søndag 22. januar 2017

Til India med Soulspring - Ayurveda og meditasjon







I januar 2017 var eg på ei eventyrlig reise til India. Dette blogginnlegget skal handle om den delen av turen som omhandla ayurveda og meditasjon og turen til Amma.
Inge og tvillingane kjørte meg til bussen fredag ettermiddag klokka fem. Dei skulle være heime og passe butikken - sin eigen jobb og skule - medan eg skulle på eventyr og lære meir om det å ta vare på meg sjølv og komme nærare den eg er gjennom meditasjon og renselse.

Gjennom butikken kjem eg i kontakt med mange kvinner land og strand, og alle har det til felles at der er eit eller anna som er vanskelig eller utfordrande. Eg har sjølv møtt mange utfordringer gjennom heile livet og for nokre år sidan så var eg så heldig at eg kunne delta på ein workshop i Bergen med Märtha Louise og Elisabeth i Soulspring. Den gangen hette kurset Møt din Skytsengel, og gjennom mange meditasjoner så kom vi nærare det eg opplever som intuisjon eller den indre stemma som vil meg så inderlig vel - men som eg ikkje alltid har høyrt på.

For meg var denne workshopen starten på ei reise som har gitt meg styrke og større og større tilgang på den kjærligheten som er inni meg. Eg høyrer mykje på videoer på youtube og mange flotte guruer har eg møtt desse åra. Yoga og meditasjon er meir og meir ein del av kvardagen min, men eg har hatt mykje frykt for meditasjon og vegra meg for å meditere enda eg veit at det gjer godt. .

I alle fall.

I fjor vår så poppa det opp på Facebooken min at Soulspring skulle arrangere tur til India med ayurveda som eit av temane. Vi skulle være på eit retreat som tilbydde både ayurvediske behandlinger og vi skulle meditere sammen kvar dag. Eg slo det fra meg med ein gang. Med ein nettbutikk som har sesong primært fra oktober til april så tenkte eg at det er umulig. Nokre dager seinere kom det opp varsel om at det kun var ein plass att. Da var eg og Inge i bilen, og eg mumla for meg sjølv at det hadde vore kjekt, men det er jo umulig. Kva er umulig? Spør Inge. Nei, så forklarer eg kva som er umulig. Så seier han; Eg tar butikken! ... Meiner du det? .. Ja, det meiner eg. Og fem minutter seinere hadde eg meldt meg på. Åh, no var det berre å glede seg.

Tvillingene fekk opplæring og er kjempeflinke - Inge får opplæring og no var det berre å reise ut på eventyr og lære enda meir om dette forunderlige livet og kva eg kan gjere for å få bedre tilgang på det som er meg innerst inne. Kundane gir ofte tilbakemelding på at dei finn det støttande det eg seier i videoane, så eg er sikker på at dette vil gjere bra for oss alle.

På bildet over ser du meg ved eit gedigent anker som skal være 600 år gammelt og ein av dei største artefaktene funne i India. Det er rett ved inngangen til resepsjonen.


Her kan du sjå eit gedigent kar som har vore brukt til å lage ayurvedisk medisin i. Den er meir enn 300 år gammel. Den sto også i det området der resepsjonen var.
Når vi kom til hotellet var det blitt søndag morgon. India ligg 4,5 time føre oss. Så vi hadde da vore på reise i 42 timar, i alle fall eg som tok bussen til Bergen og hadde ei overnatting der inne før det bar avgårde tidlig lørdag morgon. Eg flydde Bergen - Amsterdam - Trivirandrum (elns). Eg møtte ho eg skulle dele rom med i Amsterdam og ei anna også der. Ved ankomst var det frokost tid og vi fekk alle kvar si kokosnøtt å drikke. Etter det bar det rett til legen.



Kva angår stillhet var det uvant for mange og vi var ikkje gode på å respektere dette skiltet. Der var alltid ferske blomster og også ein slik lampe som du ser her var det også i mindre størrelse på alle behandlingsromma. Før vi kom inn til legen/legane - måtte vi fylle ut eit spørreskjema med mange mange spørsmål Alt i fra om vi hadde regelmessig mens, til søvnmønstre, til dorutiner. Eg fekk formidla at eg hadde mykje vatn i kroppen, og det fikk eg medisin for. Eg har merka svært stor skilnad etter litervis med vatn har forlatt kroppen.

Etter at legen hadde gått gjennom svara våre så fekk eg vite at eg var Kapha Dosha. I videoen her fortel eg meir om dette;




Her ser du bilde av ei av behandlingene eg hadde. Varm olje vart helt på panna fra side til side. Ein fantastisk opplevelse. Før behandlinga starta tente dei alltid ein oljelampe og også ein røkelsespinne. Etterkvart lærte eg meg at når eg lurte på om det var lenge att så kunne eg berre sjå på pinnen.


Dei behandlingene eg hadde var;

Sarvanga Uzhichil - massasje med medisinert olje i rytmiske bevegelser som fjerner døde hudceller, bedrer hudfargen, gjer huda mjukare og styrker muskulaturen.

Nasyam - olje som blir ført inn i nesa og som åpner opp bihulene og hindrer forkjølelse

Kizhi(p) - det var ein bandasje som eg fekk på på innsida av foten sidan eg har ein kul der

Snehapanam - klarifisert smør som vi drakk for å rense kroppen - kalles også Ghee

Dette var behandlingene eg fekk dei to første dagene og det varte ca to timer. Eg var så heldig at eg hadde time klokka kvart på sju kvar morgon.

Dei to neste dagane hadde eg følgende behandlinger;

Pizhichil - varm olje blir tømt på kroppen. Da ligger eg på eit trebord - bordet er skore ut av eit heilt trestykke. To stykker tømmer oljen på og eg blir ikkje massert men dei stryk oljen langs lemmane. Denne varte i ca ein time.
Tailadhara - varm olje blir helt på panna fra side til side, sjå bildet over.
                                            
Når vi var til behandling fekk vi på oss nokre kirurgdrakter. Denne tok vi på når vi skulle på behandling, og etter behandling fekk vi ny drakt. Denne gikk vi gjerne i når vi spiste frokost. Oljen skulle nemlig sitte på i ein time etter endt behandling, og sidan vi da hadde frokost tid så spiste vi likegodt frokost i desse.

Femte dagen hadde eg generell behandling og det innebar som oftast massasje med olje og så hadde dei nokre posar med urter i som dei dyppa i varm olje og skrubba kroppen med. Eg meiner dei gjorde ofte dette på slutten av massasjane.

Onsdagen valgte eg å ta behandlinga som heitte Purgation. Eg har lenge kjent at eg hadde behov for ein rensing - og det var aldeles grusomt/nydelig Det foregikk på den måten at vi fekk ein medisinsk olje - ca 1 dl eller litt mindre. Om kvelden etter vi hadde spist middag - eller eg - eg var den einaste som gjorde det denne dagen - drakk et dette med varmt vatn. I den påfølgande halve timen drakk eg tre glas til med varmt vatn. Så gikk eg ein liten tur, og gikk eg og la meg. Eg la meg klokka ti og klokka kvart over to starta det. Fram til halv fem var eg på do åtte ganger, og eg følte nok at alt vart tømt ut. For kvar gang eg var på do så drakk eg eit glas varmt vatn. Denne morgonen hadde eg kun tørr masasje, og godt var det. Ellers hadde eg nok sklidd avgårde om eg ville på do. Eg fekk også ansiktsmassasje og punktmassasje. Veldig deilig alt sammen.

Denne dagen var det ikkje mykje mat å hente. Til frokost var det ris suppe og til lunsj rissuppe med ingefærchutney. Det var faktisk veldig godt. Til kvelds var det ris og dampa grønsaker.




Neste dag skulle bli enda ein herlig dag - og for meg eit veiskille. Vi skulle besøke Amma. Amma er ei kvinne som har gikk klem til over 30 millioner mennesker. Ho reiser verda rundt og foreles og fortel om korleis vi kan komme til det livet vi ønsker
oss i kjærlighet. Dette var jo rett i mi gate, eg er jo så interessert i kjærlighet og omsorg og omtanke. Så for meg var dette som eit hallelujah. Når vi kom til ashramet  - eit ashram er ein plass der ein leder/guru har alle følgerene sine. På samme måte som Jesus hadde sine tolv disiplar, og om du er kristen så er du Jesus sin disippel. Her i asramet vart vi møtt av to flotte norske kvinner som strålte av reinhet og glede. Det var ein magisk følelse.


Vi vart geleida til eit rom, der var det vatn og lekre kaker til oss. Vi hadde ikkje spist kaker på dagesvis og nølande forsynte vi oss. Dei var himmelsk gode! Damene fortalte at ein kunne komme og være i ashramet så lenge ein ville og det kosta 250 rupi pr dag. Sengene var av stål og ei tynn madrass oppå. Alle måltid var inkludert, og elleres var det mange mange ulike workshops, yoga, meditasjon og samlinger ein kunne delta på.



 Sikkerthetsvakter var fleire plasser i Ashramet. Og eg fekk lov til å ta bilde :-)

Vi vart så geleida til Ammas fødeplass og dei synte oss korleis ei lita hytte sakte men sikkert hadde vokst til ein stor organsiasjon og i dag huser Ashramet rundt 3000 mennesker. Det er som ei liten landsby. Etter dette gjekk vi til stranda. Der var vi så priveligerte at vi hadde reserverte plasser og vi deltok i ein meditasjon og etter det kom Amma. Ho sat på ei lita scene og snakka til oss. Så var det ei som stilte eit spørsmål og Amma svarte. Det var ein spesielt god opplevelse. Ikkje alle hadde ein like god opplevelse - og det var interessant å sjå.

Når medtasjonen på stranda var over gjekk vi inn til scena.Det var ein stor hall med plass til eit par tusen mennesker. Amma var på scena og vi fekk også komme opp og sitte bak henne på scena. For meg var det ein veldig spesiell og god opplevelse - og eg er så takknemlig for at eg har fått muligheten til å være med på dette. Ord kan ikkje beskrive det. Amma seier at det er ikkje så viktig kva religion du tilhøyrer - alt det du treng er inni deg - det gjeld berre om du klarer å sjå innover og kjenne etter på det som er der.

Etter vi var på scena vart vi vist til ein plass der dei hadde dekka opp for oss med fat og kopper. Dei hadde laga så deilig mat til oss, og det var litt uvant å få servert hvete og sukker igjen. Men aldeles deilig var det.
 
 Her ser du Amma :-)
 Maten smakte aldeles nydelig.

Når vi så kom heim så skulle vi ha stillhet i 24 timer. For meg var det ein aldeles herlig måte å avslutte besøket på å gå inn i stillhet. Eg har lenge hatt lyst til  - men ikkje turt eller vore klar for - å reise og gjere Vipassana. Det er ein meditasjon der ein er stille i ti dager. Eg naut denne dagen med stillhet - det var deilig og frigjerande. Ikkje alle opplevde det slik, og stillheten vart brutt ved middagstid.

Etter dei nedbrytande behandlingene hadde vi vanlig massasje og punktmassasje kvar dag. Det var fem dager ned, og fem dager opp. Eg fekk også oljebad på augene som er bra for synet, og røyk i øyret som skulle være bra mot øyresjukdommar.

Stranda i stillhet

Kvar dag hadde vi meditasjoner med Soulspring - dersom du lurer på kva dei går ut på kan du gå til Facebooksida deira og finne meir der. Det er ein god meditasjonsteknikk der ein lytter til hjertet. Det finnest cd er å få kjøpt. Anbefaler dei :-)

Dette var litt om ayurveda og meditasjon og besøket hos Amma. Eg kjem til å skrive eit innlegg til som omhandler maten, omgivelsene og Kerala og besøket i New Delhi.

Takk for at du leste :-) Ønsker deg alt det beste :-)




3 kommentarer:

  1. Takk for ein fantastisk blogg i dag, so spennande å lese :-)
    Dette hadde vore spennande å prøvd ein gong, og spesielt har eg lyst å lær emeir om meditasjon og yoga. Fekk dsv ikkje til å spele av videoane dine :-)
    klem frå Evy-Ann

    SvarSlett
  2. Takk at du delte med meg. En ekte eventyr du har vært i.😘

    SvarSlett
  3. Så flott reise, det er tydelig og en føler nesten roen du har når du forteller.. Bra og ha med seg i travle hverdager :)

    SvarSlett