onsdag 15. november 2017

15. november - oppdrag rydding er avslutta - og kva er resultatet?

Altså - da er ryddinga over for denne gang. Eg må jo innrømme. Eg elsker å rydde - sortere og få ut det som treng ein ny heim på den eine og den andre måten, og også å sjå at ting forandre seg underveis. Her skal du få sjå litt kva som openbarte seg under ryddinga - eller kva som kom tydelig fram;

 Her ser du mønstrene mine. Det er ikkje så mange, nokre få bruker eg igjen og igjen. Her er også inspirasjonsbilder fra nettet printa ut. Eg tar vare på de heilt til teppet er ferdig så eg kan få kreditert inspirasjonskilda. Det skal seiast at eg kasta halvparten av det som var i bunken.

Eg har tre tepper som er klare til å bli quilta. Eg veit eg mangler ramme på det eine, og eg er framleis i tenkeboksen om eg skal ha ramme på plussteppet. Så desse blir liggande ei stund til. 


Eg har fått klipt ut alle julestjernernene. Og desse skulle eg gjerne gjort ferdig før jul. Så dette er ein eg har på gang absolutt. 

Det neste her er ein Work In Progress - altså WIP. Eg bruker det aldeles nydelige panelet med mange bilder på. Du finn det her; I villmarka
Eg tenker å sy type reste/log cabin rundt bildene og planen er å få eit stort teppe. Det kan hende det blir så stort at eg deler det i to tepper. Dette har ingen hast - så det blir eit innimellom prosjekt. 



Eg opna ei ekse som hadde mange småbiter i seg. Dei vart det til at eg sydde denne vesle duken av. 



Eg liker så godt denne formen for quilting. 

Så kva skjedde - eg fann denne utslitte gjenbruksposen. Eg har tatt vare på den for å bruke den som mal til å sy eit nytt. Det gjorde eg og vart så fornøyd at eg gav det til ei venninne som har lånt meg ei bok. Ho vart særs nøgd ho og :-) 



Ja - kva meir har skjedd? 


Måketeppet. Eg har kutta opp så mykje som eg kan - og dette blir liggande på vent til eg får inn att av eit stoff eg mangla. Eg elsker å sy i Kona Cotton stoffene - og dei har vore den store investeringa i haust. Eg kjem tilbake til det litt lenger ned. 

Siste ut av prosjekter - det er ein bunke med stoffer fra regn-serien eg har i butikken pr november 2017. Planen er å sy fleire tepper til strandsenger når vi skal til syden. Eg håper jo at vi kjem oss ned att fleire ganger. 

Og så - eg har telt opp alle stoffene mine. Jepp alle. Eller - ikkje de japansk vevde som ligger i kasser på loftet på uthuset. Men ellers alle. Her ser du bilder. 




Eg har sagt litt om det før. Eg ønsker ikkje å bruke opp stoffene. Eg ønsker å ha ein balanse i stoffene. Det betyr at ca like mykje som går ut, vil eg skal komme inn. Eg veit at når eg vil sy ting så er det kjekt å ha eit godt utvalg. Så da veit eg at eg har brukt ca ein meter sidan laurdag på den vesle duken og veska. Da kan eg tilføre ein meter denne veka. 

Så skal det seiast - eg har virkelig bygd meg opp eit flott utvalg i Kona Cotton stoffene i høst. Over tid - sidan alle skal vaskast før dei kjem inn på syrommet - så har eg fått inn heile 27! meter. Det kan høyrest mykje ut - men det er berre 4000 kroner, og det er også berre 1000 kroner pr måned.

Og eg veit at såpass må det være skal eg ha eit relativt utvalg. Totalt utenom Kona Cotton har eg 161 meter. det eg gjer - eg måler ikkje opp stoffene. Eg veit at 100 cm er ca 180 gram. Så det eg har gjort er at eg har veid alt sammen. 

Til sist - gjestesenga er igjen blitt ei gjesteseng; 


Nyoppredd - så det er berre å ta av sengeteppet - så er den klar. 

Det er så deilig med ei slik opprydding. Mykje er sendt avgårde til Elvahuset - bruktbutikken i Førde. Nokre skikkelige skattar som havna der.Over ser du filmen fra resultatet. 

Ønsker deg alt det beste :-) 

Klem fra Desiree





lørdag 11. november 2017

11. november 2017 Eit nytt kapittel er starta

Kjære leser!

Eg er blitt veldig inspirert av bloggeren Julie's Quilts and Costumes. Det vil sei det var Gunn Torild som gjorde meg oppmerksom på den - og ho hadde rett - det er ein super blogg.

Her er ein video om starten av dagen i dag - 0700 og det er framleis mørkt ute;



Det som inspirerte meg var tre ting -

1. ho held styr på kor mykje stoff ho bruker kvar veke

For min del så har eg lyst til at der skal være ein balanse i kor mykje stoff eg har på syrommet. Planen min no er å finne badevekta - veie alle stoffene - og eg veit at 100 cm er ca 180 gram. Videre vil eg at eg skal ha ca så mykje stoff på syrommet - men eg vil begrense meg til å handle for 1500 kroner pr måned. Sidan august har eg skaffa meg ei god samling med Kona Cotton  - er litt spent på kor mykje det er der. Eg vil at så mykje eg bruker - så mykje skal inn. Ca. Eg liker godt å sy av rester - så det eg gjer da er at eg rett og slett veier det ferdige produktet - og da veit eg kor mykje stoff eg har brukt. Det vil jo bli litt avskjær - men det gjer ikkje noko.

