fredag 2. mars 2018

Varme tepper på rulletur

Av og til ser eg dei. Den eine er ein som har tatt seg tid til å rulle den andre ein tur. Av og til er den eine familie  -av og til ein som jobbar ved sjukeheimen. Som regel er den andre ein gammal mann eller ei gammal dame. Dei er gjerne godt kledd, for det er kaldt. Og dei har eit teppe på seg.

I januar skulle eg sy ferdig eit teppe som eg ikkje heilt visste kva eg skulle gjere med. Som alltid når eg skal quilte eit teppe så bruker eg limspray. Eg alternerer litt mellom KK100 og 505 men denne gangen vart det altså KK100. Du finn den i nettbutikken min under tilbehør, eller berre søk etter spray så finn du den. Her er sprayen.
Teppet er eit enkelt log cabin teppe i restestoffer i blått og grønt. Og eg valde å quilte det med bølgete striper med jamne mellomrom. Grønn og blå bomullstråd vart brukt. 

 Når eg quilter bruker eg alltid quiltehanskar. Også nyttar eg SupremeSlider. Det er ei silikonmatte som gjer at quilten glir lett på den flata eg har teppet på. Godt verktøy er halve jobben!
 Og hender det at eg skal fikse noko på ipaden eller mobilen medan eg syr? Ja, det gjer nok det. Så eg fann ut at om eg klipte av tuppane på tommel og peikefinger så vart det litt lettare.
I alle fall. Etterkvart vart teppet ferdig og eg vart svært fornøyd. Det gav meirsmak, og enda har eg meir att av grønt og blått som eg nytta i teppet. Eg veide teppet også og fann ut ca kor mykje stoff eg hadde brukt. Da er det så lett når eg fyller på - så eg ikkje riskierer å gå i manko på stoffer.
Og resultatet ser du her - måtte ta bilde den dagen eg spurte avdelingsleiaren ved gamleheimen om dei var interessert i slike tepper. Og ho sa - ja det var dei!

Og til sist så vil eg dele litt Kona Cotton inspirasjon. Dette nydelige teppet er sydd av Anna og bildestrømmen hennar finn du her; Annas nydelige Kona Cotton Quilt Du finn flickrstrømmen hennar under inspirasjon i margen. 

Fin dag til deg! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar