mandag 16. desember 2013

Isbadning og del 2 Bonnies

Ja, denne helga har vore innhaldsrik og god. Eg har fått sydd mykje på Bonnies Mysterie som eg er så begeistra for, og del 2 er no ferdig. Her kan du sjå mine Chevrons.

Det betyr at eg kan i kveld begynne på del 3 og det er eg veldig takknemlig for. Apropos takknemlighet. I går bada eg i fossen til Karina. Isbading er vel å ta hardt i då temperaturen i vatnet var 6 grader. Men det var snø på bakken og eg følte eg knuste ein barriere ved å gjere det. Heilt frå eg var liten, og pappa skulle gi meg ein lærepenge ved å halde meg uti elva i den strie straumen for å vise meg kor farlig elva var, så har eg vore livredd vatn. Nesten uansett temperatur - alt under 35 grader har vore kaldt og vanskelig. Vel, det var fram til 15. desember 2013. I heile haust sidan Karina begynte å legge ut bilder av bading i fossen klokka sju om morgonen, har der vore ein lengsel etter å klare å gjere det same. Laurdag la ho ut nokre aldeles vidunderlige bilder som du ser her;
Eg var ikkje i tvil. Denne sjangsen kunne eg ikkje la slippe fra meg. Så eg fekk med meg ei venninne og vi dro opp. Der møtte vi Karina og tre andre kvinner og en etter en hoppa vi ut i det friske vatnet. Eg bada til og med to ganger, etter ein omgang i badestampen og badstua. Tusen takk til dere alle som gjorde dette til ein herlig opplevelse. :-)
For de av dere som har lyst til å prøve det samme finner dere Karina Hetle Solheim på Facebook. Ho driver Fosseheimen Naturpark sammen med mannen. De har all slags aktiviteter gjennom året, så det er berre å ta kontakt og høyre om noko kan friste.
 

lørdag 14. desember 2013

Del 1 Bonnies Mysterie er ferdig :-)

Eg er ferdig med del 1 av mysteriet. Veldig kjekt og eg er litt letta også. Eg har jo sett fram til dette mysteriet i eit år, og når tida kom så var det slik at andre ting vart prioritert før dette. Er det mulig, lurer du kan hende, og ja det forstår eg heller ikkje. Men, no er no del 1 i boks, og eg har rydda syrommet klart til del 2 i morgon. Klem til deg der du er :-) Desiree

lørdag 7. desember 2013

Bonnies mysterie - skrider langsomt frem

Eg er takknemlig for mange ting i dag. Det første er at eg har bortimot ikkje trengt å tenke på å puste i dag, det har gått heilt av seg sjølv utan stans. Så er eg takknemlig for at vi har fått ny vaskemaskin i hus og for at vi har vaska fire eller fem maskiner med kle. Det er no bortimot tomt på vaskerommet. Eg er takknemlig for at vi er friske og fine, og at det har vore vannvittig med snø hos oss slik at ungane har kunna vore masse ute i snøen og leika. Eg er takknemlig for at eg ikkje er bitter og sur for at det einaste vi egentlig skulle i Førde i dag var å kjøpe toner til printeren, og det gløymde vi. Vi måtte le litt av det, og eg tek ein tur på mandag i staden. Kven veit kva som kan hende da? I alle fall. Innimellom har eg vore lange stunder på syrommet. Eg har sydd de oransje blokkene i del 1 i Bonnies Mysterie.

Videre har eg skåret alt som skal være til del to. 488 * 3 Og det er deilig. Resten av veka kjem eg til å putle på litt no og då, og satser på å være i mål til torsdag.
Håper du har det bra der du er. Klem fra Desiree

torsdag 5. desember 2013

Boks - mysterie og småtteri

Eg mangla eit etui til kameraet mitt, og slik vart denne boksen til. Den vart dobbelt så stor som nødvendig, men eg hadde det veldig kjekt når eg sydde den. Fekk ta i bruk den superstore knappen eg kjøpte i sommar i USA.

