torsdag 8. desember 2011

Nytt sengeteppe i startgropa



Håper dere har ei god førjulstid. Førjulstida er ei tid der det kan være ei ekstra utfordring å være tilstades. Mange gjeremål og dagane fyk avgarde. Eg har komen i gang med det neste sengeteppet. Det skal være ei gåve til vener i Frankrike som kjem på besøk i sommar. Boka Modern Log Cabin Quilting fallt eg pladask for. Moderne og enkel lappeteknikk. Så da syr eg teppe på framsida, men eg syr det i grått og rødt. Så vil tida vise når det er ferdig. Varm klem til dere alle!

mandag 28. november 2011

Tvillingtepper

















Eg har ei venninne som venter tvillinger i desse dager. Eg har sydd to fri fantasi tepper til henne. Hun vet det blir en jente og en gutt, så friske farger til begge. Håper dere har det godt i adventstiden.

søndag 20. november 2011

Julegaver :-)



Her ser du resultatet av rufseteppene. Eg er veldig godt fornøyd. De skal gis bort i julegave og eg håper de havner på hytta deres. Det er i alle fall tanken bak fargene, litt jordfarger og natur som passer så fint i sofakroken på hytta. Eller når man ser på middnattssola på verandaen. Fleire prosjekter er på gang, godt å gjere det ein har lyst til i mørke kvelder. Varm klem til dere alle!

lørdag 15. oktober 2011

Inspirasjonshelg i Kinsarvik




Hei på dere :-) Ja, no sitter eg og slapper av i resepsjonen på hotellet i Kinsarvik. I løpet av dagen har eg sydd ferdig lukkekanten på dette resteteppet. Det er quilta av Quiltestallen. 21 syglade damer er samla på Hardangertun, og symaskinene har gått jevnt og trutt i hele dag. Alle syr på vidt forskjellige ting, og det er utrulig kjekt å sjå kreativiteten hos damene. Varm klem til nettopp deg! OBS Minner om Give Awayen hos Sydrøm; http://sydrom.blogspot.com/

søndag 9. oktober 2011

Mine høstlige engler



Siste innlegg i kveld. Dette har vore ei innhaldsrik helg med mykje saum. Øverst på ønskelista står nok fleire slike helger, og eg trur eg skal få til nokre i haust. På bildet ser du høstengleduken min. Opprinnelig er nok mønsteret meint til jul, men eg likte så godt septemberpakken i det japanske abonnementet at eg hadde lyst til å sy noko av det. Det betyr at pr i dag er fleire av stoffa å få kjøpt i nettbutikken. www. lappeteknikk.no Høstengleduken var ein WIP, som blei raskare ferdig enn eg tenkte, sidan eg såg nokre lekre kuvertbrikker på Anne-Grethe sin blogg. Eg har som sagt valgt varme toner, og blanding av japanske vevde stoffer og trykte stoffer. Høstferie står får døra, ein annan energi er i lufta, kven veit, kan hende eg får sydd litt i dagane som kjem? Åh, og før eg gløymer det. Eg såg eit nytt ord (for meg) på ein blogg i dag. WISP, som betyr Work In Slow Progress. Trur nok at mange av prosjekta mine er WIPSs. Ein varm klem til nettopp DEG!

lørdag 8. oktober 2011

Den vesle brikka



Her er den vesle brikka ferdig. Eg trur faktisk det blir ei lita julegåve. Blokka var tilovers fra andre prosjekt, og dermed låg den der i si uferdige prakt. Men, no er den ei brikke som kan ha ei skål med frukt eller lignande på seg. Neste er ein UFO. Ein UFO som er ein slik UFO som har blitt liggande ei stund, og eg skal no mote meg kraftig opp og gjere den ferdig. Det er ein løper, mønster etter AnnAKa. Trur den hette Vårløper. Vel, vi sjåast att om nokre timar. Klem klem!

WIP 7



Dette er eit familieteppe. Det har vore under arbeid i sju år :-) Det ser eg jo godt på tvillingene sine føtter som bare er nokre måneder gamle. I dag har eg quilta ei blokk og sortert og strøket stoffene som er i bruk i det. Og da er det over på neste lille prosjekt. Dette blir ei lita brikke, så enkle greier :-) Varm klem i det deilige lørdagsværet!

Mini Square Dance



Da er den første ufoen ferdig. Dette er vel heller ikkje strengt tatt ein ufo. Eg fekk bildet av ei venninne fra Holland. Den gangen hadde blokkene brun ramme og et slags svart paspartou på seg. Inni ei klipsramme. Så vart klipsramma knust og det har blitt liggende. Eg valgte no å ta bort den brune ramma og sette på mosaikk stoffet som ramme i steden. Da var det jammen bra at eg ikkje hadde brukt opp alle de turkise stoffene mine. Ei god påminning om at det er godt å ha litt stoff å velge i, og at det å sy opp stoffene sine bare er sprøyt :-)) Eg gir meg i kast med neste ufo med friskt mot! Dette er forresten ikkje ein ufo, men det skal bli ein kjøkkenduk til ei venninne. Det er rett og slett ein stoffpakke som ikkje er opna. Med mønster og det heile. Vi ses seinere :-))

mandag 3. oktober 2011

Tepper til Glede



Eg har altså da funne ut at eg skal sy nokre tepper til Tepper Til Glede. Det var kan hende på tide, men alt til si tid, og det er heilt greit at eg no er komen i gang. Her er det første teppet. Mønsteret fann eg i boka du ser midt på bildet. Jelly Babies. Eg brukte ikkje nokon Jelly Roll, men eg valgte å bruke opp limegrønne og blåturkise stoffer med litt anna innblanding. Quilta det sjølv, men det var ei utfordring. Det måler ca 120 cm ganger 150 cm. Eg er veldig fornøyd sjølv, og da skulle eg tru at det vil finne ein eigar som også er fornøyd. Varm klem til dere alle!

tirsdag 6. september 2011

To høstlige prosjekter ferdig :-)







Kjære leser! Eg håper at du har det bra. Husk å puste. Eg leste ein plass at når vi står opp om morgonen og er begynt å puste, da er allerede dagen en suksess. Eg har sydd ferdig de høstlige stjernene mine. Gaularmarknaden er over, og vi hadde ei aldeles herlig helg eg og Jofrid. Eg solgte ingenting, så no er alle julegavene i boks :-) Vi hadde laga til et bord hvor unger kunne perle, det var stor suksess. Vi hadde et bord der de kunne pusle, stor suksess det også. Mange trakk englekort, de var veldig fornøyde. Eg og Jofrid sydde ferdig ulike ting. Eg forberedte møtet i Førde Quiltelag 23. september med å skjære 200 beige og 200 brune firkanter. Vi skal sy noko som skal vrengast og som så blir trekanter, aner ikkje korleis, men eg tenker no å sy eit diiigert teppe. Hehe, så får vi no sjå da. Legger ved bilde av høststjernene, og også minneteppet etter Japanturen eg hadde i Janaur. Reiste med åtte lappedamer, ein tur som gav eit minne for livet! Klem til alle, og husk å puste!

fredag 26. august 2011

Sein fredagskveld med hauststjerner

Vel, eg kunne ikkje sjå nokre stjerner på himmelen. På vei heim fra kino, vi såg Hodejegerne som var veldig spennande, øsregna det. Og eg kjente etter, kor trøtt er eg egentlig? Er eg for trøtt til å sy dei to stjernene som manglar på seksten stjerner til teppet eg begynte på i går? Det er litt meg det. Å planlegge ein duk med seksten stjerner, og så når eg er ferdig med blokkene... kva??? berre fjorten stjerner? Argggghh... Og så ... .MÅ eg ha seksten? Kan eg jukse til med to firerblokker eller nierblokker? Så tek eg meg i nakken og seier. Klart det skal være seksten. Vel. No er det seksten. Og i morgon er det ein ny dag med fotball, og mugrugs er klare til å få lukkekant. Om det blir tid til dette teppet i morgonkveld er usikkert. Det vil jo tida vise. Eg trur ikkje eg skal legge noko planar foreløbig. Kos deg i kvelden, og gled nokon anten du er glad i dei eller ei :-)

torsdag 25. august 2011



Ein bunke stoff, ein ettermiddag og ein plan. Eg liker godt å planlegge. Da kan eg liksom drøyme litt om korleis ting blir. Som regel skjer det heilt andre ting enn kva eg drøymde om. Men, det kan bli vel så bra altså. Som i ettermiddag. Mannen min, altså han eg er gift med :-) hadde proklamert at nei, det blir ikkje tid til sopptur i dag, eg skal ditt og datt. Så da tenkte eg, jaja, da blir det symaskina da, og det er ikkje noko dårlig alternativ altså. Når han kom til gards(vi bur i eit hus med hage, men eg synest no til gards høyrest så flott ut) sa han at... dersom vi no kjappar oss litt så rekk vi sopptur likevel. Vel vel.. eg fekk begynt litt på planane mine, og så vart det sopptur. Så no er planen at i morgon, da veit du, da skal eg komme meg videre i høstprosjektet mitt. :-) I tillegg til at Hodejegerne er på kino, og det, det skal vi på :-) Varm klem!

søndag 21. august 2011

Hideaway i mål




















Her ser du teppet ferdig. Eg enda opp med å lage striper som var like breie som firkantene inni når eg skulle ha ramme. Videre blei bitene eg hadde for korte, sidan eg var litt ulur når eg laga firkantane til å ha inni. Men, da vart det slik at eg laga hjørneramme. Dvs at same stoffet går mot kvart sitt hjørne. Eg quilta det veldig enkelt med striper langs dei grønne stripene. Baksida er i stoffer fra samme serie. Eg liker det best når man kan kikke på baksida og ha eit behagelig synsinntrykk. No er det trening og badstu som står for tur. Ha ein fin søndagskveld :-)













lørdag 20. august 2011

Sykveld blei delvis filmkveld :-)

Ikkje så god kvalitet på bildet, skal få tak i fotoapparatet i morgon og ta nytt. Ang planen, så gjekk den delvis i vasken.
Ungane var ute og hadde gløymt å slå av tv en. Eg gjekk opp for å slå av, og der var det ein film på TV3 som heitte Bokklubben Jane Austen eller noko slikt. Eg sette meg ned og såg litt og dermed var det gjort. Eg hadde sett ein pizza i ovnen litt før (flinke meg med heimelaga bunn og greier :-)) så eg måtte springe opp og ned og sjå at den ikkje vart brent, og ville heller ikkje gå glipp av filmen. I reklamepausane sydde eg, og slik går no dagan. Smiler. Tenker på om eg skal sy på ei litt brei ramme, før eg monterer det. Og det tenker eg og litt på om eg skal gjere i morgon formiddag. Så får vi sjå då. Varm klem til alle sammen :-) PS, Jakob til venstre, Pio i midten og Johannes til høgre.

Laurdagssyslar :-)




Tre konsonantar på rad, er det reglar for det? Smiler, med overskrifta meiner eg i alle fall ting å gjere ein laurdags kveld. Klokka er berre fem, eg er nesten heime aleine, oppvasken er teken og eg skal kose meg ved symaskina. Her har det øsregna dei siste timane, og sola kjempar for å trenge gjennom med nokre solstråler. Eg tenner lys og set på litt musikk. Symaskina er klar og eg har ein plan :-) Hehe, nokon som kjenner seg att? Eg har kutta nokre bitar fra serien Hideaway, og tenker å sy striper mellom dei. Du ser eg har laga meg nokre reknestykker, og krysser fingrene for at skjølv om tala ikkje går heilt i hop, så skal to 30-centimetere rekke til alle bitene. Nokre av blokkene deler jo på stripa på ein måte. Vel, eg skal gå i gang, så får vi sjå kvar eg endar. Skal uansett oppdatere seinare i kveldinga når mannen er heime fra oppdraget sitt. Han er festkonduktør for første gang, og eg berre håper han kjem att strålande blid :-) Kos dykk!

