå meir om på instagramprofilen min. Så over eit glimt fra Starbucks. Eg veit - ikkje den beste i klassen når det gjeld kaffi og personalpolitikk - men Costa Coffee såg eg ikkje ein einaste av når vi var her. 


Dere som kjenner meg veit at eg elsker farger, og desse nydelige flisene kom eg over på eit toalett. Toalettene holdt veldig ulik standard, så skal du først på toalett så anbefaler eg å bruke eit i lukusvarehusene. 

Så var vi i ein vannvittig fin park/hage som heiter Nan Lian Garden. Eit lite pusterom i ein travel butikk. Trass i gratis inngang var det få folk der. Eg prøvde meg på fotoshoot med log-cabin duken min, men vi vart jaga bort. Så lukka var stor når eg fekk snike meg til eit bilde. 





Ein av tinga eg ville gjere på turen var å ta ein Instagram tour. Så lukka var stor når vi var på vei tilbake og vi fann desse instagram bygningane. Fargar er ein stor stor del av livet mitt - og eg elsker det når eg ser andre også gjere bruk av dei 


 Her ser du den vakre skyline til Hong Kong. Her var det eit lysshow kvar kveld klokka åtte - men vi vart vel ikkje total imponert.

Eg var glad eg tok med yogamatta mi. Om morgonen når beina tillet det og været var det yoga på bassengkanten. 

Det var like spennande kvar morgon når eg kom ut av heisen om det plaska ned, eller om eg kunne rulle ut matta. 

Favorittmaten på turen for min del var dette deilige avocado-smørbrødet. Nyte nyte nyte - og no håper eg at eg også kan nyte dette i heimbygda etterkvart. 

Ti tusen buddhaer var ein flott opplevelse. Vi googla det og fekk opp korleis vi skulle reise dit. Det var overhodet ingen skilt som viste kor det var - forklaringa på det var at dei dreiv og renoverte og ville ikkje ha besøkande. Men mykje fint å sjå i alle fall. 


Dette var ein kvinnelig buddah, lett å sjå - ho må jo ha tusen armar for å rekke alt ho gjer i løpet av ein dag. 



Øverst oppe var den aller vakraste. Ho heiter Quan Yin og er kjend som gudinna for nåde og medfølelse. 

Vel tilbake på hotellet var det å ta fram litt bær og briske meg med dei to brikkene eg har sydd med campingvogner på Rett så søte tykkjer eg. 


Eg må berre sei - det er veldig kjekt med ein slik knagg til å henge veska på når ein er på toalettet. Ofte det som kan skille eit ok toalett fra eit mindre ok toalett. Eg veit at dette blir det enda meir av når vi skal til Frankrike. 


Og så - målet for turen - embalasjemessa. Her var det mange hundre utstillere som viste frem ulike måter å pakke inn produkter på Ikkje berre berre å finne fram her. 





Litt solnedgangar vart det på oss - og også lukkekanter. Veldig kjekt. 


Hong Kong er kjend for å lage alle stillas i bambus - og her ser du ei samling bambus som venter på å bli sett i arbeid. 

Knapper i alle farger og fasonger. Knapper er ikkje ein del av sortementet mitt i butikken - men der er veldig kjekt å sjå alle slags som finnest. 

 Etter ein strevsom gåtur oppover gåstiane kom vi endelig til toppen. Vi var svært heldige med været og fekk sjå Hong Kong fra oven.

Og til sist - siste snutten av håndsøm på turen. Desse søte stoffene fra CottonTail. Har du ikkje sikra deg nokon av dei enda har du kan hende framleis sjangsen. 



Tusen takk for at du fulgte meg på turen. No er det ei veke med jobb - så skal eg på to vekers ferie til Frankrike. Da kan det være greit å følge meg på Instagram. 
God klem! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar