søndag 7. desember 2014

Å sy det eg har lyst til :-)

Eg er gla i å sy. Og eg liker godt å sy spontant. Spontant betyr at eg har få eller ingen planer og det som skjer det skjer. Eg har sydd eit lite veggbilde og har tatt utgangspunkt i småbiter på 1,5 ganger 2,5 inch. Sydd de sammen etter fargetoner og med svarte rammer rundt.

Enkel quilting med streker fra side til side.

For meg er det å kunne sy det eg vil veldig kjekt og eg er takknemlig for det. Bildet tenkte eg skulle henge i butikken til inspirasjon og glede. For meg er der ingen fasitsvar på kva som er rett og gale. Og eg blir så glad kvar gang eg ser at nokon har vore kreative og snudd litt på et mønster eller valgt egne fargekombinasjoner.

Eg har ei stemme i hodet mitt som seier - du burde sy noko av dei nye stoffa i butikken, og så ville du selge meir av dei. Av ein eller annan grunn har eg stor motstand mot dette. Kvifor veit eg ikkje. Eg kjøper jo kun stoff eg liker veldig godt, og som eg godt kunne tenke meg
 
å sy masse av. Så har eg jo litt stoffer i hyllene heime, det er rart kor dei har samla seg opp gjennom dei femten åra eg har sydd lappeteknikk. Eg har i alle fall bestemt meg for at eg skal sy så mange store tepper eg vil. Og eg trur jammen at eg har lyst til å begynne no på eit stort teppe. Det skal gå i rødt og beige. Og eg skal være streng med meg sjølv. Ikkje sei - åh, ikkje det, og ikkje det, og nei, ikkje det. Vel, eg skal gripe ein bunke og la det stå til. Så får vi sjå kor det går. Og her, her ser du det vesle veggbildet eg nett er ferdig med.

søndag 2. november 2014

Lykkehjulet

Livets lykkehjul. Ja, ofte føler eg det slik at no er det livets lykkehjul og det spinner rundt. Ikkje alle stader det stopper er eg like begeistra for, og andre stader skulle eg ønske varte evig. Men så er det slik, at av og til er ting trist og leit og av og til er ting veldig bra. For meg så er det egentlig slik eg vil ha det. Og eg kan akseptere at de tunge stundene er korte, og de gode lange :-) I livets lykkehjul er det meste opp til meg, og det er eg veldig takknemlig for. På Pinterest fann eg her ein dag eit bilde av ein lekker løper. Det gav meg inspirasjonen til å sjekke ut Dresden linjalen. Eg har jo solgt av den i butikken i alle år, og no i helga har eg altså leika meg med denne for første gang. Her ser du resultatet;
Eg gjorde det veldig enkelt. Eg sydde eit stripesett om gangen, og det viste seg at eg trengte ti stripesett og ti einsfarga. Eg har brukt stoffer i restekorga mi, og er tilfreds med at nesten alle er ulike. For meg ei god påminning om at eg ikkje skal "bruke opp" stoffene mine, men heller være takknemlig for det gode utvalget eg har. Og hugse å supplere med de eg bruker av.
Her ser du linjalen eg har brukt. Det er veldig enkelt. Eg berre brukte den som utgangspunkt, og når eg skulle sy sammen passa eg på at sømrommet var likt det som er prikkelinja på linjalen.
De løse trådene i midten har eg valgt å la være på. De er for meg ei påminning om livets vev, at der er tråder som er meint å skulle krysse kvarandre. Så er det opp til meg kva eg ynskjer å klippe av.
Sett fra navlebeskuelsens perspektiv kan det være lett å gløyme mangfaldet eg har i livet mitt. Men, eg har alltid mulighetar og det er opp til meg. Og fokus, det kan eg velge å være på det positive. Så kan ein sei, ja det er lett for deg når du har det godt. Og da kan eg sei - at kun den som har opplevd smerte - vil til fulle kunne være takknemlig for helbred :-)
 

tirsdag 26. august 2014

Har ikkje vi eit rom ved sidan av tv-stua som heiter "syrommet"?

Poden kom med dette utsagnet i helga og eg skjønte at no var det berre å legge inn årene. I heile sommar har eg hatt symaskina nede, enten inne på stovebordet når det har vore litt for mykje vind til å sy, eller ute i solsteiken under litt skugge. Den tid er no forbi. Og eg måtte tilstå at syrommet, det var jo eit bombenedslag. I heile sommar har eg berre lagt ifra meg ting, eller henta ting, og det har sakte men sikkert blitt meir og meir rotete. Så når eg satte i gang så sa eg til meg sjølv, eg rydder berre ein ting om gangen. Det går så fint. Denne lilla trådsnella skal til de andre lilla trådsnellene, denne blå stoffbiten skal i kassen med de andre blå stoffbitene, og slik gikk no det .. samstundes i naborommet var det laber stemning, sidan gutane såg Liverpool spele kamp, og så snakker vi ikkje meir om det. Vel, her er resultatet etter en times rydding og støvsuging;

Og så vil eg no gjerne vise dei to siste tinga eg har sydd. Det er to tepper som eg no har sendt inn til quilting. Vi er så heldige at vi skal på cruise i september - og eg tenkte at det ville være fint om vi hadde kvar sitt teppe til å ha på solsenga. Og her er dei;

 
EG håper eg ser deg i nettbutikken - eg har fått inn mange flotte julestoffer, og også andre lekre saker. www.lappeteknikk.no

tirsdag 24. juni 2014

Koseteppe på Nordkalotten :-)

I ferien skal vi ut på tur og kjøre rundt 5000 kilometer. Ah, det blir så kjekt å sitte time etter time etter time i bilen, og speide ut på den flotte naturen vi har i Nord-Skandinavia. Og eg veit at å ha puter og tepper på ein slik tur er lurt, og det er jo også ein supergod grunn til å sy eit nytt teppe. Å ha med noko ny-sydd på tur bringer lukke. Da har eg kosa meg veldig med førebuinga og drømt om kor kjekt det blir. Så kva har eg sydd? Eit deilig flanellsteppe. Eg har nokre elegante flanellstoff i butikken som har ropt på meg; Desiree! Desiree! Vi skal være med i eit slikt deilig teppe - når har du tenkt å ta oss med heim???! Vel, no har eg gjort det. Her ser du resultatet;
Eg må sei eg er kjempefornøyd. Og no skal eg forklare korleis eg gjorde det. Av kvar 30-centimeter fekk eg 14 biter som målte 15 ganger 15 cm, eller 6 ganger 6 inch. Eg tok ein 30-centimeter av kvar i serien eg har kalla VinterFlanell. Og da vart det totalt 294 firkanter. Eg har brukt 288 i teppet. Eg tok rett og slett og sydde eit kors over to kvadrat som låg range mot range. Veldig lett. Lettare kan det ikkej bli. Nei, eg brukte ikkje noko vatt inni. Da veit eg at teppet vil bli så tungt. Når eg så hadde sydd eit kors sydde eg lappane sammen slik at sårkanten kom ut alle på ei side. Her er eit bilde;
Etterkvart som no teppet blir vaska vil kantane rufse seg sakte men sikker til. Eg gjer det ikkje i forkant, men lar det være som det er. Eg veit det vil bli mykje brukt, og det vil bli finare og finare med tida. Og korleis vasker ein eit slikt teppe? Jo, du syr det inn i eit gammalt dynetrekk. Dette er så ikkje dei små trådane set seg fast i maskina. Så kan du gjerne tørketromle det, da tar du det ut av dynetrekket. Skulle det sitte masse tråder fast rundt på teppet fjerner du desse enkelt med ei taperulle. Så, om du no vil sy eit slikt superenkelt teppe så treng du 20 30-centimeter biter. Da blir teppet 160 ganger 160 cm. Og det gløymde eg, det einaste du treng i tillegg er to trådsneller. Det rekker til heile teppet. Ønsker deg ein deilig dag :-)

mandag 16. juni 2014

Eg går slavisk til verks - heilt til eg kjem på noko anna :-)

No er eg i gang med to tepper. Eg skal sy dei paralellt. Det eine kan eg ikkje fortelle så mykje om. Eg tester ut ein ny linjal, og nye linjaler er jo så kjekke. Eg skal komme tilbake til den når eg veit litt meir. I alle fall så er det slik at eg treng striper på 3,5 og 5,5 inch til den. Og da blir det litt rester når eg har brukt det eg treng til dei blokkene. Desse restane skjer eg i 1,5 inch strimler, og dei blir til eit stort Log Cabin teppe. Eg skal gjere eit djupt dykk i dei lilla og grå stoffene mine. Restekurvene skal til pers og målet er å med god samvittighet kjøpe masse flotte lilla og grå stoffer, både når eg får inn nyheter i butikken, og også når eg skal på ferie i sommer. Det er så deilig å kjøpe stoffer som har plass i hylla når eg kjem heim. Her er glimt fra begynnelsen på Log Cabinteppet. Midtblokkene er 3 ganger 3 inch. Eg skal sy 144 til sammen tenkte eg.

Eg har også endelig slått meg til ro med at eg har berre akkurat nok stoffer, og at å sy for å bruke opp, det er eg ferdig med. og rart med det, når eg har skrudd over på å sy alt eg har lyst til, så blir stoffene mine meir attraktive også. Eg hadde besøk av Sissel Byberg forrige veke, ho gav meg flotte stoffer i jordblå toner. Eg har ein annan linjal også som eg skal teste ut, og tipper på det blir sengeteppe av de blå eg fikk + brune og beige stoffer. :-) Ønsker deg ein deilig dag!

søndag 13. april 2014

Oppgjerets time!

Ja, no er eg endelig her. Eg har ofte lurt på om dette øyeblikket ville komme. Og eg kan fortelle - det er deilig. Altfor lenge har eg hatt ein følelse av at eg hadde "for mykje" stoff. Og ei stemme i hodet mitt som sa "du bør bruke opp" stoffene dine. Vel, så har eg ei tid sydd store tepper. Så har eg ei tid brukt stoffene til bakstykker. Slike stoffer som er av vesentlig storleik og som difor er praktiske for bakstykker. Vel, det siste teppet, som eg no skal til å quilte. Når eg fann fram stoffene til baksida skjønte eg. Eg har faktisk ikkje for mange stoffer. Og eg tenkte på kundane mine som får ekstrameter når de handler for over 700 kroner. Kor praktisk er ikkje det? Å få ein heil meter som er super til bakside rett i fanget? Ja, det kunne eg tenke meg. For no har eg ikkje noko stoff å ofre lenger til bakstykker. Eg har faktisk akkuratt passe med stoffer. Kan hende litt overflod, men passe slik at eg kan når eg har lyst til det kjøpe stoffer og supplere til de eg har. Det er så kjekt å plukke eit stoff fra de eg har, ta de som passer til og så sjå, aha - eg trur jammen eg skal kjøpe meg seks sju rosa stoffer eg og supplere til samlinga mi. Og vite at når dei kjem i hus, så er eg takknemlig for at eg har eit så godt utvalg blant stoffene mine, nesten så eg kan sjå et hvilket som helst prosjekt og sy det, og komme unna med ei mindre investering. Gleden i å bruke de lekre stoffene eg har i hylla mi, samtidig som eg kan kose meg med nye.

Eg har akkurat passe med stoffer. Og når eg kikker meg rundt, så mangler eg litt av kvart ,og det er ein deilig følelse. Spesielt når eg tenker på alle de lekre stoffene eg har i butikken, og som berre venter på å komme heim til nye venner. :-) Eg legger ved bilder fra syrommet mitt, så du ser kva som er passe mengde for meg :-) Ah, eg har så lyst til å sy mange fine gaver som eg kan nyte å gi bort i løpet av året. Også blir det gaver til jul, og eg skal finne meg ein fin kasse som eg skal samle desse i.

Og de to første gavene er desse;
Er dei ikkje tøffe?
Og her er bildene fra syrommet - du har kan hende sett de før - her er de igjen. Og min persepsjon er no perfekt - eg har akkurat så mange som eg trenger, og eg gleder meg til å supplere med lekre stoffer som vil løfte både de gamle og nye.






Ah, og etter eg har quilta mitt nylige teppe, så blir det å begynne på nye spennande prosjekter. Trur faktisk det blir eit teppet til å ha under juletreet. Eg kjøpte lilla og turkise julekuler i usa, så det blir nok utgangspunktet for teppet :-)

mandag 24. mars 2014

Fargerike

Eg er blitt så begeistra for Zig Zag. Det er eit engelsk uttrykk for sikk sakk. Og når eg skriv dette går det opp for meg at eg syr mykje meir enn kva eg fortel om her. Har du lyst til å sjå alt eg syr, og kikke på dette så er det kjekt om du vil bli venner med meg på Facebook. Du finn meg under Åsta Martine Helena Desiree. Send gjerne ei melding i forkant av forespørselen om kvar du fann meg.

I alle fall. Dette er det andre Zig Zag teppet eg syr. Det første var i serien Road 15 fra Moda. Det ser du her;

Det gjekk ikkje lang tid før dette var i boks, vel, eg trur det var underveis med dette, at eg kjente at dette må eg også sy i regnbuens farger med kvitt. Det var det som var utgangspunktet for inspirasjonen, og det var eit bilde eg fann på Pinterest. Vel, no har eg sydd det i det, om enn ikkje i regnbuens rekkefølge, men eg er kjempefornøyd. Her er resultatet;
Mange krabbetepper er klare til å bli sydd, så syr eg litt anna innimellom. Dette passer kan hende best på veggen på eit barnerom. Ønsker deg ein fin dag :-)

onsdag 5. mars 2014

What does the fox say?

Ja, reveteppet mitt er ferdig. Dette er eit veldig enkelt teppe å sy, mest fordi blokkene blir quilta ferdig underveis. Når eg så har blokkene klare med vatt og bakstykke, syr eg dei sammen slik at sårkanten vender mot rettsida. Og når den vender mot rettsida, og alt er sammensydd, da er det eg klipper med 1 cm mellomrom, nesten heilt inntil sømmen. Så er det å sy det inn i eit dynetrekk. Dette så det ikkje skal tette att vaskemaskina. Og så vasker eg det, og så tørketromler eg det tørt. Eg var så heldig å få låne tørketrommel av ei venninne. Til sist bruker eg ein tape og fjerner alle små trådstumper. Eg er no ellers veldig nøgd med resultatet. Og masse deilig flanell finn du i nettbutikken.

torsdag 27. februar 2014

Revens koseteppe

Ja, eg er i gang med kose/krabbeteppe nummer to. For meg er det slik at når eg syr på ein ting, så former det seg i hodet kva det neste eg skal sy er. Og reveteppet var med meg heile forrige helg, og da er det deilig å få det ut i virkeligheten. Eg kjem til å sy dette teppet i rufseteknikk, og krysser fingrene for at eg finn nokon med tørketrommel slik at eg får rufsa det opp. Eg er ferdig med blokkene, de er quilta. Så skal eg lage ein smal strimmel med beige rundt ytterkanten og til sist ei breiare med brun. Ah, det kjem til å bli kjempefint! Har du ikkje sydd i flaneller før, er det berre å kaste seg ut i det!


søndag 23. februar 2014

Vårens første krabbeteppe

I helga har eg kosa meg blant flanellene mine. Her ser du utgangspunktet.

Eg visste at eg ville bruke Nemo stoffet som utgangspunkt, og så supplere med de eg ellers har å velge i. I kurven til venstre ser du kun resteflaneller og eg liker så godt å sy sammen resteblokker. Så til teppet eg no har sydd brukte eg 23 resteblokker, og det vises nesten ikkje på kurven. Ellers har eg brukt ca 1,3 meter med flanell til toppen. Eg brukte ullvatt inni og det blei svært mjukt og deilig. Det kan eg varmt anbefale. Her er resultatet;


Ingen av stoffene eg har brukt har eg hatt meir enn 30 cm av. Eg synest det gjer det mykje lettare når eg skal til å sy heime, at eg ikkje er avhengig av større bredder. Flanell er kjekt å sy i, så om du ikkje har prøvd før så er det berre å kaste seg ut i det!
 

torsdag 30. januar 2014

Kjærlighetssorg og frisk pust

Når Bonnies teppe var ferdig søndag var eg ikkje sein med å hive meg rundt og sy et twisterteppe. Dvs eit veggbilde er det vel egentlig. Planene var store, eg skulle sy av de nye kjærlighetsstoffene, og det skulle bli eit vidunderlig bilde. Vel, som du ser så vart nok de lyseste rosa i lyseste laget. Og ein litt uheldig innblanding av grått. Bildet er fint, men det stemte ikkje overens med bildet eg hadde i hodet. Og da passa det perfekt med navnet Kjærlighetssorg;

Ein kan jo sjå at ja, dette var eit hjerte ein gang, men det har nok gått litt i stykker. Og inni hjertet der ser det litt svart ut. Eg har sjølv vore gjennom dette nokre ganger oppigjennom åra, heilt til eg skjønte at det var egentlig kun en person som kunne sørge for at mitt hjerte var heilt og fint - og det er meg sjølv. Og den dagen eg forsto det - og kunne gi slipp på at andre skulle oppføre seg på ein bestemt måte for at eg har det bra, det var ein veldig fin dag. Og det hjertet - det ser slik ut;
Det har ulike nyanser av kjærlighet i seg. Som varm kjærlighet - omsorg - omtanke - medfølelse og varme klemmer - gode tekopper - sitte rundt bålet - hjelpe hverandre - støtte kvarandre - rom for at vi er ulike.
Stoffene som inspirerte til å sy bildene er desse;

Når desse to bilda var ferdige var det lett å finne den øverste UFOen i kassen. Ei lita brikke som kun trengte quilting og lukkekant. Eg trur nok den kjem til å bli ei gåve til nokon om ikkje så lenge.



Eg håper liker så godt å sy, og gleder meg alltid til å gå på syrommet. I alle fall no når Bonnieteppet er ferdig. I ettermiddag er det ein ny ufo som skal til pers. Den får nok selskap i morgon ved sidan av brikka. Den går i lime og turkis om eg ikkje hugsar feil. Ha ein deilig dag i kjærlighetens navn! :-)

søndag 26. januar 2014

Bonnie - i mål

Ja, i dag vil eg sei meg bortimot ferdig med Bonnies Mysterie. Det har vore ein lærerik prosess for meg, og eg er stolt over at eg har gjort ferdig teppet. Savnet etter små ting å sy har vore stort og eg gler meg til å kunne sy mindre ting framover. Eit av måla med å sy teppet var å skrumpe stofflageret mitt heime litt, og det har det i alle fall gjort. Bakstykket eg sydde før jul er altfor lite, så der må eg skjøte på på alle sidene. Der kjem eg nok til å hugge hardt inn i de beige stoffene eg har att, og det er heilt ok. I butikken er der så mange flotte beige stoffer, og det skal bli deilig å kunne kjøpe noen biter med god samvittighet.  Eg har gjort kanten annleis enn kva ho har forklart, og det er heilt greit. Kva det blir med quilting veit eg enda ikkje, men eg kjem i alle fall til å sette det bort. Her ser du teppet;
Øverst på lista over å sy etter bakstykket er ferdig er ei lita gardin til eit skap på badet oppe. Det er egentlig heilt ferdig, mangler berre ein liten kant. Så deilig å kunne sette seg ved maskina ein time eller to og ha noko ferdig. Ah, det ser eg fram til. Ha ein fin dag der ute i den flotte verden vi lever i :-)

lørdag 18. januar 2014

Ei gåve er klar - fin til påske

Eg har sydd ferdig ein flott løper som er fin til påske. Eg tenker å gi den til ei venninne som dukka opp ut av intet og har gjort til at eg har overvunne frykten min for å bade i kaldt vatn. Eller for å bade generelt.

Mønsteret til den lekre løperen finn du her; http://mreteveian.blogspot.no/2013/12/julegaten-2013-del-3.html 
Eg syr fortsatt på Bonnies Mysterie, eit lite steg kvar dag, og til sist er eg nok klar. Eg er så heldig å ha andre mysteriesyere som støtter meg, og det kjennest godt. Ønsker dere alle ein deilig dag!

mandag 13. januar 2014

Ei gåve og ein ufo - to fluer i en smekk :-)

Eg er kjempeflink til å legge store planer som eg ikkje alltid følger. Der og da er den super, og ikkje lenge etter så endrer behovene mine seg, så forandrer planen seg. Eg kunne godt tenke meg å sy ein ufo i veka til dei er alle sydd. Men, eg veit veldig godt, slik blir det ikkje. Men, eg har eit godt auge til dei, så ser eg kva som skjer. Fordelen med ei UFO korg, er jo at skulle ein bursdag brått oppstå, så har eg noko eg kan lage ferdig relativt raskt, og som likevel er ei god solid gåve.
Så, her er ein ufo som eg fann og som no er blitt ei gåve;


Pio, han sjekker alltid ut det eg har sydd. Eg veit kva som gjorde at eg ikkje gjorde denne ferdig med ein gang. Eg var ikkje heilt nøgd med flyten i duken, men eg veit at ho som får den i gåve simpelthen elsker desse fargene. Så eg er trygg på at den vil få ein god heim. Ha ein fin mandag :-) Klem fra Desiree

fredag 10. januar 2014

Avslutning ryddesjau

Leste du blogginnlegget om rydding i stoffene? Vel, eg har også no rydda i ting og tang. Her ser du starten;

Det er ein lett blanding av alt mulig som ikkje er stoff. Litt tilbehør, litt bøker og litt mønster og litt anna. Her er litt av sorteringa;

Eg er veldig glad i små kurver, små aluminiumsbokser og ellers anna småtteri. Ikkje spør meg kvifor eg har fem måleband, eller tre markører :-) Midt på bildet ser du plastposer. Eg har lyst til å sy meg nokre handlenett som består av plastposer som er bretta. Heilt korleis det skal foregå veit eg ikkje, men eg samler no på poser som eg bretter sammen og så syr til ei stripe.
Over ser du ein liten bunke med mønster. Eg har ikkje så mange mønster, men i denne bunken er der enten nokre mønster eg bruker om att og om att, eller der er mønster på ting eg har lyst til å sy. Det øverste er jo Sommerugler av June, det sydde eg i adventsfarger før jul, og vart veldig fornøyd. Det mangler i alle fall ikkje på utgangspunkt for timer på syrommet :-) Videre...
Her heime har eg berre nokre få bøker. Dei fleste står i ei hylle i butikken. Av og til kjem det kunder innom som spør etter spesifikke ting, og da er det kjekt å kunne slå opp i dei og finne ut av ting. Eg har nok ein plan å selge dei ut, da eg ikkje treng å ha ståande noko som andre vil ha stor glede av.
Denne hylla har eg lyst til å få skrudd opp på veggen. Der har eg litt av kvart småtteri sortert etter farge. Eg trur den er i si tid kjøpt på Ikea. Oppå den ligg nokre pakker med charms og anna søtt som kan bli til fine ting. Videre...
Dette skapet trur eg eg har vist fram før. No har eg bytta ut innhaldet med vatt (eg har også ein kasse med ein stor bit bomullsvatt som eg klipper av etterkvart som eg treng det). I den røde kurven er der glidelåser, i den ved siden av er det vesketilbehør og i den som står 60 på hugsar eg ikkje kva som er oppi :-) Og til sist, den store store overraskelsen...
Dei to boksane med julekuler er rett og slett utgangspunktet for eit juletreteppe eg har lyst til å sy. Det skal gå i lilla, turkis og ein farge til. Vel, i stålkurven. Ja, kva er det der? UFO-er. Rart med det når ein rydder, da dukker all slags opp. Eg hadde jo helst håpa på konvolutter med penger eller slikt, men neida. Rundt ti ufoer og eg trur faktisk alle skal få bli julegåver eller bursdagsgåver. Eg måtte jo berre le etterkvart som dei dukka opp, den eine meir uskuldig enn den andre.
Så - ei påminning - vi er alle så ulike. Mitt syrom er kun mitt. Slik det ser ut hos meg er kun rett for meg. Kan hende har du lyst til å rydde og dette inspirerer deg. Kan hende har du det kjemperotete og elsker det. Rot eller ryddig - begge deler er like vellukka. Det som er spørsmålet er - har du det slik du vil ha det? Og har du det, ja da er alt i orden. Men, lengter du etter å kunne fri deg fra brettekanter - da er kan hende ikkje brettekanter tegnet på at alt er bra. Og lengter du etter system - da er kan hende ikkje rot tegn på at alt er bra. Kjenner du fred, ro, kreativitet og livsglede - da er det berre å nyte og nyte! God helgeklem fra Desiree