mandag 15. august 2011

Mug Rugs i hopetall



Sommeren er over, og eg gleder meg til en høst med mørke kvelder ved symaskina. Te-lys som skal være tente, nye te-smaker skal prøves og alle ideene som eg har skal bli sydd. Her ser du nokre av mug rugene eg har sydd i sommer. De aller fleste fikk lukkekanten tilsydd mellom fotballkamper. En pausesport som varmt anbefales. Ha en deilig høst alle sammen!

fredag 29. juli 2011

Liten veske


Ja, her er det litt framdrift på ulike arenaer. Vi har planta noen tuer med stjålet blomster, de kommer fra veikanten hist og pist, så eg har ikkje så veldig dårlig samvittighet. Tuene er altså planta på taket vårt. Så får vi sjå om dei kjem seg. Har sydd ferdig ei lita veske. Handtakene har eg plukka av nokre handleposer. Synest det var litt kult :-) Ellers har eg sydd en haug med koppebrikker som venter på å bli lagt lukkekant til. No blir det ein liten pause fra min kant, men kjem tilbake. Da skal eg ta nokre bilder av alt som er ferdig. Håper du har fine dager fylt med omsorg og ettertanke. Varme klemmer til dere alle!

fredag 22. juli 2011

Kun Gud er feilfri :-)






Ordtaket i tittelen kjenner mange til. Blant kvinnene som syr lappeteknikk i Amish regionen, er dette eit ordtak som blir brukt også i lappeteknikkens verden. Eg er blitt fortalt for mange år siden at siden kun Gud er feilfri, så vever de inn en feil i teppene sine. Ofte må man lete godt for å finne den. Ser du feilen på bildet? Smiler, slik går det når eg skal skynde meg litt, og egentlig mentalt er ferdig med toalettmappa eg skal sy. Så får eg ein lærepenge da, når eg har klart å sy sammen feil. Det skjer i dei beste familiar har eg høyrt ;-)





Ellers har eg sydd sammen japanske vevde firkanter og Evening Mist firkanter. De måler 4 ganger 4 inch. Fikk nokre firkanter til overs, dei tenkte eg å bruke i baksida. Tenkte at dette kunne bli en stoffpakke i nettbutikken, så vi får sjå. Avsporinga fra planen om å sy mange små ting til marknaden er i alle fall i full gang.











mandag 18. juli 2011

Å rydde i rester


Å rydde i rester er noko eg liker godt. Og bra er det, så lenge eg syr lappeteknikk så vil det være ein aktivitet eg kjem til å halde på med no og då. I september skal eg og ei lappevenninne være med på Gaularmarknaden. For første gang (følest det i alle fall, og hukommelsen min er slik laga at eg husker ikkje alt lenger) skal eg være med med stand og selge ting eg har sydd. Eg drages mellom å "burde" bruke opp stoffene mine, og det å sy det som fell meg inn. Denne gangen har eg satt meg fore å rydde i restestoffene og søke å sy ting til marknaden av dei.

Vel vel, etter å ha starta å rydde fann eg ut at.. tja, eg kan jo begynne så smått på å sy eit sengeteppe også, gjerne i regnbue farger. Høyrer du logikken? Smiler, sy til marknad om seks veker, kombinert med å begynne å sy på eit sengeteppe? Som du skjøner er der fleire stemmer i hovudet mitt som kivast (les slost) om å bli høyrd og vil bestemme.

I alle fall. Dei fire innerste blokkene er klare. Eg trur eit slikt teppe har i alle fall 150 blokker. Og no tenkte eg å sy nokre mugrugs eller brikker av dei gule restene. Så får vi sjå kva det blir til. Sannsynligvis har eg ombestemt meg om fem minutter, men det gjer jo ingenting. Så lenge eg syr det eg har lyst til å sy :-)

Desiree på blogg :-)

Ja, da er eg på plass i blogglandia. Her blir det nok lett blanding av kva eg syr, kva eg planlegg å sy og litt butikkinformasjon.

Håper du vil finne bloggen inspirerende og at du dann og vann finner veien til butikken for å handle.

God sommerklem fra Desiree!