søndag 25. desember 2016

Ikkje lappeteknikk - eg tar ei varetelling i klesskapet mitt

For ei tid tilbake kom eg over tal som synte at Kari Nordmann har i snitt 360 plagg i klesskapet sitt. Det provoserte meg til å telle klea mine slik omtrentleg. Eg kom til 60. Og eg fekk slikt godt samvit. Men så hadde eg nokre kle til vask, og var alle i skapet og slikt? Så eg bestemte meg for at ein dag skulle eg gjere det skikkelig.

Kva passar vel bedre å gjere 1. juledag enn nettopp dette?

Først nokre klipp fra artikkelen der talet stamma fra;



Blant anna står der at klea varer i snitt 5,6 år. Bruksperioden er kortare. Når eg gjekk gjennom sommargarderoben min vart snittprisen høg. Det trur eg er fordi det er dei plagga som er kvalitet som har overlevd gjennom åra.

Eg kan jo ta sommargarderoben min først. Eg har 17 plagg som tilsammen har ein verdi på 23250 kroner. Det kan virke mykje. Snittalderen på dei er 7 år og dette er kle eg har planer om at eg skal kunne bruke att. No skal det seiast at åtte av plagga er nok når eg veg 70 kilo og ikkje 80 kilo. Men, eg synest rett og slett dei er for fine til at eg skal kassere dei. Og dei får plass i ein 10 liters boks. Så det er ikkje store plassen dei tek opp. Eg reknar heile summen med uansett.

Så er det sko.
For nokre år sidan hadde eg skofetish. For sju åtte år sidan hadde eg også litt meir pengar, og ein del av klea mine som er dyre og skoa, skriv seg fra denne tida. Absolutt alle finskoa mine, bortsett fra eit par er fra denne tida. Og det paret kosta kun 300 det som eg kjøpte for to år sidan. Eg har altså åtte par finsko som i snitt kosta 2000 kroner, Snittalderen er sju år og alle er sko eg tenker å behalde.

Vanlege sko. Eg har ni par sko. Dette inkluderer ALT. Dei har ein snittpris på 1255 kr. Dei er i snitt tre år gamle .

Når eg så summerer alle andre plagg alt med sokker og yttertøy og alt så har eg 61 plagg. Desse er i snitt berre tre år gamle. Truser, finkjoler, ullundertøy, alt er med. Snittplagget er 600 kr. Da har eg rekna at trusene koster 100 kr og sokker 50 kr. Ellers har eg etter hugsen tatt prisen på dei andre plagga. No skal det seiast at det var nokre år eg brukte veldig lite penger på klær, eg tærte på den garderoben eg hadde. Så for eit par år sidan så begynte ting å bli slitt, uten at eg kjøpte nytt. Og dei to siste åra har eg nok kjøpt inn meir kle igjen. Det forklarer litt at dei er så unge mange av klea.

Summerer eg da sommergarderobe, sko og vanlige kle så har eg 95 plagg/sko.

Når eg no gikk gjennom alt så har eg skreve ned absolutt alle plagga. Alt er notert med pris. Planen min er no at når eg skal ut med eit plagg, så veit eg kva det kostar, og om eg eventuelt tek inn eit plagg så ser eg også kva det kosta. Først etter eit år vil eg kunne sei noko om eg har auka garderoben eller redusert. Planen min er vel egentlig å ha den som den er no. Litt fleire kjoler kan hende :-) De slites ikkje ut og det er kjekt å ha fleire å variere i.

Eg hadde håpa å komme fram til ein slags plan på kor mykje penger eg bruker på kle på eit år. Men det synest eg var vanskelig. Rett og slett fordi i denne oversikten kjem det jo ikkje fram alle klea som er kassert dei siste 20 åra, da regner eg fra eg flytta heimifra. Men, om eg no noterer det eg bruker i 2017 så er det i alle fall eit utgangspunkt. Eg veit mellom anna at eg har kun tre t-sjorter, og to av dei er klare til utskiftning. Det er rart, når eg veit så konkret kva kle eg har, og at eg vil bruke prinsippet eit plagg ut eit plagg inn, så blir eg mykje meir kresen til kva det er eg kjøper, og eg kan vente ei stund til eg føler at eg finn akkurat det som passer meg.

Utfordringa mi no er at eg skal til varmare strøk, og eg har få plagg. Så eg kjem nok til å bevilge meg nokre sommarkle, så vil det vise seg om det er noko slikt på romjulssalg :-)

Allerbest liker eg å bruke penger på stoffer og ting til syrommet, bøker, sjokolade og te. Gjerne rar mat. Bevisstgjering er bra rundt alle former for forbruk - for min del - og det frigjer lett ressurser til dei tinga som virkelig opptar meg.