Her tenker eg no å ha litt twist oppi :-)


 Så lang er eg komt på Merete sitt mysterie. Er i mål og har kun att montering og quilting. Det har vore veldig kjekt å være med, tusen takk Merete :-) mreteveian.blogspot.no/

Nokre smågåver har det også blitt desse dagane. Kven som får dei vil tida vise :-)
Varm klem til dere alle!

lørdag 30. november 2013

Meretes Mysterie og Bonnie :-)

I dag har eg skåret alle stripene eg treng trur eg til Bonnie sitt mysterie. Eg mangler sjølvsagt linjalen som skal brukes, veeeeldig irriterande, men da får eg no sydd andre ting. Ein ting er sikkert, lite skal stå på timeplanen dei dagane etter linjalen er komen i hus. Her er stripene mine;
Eg har også sydd Del 2 på Meretes Symysterie. Det er berre så spennande og dagens oppgave var ein nytelse fra begynnelse til slutt. Her ser du kva eg har sydd;
Åh, ser det ikkje berre superfint ut! Her er linken til Merete sin blogg; http://mreteveian.blogspot.no/ No skal eg sy meg ei lita veske til det nye kameraet mitt, så blir det nok litt julegåveinnpakking og slikt. Varm klem til dere alle!

torsdag 28. november 2013

Meretes Mysterie

Torsdag sydde eg del ein i Meretes Mysterie. Veldig kjekt å være med på og Merete har ei lett forklaring å forstå når det gjeld kva ein skal gjere.
Eg er veldig fornøyd med stoffvalget mitt. Litt hummar og kanari.

Her er eit forslag på stoffer du kan bruke;


Linken til mysteriet finn du her; http://mreteveian.blogspot.no/



Ønsker deg ein deilig dag! Eg skal kose meg med Bonnies mysterie i ettermiddag. Ses i morgen :-)

Rester etter twister og et mysterie

Eg har i kveld sydd nokre mug rugs etter twisteren fra i går. Synest dei blei no rett lekre. Har også sydd to mug rugs som ber litt meir preg av rester, men eg liker dei godt.
Desse er fine til smågåver og oppmerksomheter.

Eg har også tenkt å sy Merete Veians julegåte. Eg har skåret ferdig stoffene, og tenkte meg i ferd med første steg torsdag. Blir du også med? http://mreteveian.blogspot.no/2013/11/julegaten-2013-del-1.html
Ønsker deg ein fin dag i juleførebuinga :-)

onsdag 27. november 2013

Julegåver ein tirsdagskveld

Eg er så heldig at kvar dag kan eg nyte nokre timar på syrommet mitt. Og denne tirsdagskvelden har eg sydd to julegåver. Den første er enda ei utgave av Twisteren. Eg har brukt Midi Twister - den kan du få kjøpt her; Midi Twister Og her ser du bildet; Kun ni firkanter sydd sammen med kant. Det går relativt fort, og eg kan love, dette er ein liten duk du lett klarer på ein kveld. Fortvil ikkje om du synest du har det travelt i julestria, nokre julegåver kan du framleis sy.
 Her ser du at eg har valgt fire like i hjørnene. Eg liker så godt stripestoffet med sølv i.

Eg har også lenge visst at eg skulle sy fem spisebrikker som skulle avgårde til USA til jul. I går tok eg meg på tak og satte i gang. Ho som skal få brikkene har valgt ut midtstoffet sjølv. Desse begynte eg på og gjorde ferdig i går. Dei var relativt raske å sy, og eg er veldig fornøyd med resultatet. Eg hadde i stoffene mine farger som passa hovedstoffet og bestemte meg for at dei skulle alle rekke til fem brikker. Eg brukte og av dei på baksida. Så når kvelden var omme var alt blitt slik eg ønska det. Her ser du bilder fra brikkene. Dette er ikkje stoff eg har i nettbutikken.



Så får vi sjå kva kvelden bringer. Eg skal i alle fall på konsert i Førde med koret Surround. Men litt søm både før og etter veit eg at det blir. Ønsker deg ein fin onsdag :-)

torsdag 21. november 2013

Mine rom for avslapping og kreativitet

Eg har lyst til å dele litt korleis eg har det når eg er på syrommet mitt. Det er malt
og møblert slik eg har lyst til å ha det. Videre endrer det seg litt etter kvart, og det siste er nok at no er alle stoffene inne på syrommet :-) Ja, eg har hatt nokre i ei hylle i tv stua, men det følte eg blei litt feil. Så no tok eg tak og rydda opp. Under ser du bilde av dei to liggande cd hyllene, der eg har ein del av stoffene. Tja, kan hende 1/4 del.

Eg har vore så heldig at eg har fått meg nytt strykejern, det er trådløst og det kan eg varmt anbefale. Eg har også rett og slett spikra fast strykebrettet på bordet, da er det der det skal være. Eg har ein del pausearbeid på gang. Med pausearbeid meiner eg ting eg syr på når eg ikkje har noko spesielt fore. Da veit eg at eg kan alltid gå på syrommet og slappe litt av, sjølv om eg ikkje heilt veit kva eg vil sy. Som regel poppar det opp ein ide medan eg sit og syr på eit slikt pause prosjekt. Her der første pauseprosjekt;

I denne boksen legg eg striper som er til overs når eg har sydd noko. Stripene kan være av ulik breidde. Så når eg har nokre striper så bygger eg på log cabin blokker. Eg trur ikkje der er så mange enda, kan hende 20 stk? Eg har ei lys side og ei mørk side. Ein dag er der sikkert nok til eit dobbelt sengeteppe :-)
Denne fine boksen kjøpte eg på loppemarked. Den over har det nok vore godteri fra tax freen på. Men i twist boksen - hah - det gjekk opp for meg no - der ligg det kvadrater som eg skal bruke i twister produkter. Kult ka :-) No sitter eg og smiler her. I alle fall. Der ligger det fine kvadrater (fordi eg klarte å skjære opp alt formange her tidligere) og de skal bli til fine små ting.
Videre. over ser du ein slik boks der det har vore kaffidrops i. Den er kjøpt på garasjesalg i USA. Der er det litt av kvart småtteri i, men det er det som er under boksen som er pause prosjektet. Av ein eller annan merkelig grunn så har eg så mange beige rester. Dei syr eg sammen til kvadrater som måler, tja, var det fire eller fem inch? Kva dei skal bli til, det veit eg ikkje. Men av og til syr eg no sammen nokre kvadrater.
 
Her ser du to små prosjekt. Det eine er rett og slett de søte bandet som skal pynte på ei Annas Sminkepunk. Eg har alt klart, så det er berre å sy. Ved siden av er ein print av nokre vidunderlige brikker som eg har lyst til å sy. No husker eg ikkje heilt kven som har sydd dei eg har printa. Men, fine er dei.
Denne kule boksen kjøpte eg på bruktbutikken i Førde. Tenk, dei solgte sild i slike bokser. I der har eg evighetsprosjektet mitt, bitte små biter som ein dag skal bli eit stort teppe.
Ja, no har du sett litt av mine prosjekter. Eg har jo Bonnie sitt som snart skal i gang, mindre enn to uker til. Eg håper du har høve til å kose deg like mykje med syinga som eg har. Varm klem til deg og deg og deg og deg!

tirsdag 19. november 2013

Chakrateppet - vel i havn :-)

Mitt Chakrateppe - er kommet i havn

Komt i havn, det er litt som å kvile det. Kvile etter ei lang reise - ei reise som inneheld mange minner. Nokre gode og andre dårlige. Men vi lyt ha begge deler for å verdsette det vi har. Eg ser i alle fall at med å akseptere at livet er som ei lett berg og dalbane, så har eg det så mykje bedre. Chakrateppet mitt er eit godt døme på at det kreative i meg lever sitt eige liv. I starten så flomma det over, og dei fem første delene var sydd på ein to tre føltes det som. Brått tok energien slutt, og det skulle gå over eit halvt år før eg kjente at no var det rett tid for den sjette delen, og da var det ikkje lenge før del sju også var på plass. Her ser du teppet i si heilhet;

Det heng på stasplassen i stova. I stova vår er det lov til å spele fotball, i alle fall så lenge eg ikkje vil ha litt fred og ro. Da får de ikkje lov. Så vil no tida vise om eg treng å henge det opp med sterkare oppheng. Eg har ein mistanke om at det vil dette ned om ikkje så lenge, der det heng på ei grein på ein sped spikar.

Eg synest det er så interessant det med Chakra, så eg har lyst til å fortelle litt om kvar del. Eg oppmuntrer deg til å Google det om du finn ut at du vil lære meir.

Den nederste delen er raud og representerer rot chakra. Om rotchakra finn eg mellom anna dette;
Rotchakra har med sikkerhet og trygghet å gjere - og da er det forbundet også med frykt. Dersom chakraet ikkje er i balanse kan ein føle seg utrygg og maktesløs. Det å jorde seg - stå i gresset eller lyngen med beina godt planta i bakken skal seiast å bringe balanse i rotchakraet.



Det andre chakraet er det sakrale chakraet og fargen er oransje.

Det sakrale chakraet har med sex å gjere. Begjær, tiltrekking, orgasme, fødsel - med andre ord - skapelse. Om du føler at du ikke er i kontakt med din egen seksualitet og sensualitet, så kan dette chakraet være i ubalanse. Har du bra sjølvtillig, du kjenner deg ønska og 100% verdt kjærlighet så er det eit teikn på at chakraet er i god energi og skinner som sola.

 
Det tredje chakraet er solar plexus. Det er der du kjenner det når det er som om du får ein knyttneve i magen. I solar plexus blir følelser bearbeida. Dersom du ønsker å fri deg fra gamle mønster så er det solar plexus ein jobber med. Fargen er gul.
 
Det fjerde chakraet er hjertechakraet. Det er grønt. Her sitter kjærligheten vår og evnen vår til å tilgi og ha medfølelse med andre. Fargen er grønn.


Det femte chakraet er hals chakraet og det har ein lys blå farge. Der sitter evnen vår til å uttrykke oss klart og tydelig.
Det sjette chakraet er tredje øye chakraet. Fargen er indigo og intuisjon er forbundet med dette chakraet.

Det sjuende chakraet er kronechakraet og fargen er fiolett. Her er rein bevissthet plassert.
 
Her ser du kor teppet heng i stova vår. Eg er kjempefornøyd og tilfreds. Håper du er inspirert til å sy noko som er kun fra deg, og dine egne kilder.

tirsdag 12. november 2013

Bakstykke til Bonnie Hunters Mysterie

Ja, eg må sei, det er ei stund sidan eg har gledd meg så til noko som dette mysteriet.
Eg har alle stoffene klare, og må sikkert supplere litt underveis. Men, målet mitt er å bruke av de stoffene eg har. Av og til får eg litt dårlig samvit av at eg har så mykje stoff som berre ligg der. Men når eg kan ta i ferd med eit slikt mysterie som dette, da er det bra at eg har litt å velge i. Dvs, eg har ikkje mykje å velge i, men eg har no litt.

I iveren etter å begynne har eg sydd ferdig store deler av bakstykket. Eg valgte stoffer i samme toner som fronten skal være i, kan hende litt meir innslag av haust. Eg er veldig fornøyd, og no kan eg berre slappe av til 29. november og sy på småtteri.

Ein fin dag ønsker eg deg!

lørdag 9. november 2013

Itty Bitty Pinwheel

Kjære medsøster :-)

Eg er berre sååå fornøgd med det eg har sydd denne veka. Eg hadde ein bunke med friske stoffer som målte 2,5 ganger 2,5 inch. Så hadde eg grått stoff, og så sydde eg dette;

Her har eg brukt linjalen fra mønsteret Itty Bitty Primitive Pinwheels.

