tirsdag 24. april 2018

Lantau Peak og the giant Buddah.

Vi er på i Hong Kong og skal på varemesse. Klok av skade har vi lagt til nokre dager i turen slik at vi ikkje skal være i koma når vi møter leverandørene. Ikkje så klok av skade la vi ut på ein god krevande fjelltur ein av dei første dagane. Når eg skriv dette er det andre dag etter turen og beina mine lurer fælt på kva som gjorde at eg straffa den med denne turen. 

Ved godt mot før vi reiste fra hotellet. Det tok ca 1,5 time å reise til der fjellturen starta - fra vi gikk ut av hotellrommet. Her føles det som det var i nærheten - litt andre forhold her enn heime. 


Eg blir berre så facinert av høghusa. Desse er absolutt av den bedre kvaliteten - dei ser reine og fine ut. I denne delen av Hong Kong - Tung Chung - bur det 45000 menneske. Og dei bur primært i fem høgblokker - så mange naboer kan du sei. 

 Vi møtte på ei turgruppe med eldre menn - var litt spent på om dei skulle til same fjelltopp som oss, men kort tid etter vi tok dette bildet så gjekk dei ein annan veg. 

For det aller meste var det trapper som dette vi gikk i. Vi starta ved Pak Kung Au - tok bussen dit fra Tung Chung. Pak Kung Au ligg på 340 høgdemeter og fjellet vi skulle opp på låg på 934 meter over havet. For min del - det var krevande. Tidivis var det bedre å gå i stien ved sidan av da ein del av trinna var relativt høge. 

Her kan du sjå ein video fra veien opp - det var medan vi framleis hadde krefter til å ta bilder og filme; 



På toppen såg vi ingenting. Så da var det å gå videre til NGONG PING. Det skulle ta 1,5 time og eg trur vi brukte såpass. Og alt var trappetrinn nedover. For min del - det var knallhardt. Viljestyrken min fekk verkelig bryna seg. Det var jo liksom ikkje noko alternativ.
Så etter lang lang tid og skjelvande bein så kunne vi sjå Buddhaen i det fjerne; 

Den er heile 34 meter høg og laga i bronse. Eit fantastisk landemerke. 

Nesten framme kom til til nokre forfalne greier - det vil sei - ein gang i tida var det sikkert ein blomstrande business;  

Eit vagt minne dukka opp når vi såg dette - det vil sei - vi såg det etter det neste bildet du skal få sjå. 
Minnet var den gangen for fleire år sidan når eg gjekk på Caminoen i Frankrike. Den gangen var eg fint lite tilstades her og no - eg higa alltid etter noko lenger framme. Dette har eg nok framleis i meg, men det kjem seg dag for dag. I alle fall, ofte så hadde eg lyst på kaffi - og ofte såg eg skilt som dette. "Cafe lenger framme" 



Og ofte skjedde dette; 
Eg kom til eit totalt falleferdig hus som det var veldig lenge sidan nokon hadde laga kaffi i. Då vi kom ned frå fjellet - og var veldig slitne - så såg vi dette falleferdige og fråflytta huset. Veldig rart egentlig - der var fem seks hus som såg ut som dei var forlatt for mange år sidan. og det var rett ved ein stor turistattraksjon "Wisdom Path" - den ser du her;


Det var først då vi hadde gått forbi dei falleferdige husa at dei lekre skilta med Tea Garden Restaurant kom opp. Da angra eg på at eg ikkje tok fleire bilder av den "flotte" restauranten. Og minnene fra Frankrike kom tilbake. Om ikkje lenge skal eg og Inge gå to veker i Frankrike - da blir det fleire flotte bilder å sjå. 

Wisdom path var gigantiske trestammar som var slissa i to på langs og der var det skore inn ulike visdomsord. Flotte monument. Men vi var skjelvne i beina etter den 3 timers lange fjellturen og traska vidare til The Giant Buddah. Ein fantastisk gigantisk bronseskulptur som vi når vi kom ned fra fjellet og ut fra tåka kunne skimte i det fjerne; 

Men Buddahen altså --- og her på nært hald; 



Ein fantastisk opplevelse - og så var det å komme seg til hotellet - vi dvela ikkje så lenge her - vi var slitne og stinka fælt. 

Så vel tilbake på hotellet pimpa vi opp solsengene og slappa litt av; 


Det er noko eg alltid gjer når eg er ute og reiser - har med lappetepper så vi føler oss litt meir heime. Etter ein kort kvil så bar det ut att på middag med ei venninne. Kan ikkje sei anna enn at om du liker å reise så er Hong Kong ein fantastisk plass å besøke. Følg meg gjerne på Instagram for fleire oppdateringer. 

Og til sist - har du ikkje handla i butikken enda? I heile april trekker eg ut tre vinnere - ein får ei stoffpakke til ein verdi av 2500 kroner og to stykker får gavekort på 1000 kroner kvar. Legg inn ei bestilling og få sjangsen til å vinne du også; 


Lurer du på korleis du bestiller? Kategoriene hos Desiree




Du er hjertelig velkommen til ein hyggelig handel - alle bestillinger sendes ut fra 2. mai. 

Helsingar fra Desiree

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar