søndag 3. juni 2012

Kreativitet og flow

I dag har eg sydd noko som eg har tenkt lenge eg skulle sy. Av og til, eller heller ofte, kjem eg over små ordtak som eg tenker... ah,... det kunne eg sydd på eit eller anna. For ei tid tilbake snakka eg med ein kunde som fortalte at ho synest det var så kjekt å sy slike små bilder. For meg var det enda eit teikn på at.. det er jo berre å sette i gang.. Konfirmasjonen er over, og unnskyldningane eg har hatt for å ikkje sy dei, vel det var no slutt på dei. Og eg er veldig nøgd med det første bildet. Teksten seier, Everything that is alive has a soul. Eg synest det er ein fin tekst og tanke. At alt som lever, har ei sjel. Eg har hatt to skjorer utanfor huset som har spist på fuglematen. Først var det noko i meg som sa at eg skulle jage dei vekk, for det var småfuglane som skulle ha maten. Men så slo det meg. Kvifor i alle dagar er småfuglane meir verdt enn skjorene? Det er dei jo ikkje. Skjorene har også sjel. Og magesekk tydeligvis :-) og hunger. Og alt mulig som vi alle har. Vel, håper du finn glede i nuet - klem til deg fra meg :-)

søndag 15. april 2012

Batikkduk og jordbærduk

Eg er så heldig å eige ein Vitamix, men den setter litt stygge merker på kjøkkenbenken. No har mannen min ei tid etterlyst ei brikke eg kan ha under den, og den er no på plass. Synest den blei sommerlig og fin med jordbær og striper.









Batikkduken ferdig montert. Den vart ferdig i påska, difor appelsin og solbriller. :-)

søndag 8. april 2012

Kystløperen i ny drakt


Eg har i påskehelga sydd Kystløperen i nye stoffer. Eg vart no veldig fornøgd med resultatet. Mønsteret er å få kjøpt i nettbutikken fra i morgon av. Nyt kvelden!

lørdag 7. april 2012

Enkel sommerduk

Eg har i går sydd ein enkel sommerduk. Mønsteret fann eg i boka Last-Minute Patchwork and Quilted Gifts. Ei herlig bok som eg anbefaler varmt. Eg kikka på bildet med duken på og satte i gang. Sidan eg ikkje hadde energi til å sy ein duk som skulle quiltast, så var denne varianten midt i blinken for meg. Eg la sammen stoffer som eg ville bruke og sydde dei enkelt sammen. Kvar saum forsterka eg med å sy oppå som ei slags quilting.





På kvart hjørne sydde eg på ei bakside som eg kunne ha ein pose med grus i. Dette så duken ikkje flyr avgarde. Midt på sydde eg ein saum, du vil forstå kvifor om du prøver uten. Eg brukte ein tråd som ikkje viser altfor godt på framsida.















Eg likte den veldig godt, og har lyst til å gjere noko med stolputene så de passer til. Kan hende fleecetepper i friske farger kan gjere nytten? Det vil tida vise.










Her ser du kva utgangspunktet var. Eg vil påstå dette er ein enkel og litt rimeligare variant å sy ein lekker duk på. Ønsker deg ein deilig kveld! Klem fra Desiree

søndag 1. april 2012

Batikkduk klar til montering

Batikkduk klar til montering og Pio hjelper til. Han er ein stor skogskatt som veier 7 kg, så det er litt vanskelig å oversjå han. Her har det snødd i nesten heile dag, men med god temperatur så har snøen også smelta etterkvart. Butikken min er open heile påska, så det er berre å klikke seg inn på www.lappeteknikk.no om du har lyst på noko nytt. Håper du har en fin søndags ettermiddag :-)

søndag 25. mars 2012

Mi pute :-)


Eg var så utrulig heldig å komme over ein blogg som heiter Moda Bake Shop eller noko slikt. Der vart det vist ei steg for steg forklaring til korleis sy ei pute i striper. Så i helga har eg kosa meg med limegrønne og turkise stoffer og laga denne sommerputa. Linken til bloggen er her; http://www.modabakeshop.com/2012/03/hello-spring-strippy-pillow.html Og skulle du bli inspirert til å sy og mangler stoff? Da er du alltid hjertelig velkommen i nettbutikken min, www.lappeteknikk.no Ønsker deg et fint nu :-)

mandag 19. mars 2012

Påskebrikker


Ja, i dag har eg gjort klar nokre påskebrikker til quilting. Vi skal møtast fredag og ha avslutningsfest for ei kjær quiltevenninne som skal flytte. Så da tenker eg å quilte ferdig og ha på lukkekant på desse åtte brikkene. Eg aner ikkje kor eg fekk tak i hønsestoffet. Håper at dere har det bra. Klem fra Desiree