Eg har no oversett mønsteret til norsk - klikk på linken så kjem du til mønsteret som også inneheld linjalen så du kan sy dette søte vesle bildet; Itty Bitty Primitive Pinwheels


Kos deg masse med symaskina i haustmørket :-) Klem fra Desiree

tirsdag 2. juli 2013

Bryllupsgave 2014

Ja du leste rett. Eg har ei kusine som skal gifte seg om eit år. Og sidan eg var gira på å sy eit sengeteppe, så kunne det ikkje passa bedre. Eg tok utgangspunkt i eit mønster eg såg hos ei venninne, og sette i gang. Litt rødt måtte det bli sidan det er eit giftemål. Denne gangen skal eg ta det med til USA og quilte det der, vi skal på ferie til venner der borte, så da får eg sjangsen til å kikke innom eit amerikansk quiltestudio. Her er toppen - eg er kjempefornøyd!

Ønsker deg ein deilig dag :-)
Klem fra Desiree

mandag 3. juni 2013

Buddhas farger

For ei tid tilbake sidan så etterspurte eg sanger til inspirasjon og i bytte skulle bidragsyterne få mug rugs. Sanger kom og mugrugs blei sydd, men nokre vart gløymt. Så møtte eg ho som hadde gitt meg sanger, og vi vart enige om at eg skulle sy mug rugsene i fargene fra buddhismen. Som sagt så gjort. Vel, så lett var det ikkje. Eg gnog faktisk på det i nokre veker før det i helga åpenbarte seg korleis eg skulle gjere det. Fem enkle mug rugs som rett og slett er einsfarga. Eg er veldig nøgd med resultatet og her kan du sjå korleis dei vart;



Varm klem til deg :-)

Desiree

tirsdag 28. mai 2013

Solar Plexus

Inspirasjon - det er berre så herlig å komme i kontakt med den boblande inspirerte kreativiteten. Eg var så heldig å møte fleire kvinner når eg var på innkjøpstur i USA, (kjøpte masse flotte stoffer til butikken) og i desse møtene kunne eg kjenne lengselen etter å komme heim til symaskina. Blant dei tinga som inspirerte meg var entusiasmen rundt moderne quilter. Så, eg har prøvd meg på ein moderne quilt etter eget hode. 
Eg har tatt utgangspunkt i en Cracker som du finn her. Det er ein pakke med 40 batikkbiter som alle måler 10 ganger 10 inch. Eg har no berre brukt ni biter, så enda er der mange att. Videre ville eg ha eit mønstrete stoff, og heldigvis hadde eg desse søte blomane på beige bakgrunn i sysakene mine. Ei god påminning om at det er ikkje så værst å ha eit lite lager, og at det er berre tull å "bruke opp" stoffene mine. Vel, her ser dere resultatet. 
Sidan dette er det tredje teppet i chakra serien, og eg er komen til gul, så vart det gult. Temaet er Solar Plexus, eit energifelt i mellomgolvet. Positivitet og god humor er eit av nøkkelorda her. Eg er primært i kontakt med optimisme, så det forklarer vel kvifor eg ikkje har heilt det store behovet for gult i kvardagen. Den energien er på plass allerede :-) I dag er det blå himmel og varmt - så da passer vel det flott med eit gult solar plexus teppe? 


Eg har quilta små sirklar i blokkene. Liker godt å quilte på denne måten. 


Jammen kom ikkje Mons også med på bildet. Han liker seg godt der han kan få være i sentrum :-) 
Håper innlegget er til inspirasjon og glede for deg der du er. Klem fra Desiree

lørdag 27. april 2013

So far so good :-)

Konfirmasjonen nærmar seg med stormskritt. Og, sidan vi hadde konfirmasjon i fjor, så kjenner eg meg litt erfaren :-) Så, denne gange er navnebrikkene klare i god tid. 45 stk er sydd, og det er i overkant av kor mange vi treng. No gjenstår berre å brodere på navna, og det blir ei kosestund på syrommet. 
Brikkene er nokre like og nokre ulike. Det blir nok slik at dei som er enkle går til mennene, og dei meir avanserte går til kvinnene. Tolk det slik du vil :-) 

Liker du stoffet med dei åpne franske vindauga og den rause blautkaka? Klikk her, så kjem du til stoffa. Eg har enda litt att av dette skjønne stoffet. Andre flotte lilla og rosa stoffer er også på plass. 


Åh, eit berg av navnelappar :-) eller bordkort. Ønsker deg ein fin kveld :-) Desiree