Håper dette inspirerte deg til å sjå gjennom din garderobe - og bli meir bevisst korleis du forvalter klesbudsjettet ditt :-)

Klem fra Desiree

lørdag 17. desember 2016

Hugser du bargelloen i november? No er den klar :-)

I dag har eg mesteparten av dagen kosa meg med å gjere ferdig bargelloen. Eg har også
vaska to maskiner med kle som skal doneres bort (dattera vår er flytta :-( ) og eg har koseprata med niese og svigerinne og eg har besøkt ein nytilflytta familie og gitt julegåve. Yay - ein svært innhaldsrik dag. Nevnte eg at Inge laga dynegraut, så mat har vi fått i oss også.

I alle fall.

Bargelloen som var ferdig uten rammer og alt det andre som høyrer til i november - altså høyrer til bargelloen, ikkje november månad.. Den skulle til pers i dag. Eit par videoar vart til undervegs - her er den første (anbefaler at du abonnerer på videoene eg har på youtube om du liker dei)

Tidleg laurdag morgon 0800 sånn ca

Vel, planen var klar. Eg skulle altså få i boks ein liten wip - work in progress, og ein må kunne seie det er fast progress, sidan den er fra november. Eg tenkte først å quilte alt i buer, men planen endra seg undervegs. Her kan du sjå dei ulike måtane eg quilta på; Først buene. Buane representerer her solstråler. Først videoen;

Utgangspunktet når eg quilta

Som du ser så har eg ikkje quilta med beine streker. Eg har quilta fra hjørne til hjørne i dei radene som går i gultonar. Beine streker er ikkje heilt meg - eg er rett og slett ikkje nøysom nok. Og da passer det å fri seg litt fra det strenge, og gjere det meir organisk. Når eg hadde tatt desse følte eg at det kunne være greit å variere litt. Så i dei blå felta valgte eg bølger, bølgene er vatnet og det passer bra med blått. 

                                    

Etter eg var ferdig med dei blå felta gjekk eg over til dei lilla/magenta felta. Der valte eg å quilte pebbles, eller småstein. Eg liker den teknikken godt og den er også relativt lett å få til med min stil.


Som du ser så er ikkje sirklane like store, og av og til quilter eg dei litt større og av og til litt mindre. 
Etter dette kjente eg at eg var klar for større linjer, og eg tok fatt på grønnfargen. Det representerer treet. Og her i videoen viser eg korleis det går til. Elendig spolight, men eg deler no videoen lell. 


Og her ser du bildene av den resterande quiltinga; 



Og klart - heilt til sist - det endelige resultatet; 


Fell det i smak hos rette vedkommande så blir det nok ei julegåve under treet. 

Tusen takk for at du har fulgt meg - tusen takk for at du abonnerer på videoene. Ønsker deg ein deilig dag eller kveld kor no enn du er :-) 



søndag 4. desember 2016

Applikasjon og heksagons i adventstida


Herlige hegsagon fra Hoffma

Hoffman har laga noko veldig bra. Det er eit stort panel med 151 heksagons i ulike farger. Designet er det prikkete batikkstoffet som kan brukes som basis. Sjølve panelet er trykt og ikkje batikk, men det er batikkstoffet som er utgangspunktet. Linken til panelet finn du her; Heksagonpanel og fem meterspakker med Vliesofix finn du her; 5 meter vliesofix




Det eg har gjort er å styrke på vliesofix på baksida av det flotte Heksagonpanelet fra Hoffman. Så klipper eg ut alle, og da har eg eit flott utgangspunkt for fleire prosjekter. Kva dei skal bli veit eg enda ikkje men eg hadde ei fin stund i godstolen når eg klipte dei ut og eg gleder meg til ideene kjem på korleis eg skal bruke dei. 

Vel, så har eg også i helga sydd på eit lite applikasjonsbilde. Eg liker så godt å finne fram stoffer som passer til de ulike delene, og da er eg takknemlig for at eg har litt stoffer å velge blant. Her ser du nokre bilder fra prosessen. 

Her ser du bildet. Det er ei ørn som har fanga ein fisk, Det er seint på kveld for månen er komt opp. 

Eg pleier å quilte med ein rettsøm på frihandsquilting rett innafor sårkanten. Det gir ein fin effekt. 

Her ser du fisken som ørna har fanga. 