2. ho held styr på kor mykje tid ho brukar på å sy - på ein måte

Kvar dag prøver ho å sy 15 minutter. Og så held ho styr på da - har eg sydd minst 15 minutt i dag? La meg ta eit døme. Eg begynner i dag og dei neste sju dagane så syr eg minst 15 minutter i fem av dagane. Da kjem eg til på statusen min når eg poster noko quilterelatert å skrive 5/7. Og dei som forstår koden veit kva det betyr. Dette føler eg vil hjelpe meg til å prioritere det eg helst vil - å sy. Eg veit jo at eg har ein familie også og at eg vil være med dei - og av og til må eg ta meg sammen og tenke at her vil eg gjerne ha ein balanse.

3. ho syr med rester - det var så kjekt å sjå. Rester og rester fru blom - no har eg ikkje sett resteboksene henner - men uansett...

Det eg gjer er at eg har td ein boks med blå rester. Når den minker så kjøper eg ein 30-centimeter og den legg eg nederst i boksen. Neste gang eg syr med restene så kutter eg litt av den også. Slik vil boksen aldri bli tom og eg har ein balanse.

Så vart eg av ein eller annan grunn inspirert til å redusere igjen kor mange ting eg har på syrommet. Og eg tenkte at for kvar ting eg skal gjere så skal eg skrive det her. Så ser eg kor langt eg kjem.

1.

Denne løperen hang på benken eg har på syrommet. Når eg no snakker om benken er eg faktisk usikker på om eg skal framleis ha den der. Eg får sjå kva som skjer. I alle fall - løperen er ein sommerløper - og kvifor den heng her veit eg ikkje. Så eg skal vaske den og tørke den og stryke den og ha den i boksen der eg har alle sommertinga Eg gjer det slik at når påska er over - da tar eg vekk påsketingene og eg tar fram sommertingene. Løpere og diverse pynt. Vel - i maskina med den! 

2. Det neste er - ja litt pinlig? Eg hadde ein slik ide at om eg hadde eit stoffrør så kom eg til å rulle tingene eg sydde på det røret. Vel - no har det gått i alle fall eit halvt år - og røret har stått i kroken. så ned i papirbosset med det! Dvs - eg legg det utanfor døra - og når alarmen går at løperen er ferdig i maskina - da tar eg rullen med ned. 


3. Ein søt liten boks. 


Boksen meiner eg at eg har fått sjokolade i - eksklusiv sjokolade fra ein av fadderungane våre. Og inni - søtt avskjær etter ein twister eg har sydd for lenge lenge sidan. Dei måler 2,5 ganger 2,5 inch. Eg holdt nesten no på å begynne å sy noko av bitane - men eg tek og sorterer dei sirlig og har dei i resteboksane. Så eg kan fortsette på ryddinga. Den søte boksen skal eg gi til bruktbutikken - tenk for ein skatt å finne for den neste eigaren? Eg smiler ved tanken. - og når eg no skulle til å sortere så ombestemte eg meg att. Eg prøver meg på trip around the world - og kikker på julie sin blogg.


No har eg storkosa meg m ed å sy denne blokka. Det kjem nok ramme på og det blir ein liten duk. Ei julegåve til nokon som liker farger godt i desse eldtonane. Og så fekk eg rydda litt til; 

Putetrekket med bregneløvene skal eg gi til bruktbutikken. Og stoltrekket som dei to turkise tinga er - dei skal i sommarkassen. Ein kan jo lure på kva eg tenkte på når dei skulle ligge på benken på syrommet.
Eg har også plukka ut ein bunke med stoff som skal få ein ny heim. Brukbutikken er der eg leverer dei. Tenk så glade dei blir dei som finn desse og som liker desse fargane? 
Denne kassen har det vore mykje fram og tilbake med. Men denne gangen skal den ut. Eg har ikkje rørt den på i alle fall eit år. Den innheld mange ulike slags småtterier. Eg skal gå gjennom skuffene og sjekke at der ikkje er nokre tusenlapper (det er jo lov å håpe) og så skal den ut i bilen. Og det var så langt eg kom i ryddinga i dag. Eg skal sjå om eg får meg ei økt i morgon også. Og da har eg ein overraskelse til deg. Kva er i denne eska tru?
Eg må berre le - eg sperra augene opp - og så hugsa eg jo godt kva som skjedde. Sånt som skjer når eg er bittelitt bevisstlaus på ein måte og trur eg må planlegge langt fram for å ha nok prosjekt på gang.

OG her er videoen eg laga klokka 11 om det du har lest om no;



Ønsker deg alt godt - og du er velkommen til www.lappeteknikk.no når du måtte ønske. 

Desiree






lørdag 4. november 2017

Ein kattepus blir til - og om kreativitet

Av og til går eg i fella.

Eller - eg føler faktisk at eg gjer det daglig. Og når eg er årvåken nok så går det opp for meg at når eg har gått i fella så har eg ein mulighet til å gjere noko bra.

Så ei tilbakevendende felle er følgande;

Eg trur at det eg kan - det kan dei fleste. I dag fekk eg igjen bekrefta at slik er det nok ikkje. Hehe

Det var ikkje ei stor greie - eg skulle sy sammen to firkanter til to trekanter. Eller altså til to firkanter som da består av to trekanter. Ja, du skjønner kan hende? Og om ikkje så skal du no få sjå.

Dette er det fleire der ute som ikkje kan - og kan du det så kan du sjå deg i speilet i kveld og sei til deg sjølv - du er flink! Du kan sy sammen to firkanter - som så på mirakuløst vis blir til to firkanter som består av to trekanter :-) Good for you! :-)

Og for deg som ikkje aner kva eg snakker om? Her skal du sjå korleis eg gjer det;


Eg skal jo sy ei søt katteblokk. Du vil sjå den litt lenger nede. Og til denne blokka treng eg ein del firkanter som består av to trekanter. Firkantene blokka består av har eg valgt til å være 1,5 ganger 1,5 inch. Det betyr at når eg så skal lage meg firkanter som skal bestå av to trekanter så må dei være noko større. Eg valgte å lage dei av 2,5 inch firkanter og det er rikelig store nok. Så altså; 

Eit kvadrat i grått og eit i blått. Rette mot rette. Så tegner eg ein strek fra hjørne til hjørne. Så neste steg; 

Så syr eg på den eine sida. 

Og så syr eg på andre sida av streken. 
No ser den slik ut - så tek eg fram skjærekniven og så gjer eg dette; 

Og no er det berre å stryke dei ut og reinskjære dei - da blir dei sånn; 


Og her ser du korleis dei blir. Vil du sjå kva eg brukte dei til? Eg såg eit herlig bilde Linda Klysner hadde lagt ut i Lappemakerne. Og i dag har eg sydd ei blokk. 
Godt i gang. 



Og her er den heilt ferdig. Dette er den første blokka. Eg laga i denne forbindelse ein video om kreativitet - du finn den her; 





lørdag 2. september 2017

Regnbuens toalettmapper - ei lita reprise

Om du har fulgt bloggen min så vil du merke at dette er kjent stoff.

I mai i fjor sydde eg dei finaste toalettmappene eg nåken gang hadde sydd. Eg brukte mønsteret til AnnAKa som heiter Annas Sminkepung - og det kan du finne her.

Straks eg hadde gitt dei fra meg - det var til to skjønne jenter som skulle konfirmere seg - så visste eg at desse måtte eg sy enda ein gang - og da til meg sjølv. Vel, det skulle ta eit og eit halvt år. Eg har solgt mange regnbuepanel sidan den gang - og framleis har eg av dei i butikken. Det er kan hende ikkje heilt opplagt kva ein kan sy av eit slikt - men eg er i alle fall superfornøgd med valget mitt.

Her skal du få sjå litt bilder fra prosessen desse dagane;

Her ser du panelet. Det er altså firkanter av alle fargene i batikkserien 1895 fra Hoffman. Først prøvde eg korleis det var å skjære av ei stripe for å så sy den på. Det fann eg ut av unødig arbeid. Så eg bestemte meg for å ikkje fortsette med det.

Her ser du korleis eg da skar midt i mellom firkantane. 

Stripa til venstre er den eg skar laus - medan den til høgre der har eg berre bretta stoffet og sydd. 


Her ser du korleis det blir. Eg valgte altså å først sy på langs. 



Stripe på stripe på stripe. 

Her ser du korleis det blir når alle på tvers er sydd sammen. No skal eg kutte dei fra kvarandre og sy sammen så den kvite stripa forsvinn. 





Og da er det berre å sy dei sammen. Stryk dei slik at dei går kvar sin vei, da blir det ikkje så tjukt med sømmar. 

No har eg delt stykket i to, og sydd sammen den delen i dei varme tonane. Eg quilter med blank tråd, det er det fineste synest eg når det er så mange farger ellers. 


Her ser du den blå delen. Den er ei stripe mindre enn den røde, så da blir den toalettmappa også litt mindre. 


 Her ser du forskjellen på den blå delen og den rosa delen. Den rosa delen har fått på seg glidelås og er no klart til å bli sydd sammen.


Her er den blå - eg er superfornøyd! 


Og her er den rosa. Svært fornøgd med den også. Og desse skal ikkje ut av huset. Eg har prøvd å kjenne etter på kor mykje eg skulle hatt for dei om nokon ville kjøpe - og eg trur faktisk at eg ikkje hadde gått under 1000 kroner pr stk. Om nokon vil betale det er noko heilt anna. Men slik er det i alle fall for meg. 

Fekk du lyst på regnbuepanelet? Du finn det her; Regnbupanel

Håper dette innlegget inspirerer deg til å sy med farger. 

Klem fra Desiree