Og slik ser bildet ut når det er ferdig. Her får du linken til mønsteret; Dagens Fangst

Så har eg prøvd eit produkt i dag som eg har vore litt skeptisk til. Eg skulle ordne panelgardiner til stua. Det eg gjorde var å ta eit stoff - ca 2 meters lengde. Så delte eg det på langs i tre. Da hadde eg to lengder uten brett og ein med brett. Her ser du bildet; 
Eg opplever av og til at denne bretten kan være vanskelig å stryke ut. Så har eg fått inn eit produkt i butikken som heiter Flatter. Det er ein spray som fungerer som ein stivelsesspray. 
Det luktar godt og det fungerte kjempebra! Bretten var ute på ein stryking, og gardinene vart veldig fine. Her er linken til Flatter - Flatter

Litt meir om rydding og ting på fast plass finn du i youtube-videoen fra 4. desember 2016; 


God advent :-) 

Klem fra Desiree









torsdag 1. desember 2016

Ein ryddig yttergang

Som fleire av dåke veit så har eg gått både på Ryddig Hjem kurs og Feng Shui Living online kurs med Nina Wolther. Ho er ei fantastisk kvinne - så om du treng litt orden i livet ditt så kan eg varmt anbefale desse kursa.

Her er yttergangen vår. Det vil sei, den eine veggen, og når du kjem inn døra er denne veggen på venstre side. Vi fekk eit nytt liv når vi investerte i desse plast skapene fra IKEA. I dei skuffene har vi skoa til alle ungane, samt i dei tre til venstre, der har vi luer og votter og hodelykter og reflekser for alle. Og skjerf.

Eg har talt alle klea mine, og funne ut at eg har nok ca 80 klesplagg. Korleis er det mulig å ha kun eit par votter, to skjerf og to luer? Det er i alle fall mulig når eg veit nøyaktig kor dei er. Dei er i den midterste skuffa på venstre side. Når ting har faste plasser, så er det også mulig å ha færre ting, fordi du finn det du skal ha med ein gang. Dette frigjer masse tid til å gjere det ein eigentlig har lyst til.



Så nokre kosebilder av famileteppet vi har i yttergangen;



Veldig fornøyd med dette flotte teppet. Kan eg utfordre deg - kor mange klesplagg har du? Bruker du alle? Kunne du donert noko bort til nokon som treng det meir? Eller dei kan bli resirkulert til andre ting? Er det mulig for deg å tenke eit plagg inn, eit plagg ut?

Fin dag til deg :-)


søndag 30. oktober 2016

Gaver til menn - er det vanskelig?

Gaver til menn...

Eg er administrator i gruppa Lappemakerne på Facebook - ei herlig gruppe ev anbefaler varmt.

I alle fall. Ein dag så posta eg denne toalettmappa i gruppa og fekk respons på at den var så fin og at det var så vanskelig å finne på gaver til menn :-) Da fikk eg ideen, kva med ei manneutfordring?

Så utfordinga varte i fjorten dager. Ein skulle sy noko som kunne gis til ein mann og for kvar tiende som deltok trakk vi ein vinner. 110 deltok og 11 stykker får no tilsendt 20 cm stoff fra ti medquiltere. Så kjekt!

Og her skal du få sjå kva eg sydde - først kva som inspirerte meg;
Her er det brukt ganske store ruter - Og her er blogginnlegget der det kjem fra;


Eg måtte berre finne ut sjøl korleis eg gjorde det. LA ut firkanter utover og sydde sammen åtte ganger to i slengen. Holdt på å gi opp når eg var komt 2/3 uti, men eg holdt ut. Dette kjem eg til å be Berit Johansen Øverås quilte - eg skal ha på rammer, men no skal det få vente litt til eg finn dei rette rammestoffa. Eg vart i alle fall superfornøyd :-)




Stor klem til dere alle!

Desiree





torsdag 6. oktober 2016

Ut på tur med utstyret i orden :-)

Ja i dag er det torsdag 6. oktober og i morgon reiser eg på Vestlandstreffet.
Eg kan ikkje hugse sist eg var der - det har vore mange travle år der eg ikkje
har prioritert å reise - men i år kjente eg at no er det på tide og også at eg hadde kjempelyst til å dra :-)

I alle fall.

Veska mi, den er eit år gammal. Og eg har kjent på ei stund at eg hadde lyst på ny. I tillegg har det irritert meg lenge løysinga eg hadde med kortoppbevaring, og eg hadde også lyst til å sy ein ny korthaldar.

Som sagt så gjort. Først tok eg i ferd med veska. Eg ville bruke samme mønsteret som til forrige. Rett og slett fordi eg vil ha det enkelt - og det å sy vesker er ikkje min favorittsport. Så da gjer eg det enkelt. Eg brukte altså Ryum Quilt sitt mønster Veskekurven . Eg hadde ein pung fra tidligere - der eg tenkte å ha litt av kvart småtteri - og den var blågrønn i fargen. Så da ville eg ha veska også i desse fargane. Eg begynte med å pusle firkanter på H180 - H 200 kan også godt brukes.

Slik ser det då ut;
Eg skar firkantane 2,5 inch, og når eg da hadde fire i høgda og sju i bredda så vart dei akkurat passelige til størrelsen på veska. Desse strauk eg altså fast på H180 for da blir det litt stødig og det går som ein leik å sy dei sammen. Sjå her;
Den legg seg rett slik den skal så syr eg berre langs kanten. Du vil forstå når du prøver. Først tar du alle eine veien.  Vidare så bretter du motsatt vei. Da klipper du heilt inntil sømmen, slik at dei bretter seg fra kvarandre. Sjå her;
Så da er det berre å sy alle motsatt vei igjen.
Slik ser det då ut, og no er panelet klart når alt er sydd og strøket. Etter dette så fylte eg berre ut med striper til eg fekk ein firkant, så følger ein resten av mønsteret. Her kan du sjå resultatet;


Etter dette såg det ut som eit bombenedslag på syrommet. Så eg bestemte meg for at no fekk eg ta meg på tak og rydde. Så eg fekk ordna dei to arbeidsflatene som eg har. Etter rydding i 15 minutt såg det sånn ut;

Eg visste at neste dag, da skulle eg sy meg eit par ting til, før eg følte at eg var heilt reiseklar. Og i dag, så tok eg fatt på korthaldaren. Her sydde eg etter innfallsmetoden og logisk tenking. Kjempefornøyd! Har brukt ein metall lås som du finn her.


Det var jo berre å sette i gang. :-)



No er planen å sy eit trekk til IPaden min. Den er splitter ny - eg tok meg på tak og investerte - eg veit jo at mange av dåke bruker mykje IPad og eg vil jo ikkje være gammeldags heller :) Eg har ein mistanke om at når det trekket er ferdig så er der ikkje krefter att til å skrive blogginnlegg, så det får bli til ein annan gang å vise det fram.

Eg håper du har det bra der du er - stor klem fra Desiree

lørdag 24. september 2016

Annas Sminkepung og litt attåt

Hei!

Dette blogginnlegget skal handle om Annas Sminkepung, du får ein video om korleis ein syr i glidelåsen, dette med tillatelse fra AnnAKa. Du får også sjå litt kor langt eg er komt på neste teppeprosjekt og ellers litt betraktninger fra kva som skjer her i garden :-)

Vi bur i Klokkargarden, det er navnet på nabolaget vårt. Det kjem frå i gamle dager så hadde klokkaren sitt hus/husmannsplass/gardsbruk her. No er det altså eit byggefelt. Vi bur i enden av veien og vi trives godt med det. Det er ein månad sidan eg sist blogga, det har vore supertravelt. Eldstemann er flytta til Leeds, England for å studere SportsManagement og å spele fotball. Det merkast godt no at han er flytta på mange måter. Om ikkje lenge skal eg reise bort og besøke han og det gleder eg meg veldig til.

Eg held altså på med eit stort prosjekt. Eg har ein plan om å ta ein farge kvar dag, så får vi sjå kor lang eg kjem med det. Her ser du teppet og ellers har eg ferdig dei røde blokkene og skåre klar til dei oransje :-)

Bladet der mønsteret står har eg lånt av Sølvi Govasli Malm :-) Tusen takk - håper å kunne returnere om ikkje så lenge :-)

Så er det morgonens prosjekt.
Eg syr av dei lekre stoffa fra Acreage - dei finn du her; Acreage fra Moda

Det eg no gjer er at eg syr dei blå og rosa snapfirkantane - snap er ei pakke med 42 biter som måler 2,5 inch kvar - dei syr eg til ei grønn Kona Cotton stripe. Så skal eg ta dei andre og sy til ei blågrønn stripe som også passer perfekt i fargen. Her kan du sjå starten;

Eg har altså kutta ei stripe som måler det samme som snapkvadrata, 2,5 inch. Så legg eg dei på og syr fortløpande på stripa. Etterpå stryk eg og parar dei sammen til firerblokker. Slik ser dei da ut;
No skal eg sy dei sammen slik at eg får klart framstykket og bakstykket, og da er det klart til å sy i glidelåsen. Mønsteret på Annas Sminkepung finn du her; Annas Sminkepung

No er videoen klar - den ser du her; Hvordan sy i et glidelås

I videoen så påpeiker eg ein forskyvningsfeil - så etter eg hadde gjort ferdig glidelåsvideoen, spretta eg opp att.

Det er fort gjort å sprette opp att og korrigere, og etterpå er eg alltid så gla for at eg gjorde det. Det er først siste året eg er begynt med det og eg er veldig fornøyd.

Her ser du resultatet;
Eg likte så godt desse stoffene til Shannon Gillman Orr- og no skriv vi september 2016 så eg har dei nok ei stund framover i butikken. Eg har også brukt Kona Cotton med dei. Her ser du ein detalj, syklane e so søte!
Dette var altså med utgangspunkt i Annas Sminkepung;

Tusen takk for at du valgte å lese blogginnlegget - og treng du påfyll til hobbyen din så er du hjertelig velkommen! Klem fra Desiree










søndag 28. august 2016

Kom eg i mål?

Kjære deg som les dette. No er klokka 1512 og eg begynner å skrive på blogginnlegget 28. august det er altså ein søndag.

I dag har vi jobba fem timer i hagen. Det er sjelden eg gjer det, og det vises godt. Neste helg får vi besøk og dei har berre ein såååå fin hage. Vel, litt måtte vi gjere, og klart, etterpå så er det jo kjekt, og det er alltid kjekt å gjere noko saman med Inge.

Syrommet vart inntatt rundt halv to. No har eg quilta ferdig paraplyteppet mitt, klipt bort trådar og sett på lukkekant. Denne skal syast til for hand neste helg når vi har besøk. Så første mål for veka er i boks. No skal eg til på mål to, så får vi sjå kva klokka blir når eg fortset på innlegget. Her er kosebilda fra paraplyane.
Du ser, eg har frihandsquilta rundt paraplyane, og langs kantane har eg quilta med striper i litt ulike bredder. Ser du at eg har brukt slike kliper? Dei er så fine å ha til å halde lukkekanten på plass til eg skal sy den til. Her kan du finne dei i nettbutikken;KLIPER 
 
Dette er baksida, det bringer sååå gode minner. Nytt og reint på senga, det er eit så deilig barndomsminne. Da hadde mamma masse god energi og det var så deilig å legge seg i reine sengkle. 
Her er restane etter stoffa eg brukte. Canyon stoffa er så fine, og pr i dag har eg litt att i nettbutikken. Berre søk på Canyon i søkefeltet så kjem alle opp. Likte å ha dei her på norgesglasset - da kan eg nyte dei medan eg ikkje syr dei :-) Eg har kombinert dei med Kona Cotton som var perfekte til i fargen. Rein kosenytelsesrus! 
Åh - og her er heile teppet; 
Kjekt å kunne ta bilde av paraplyane meed sol på seg :-) 

Klokka er 1621. Eg er i havn med mål to. Det er regnbuestjernene som langsomt kjem nærmare ferdigstillelse. Eg har no sydd på lukkekanten, og denne skal også om ei veke bli sydd til for hand. Her ser du paletten eg brukte når eg laga lukkekanten, og ellers resten av teppet. Det er nydelig quilta av Anne Toppe Myrdal hos Quiltestallen. Nummeret hennar er; 932 53 233. :-) 


No vil poden ha maskina mi. Og eg skal til på Bohemian. Vel. Det er berre å hoppe i det! 

Vel. Klokka vart 1923. Og det var fleire ganger eg holdt på å gi opp. Prokastinere. Det er for meg når eg held på med noko eg har tenkt å gjere ferdig, og så kjem det opp merkelige grunner for å utsette det eg held på med. Eg er glad eg holdt ut. Og no er Bohemian ferdig. Eg synest eg har prestert bra denne veka, Dei to småprosjekta har eg ikkje begynt, på, men planen er å kose meg med dei i veka som kjem. No har eg to flotte lukkekantar til helga, Bohemian skal eg spørre Anne om ho vil quilte. 

Ei lita ryddeøkt på syrommet no, så blir det ei lita søndagskveldsvakt i butikken. Ein deilig følelse med det som eg har gjort. NEvnte eg det? HEhe. Her er i alle fall Bohemian; 


Og med litt landskap; 

For meg var dette teppet som å fullføre marathon. Og komme sist. Ikkje berre sist, men eg kom når alle hadde gått heim. Men eg fullførte. Med det meiner eg at her var det ein del som skulle stemme. Og dåke veit, noko petimeter er eg langt ifra. Eg er glad eg fullførte. Så fru Prokastinering - ho er no pensjonert, og som dåke veit. Pensjonistar har det med å gå igjen- kjem tilbake som vikarer og slikt. Eg skal gjere kva eg kan for å unngå det. Tusen takk Bohemian for at du gav meg sjangsen til å stå han ut.