søndag 22. januar 2017

Til India med Soulspring - maten - folket - inntrykka

I dette innlegget hopper eg kan hende litt fra hit til dit. Og det var litt sånn i India, opplevelsene kom nokre no og nokre da. Så bær over med meg. Først ein liten video igjen fra stranda i Kerala;

Stillhet på stranda

Når vi fikk vite fredag at vi skulle være i stillhet i 24 timer så var eg glad og letta. Eg har før vore i stillhet - uten at det var så stille - tankane mine gjekk jo i raserfart og augene mine var alt anna enn vendt innover Dette var under Zen-Coach utdannelsen min i Sverige. Da hadde vi alltid stillhet til etter første undervisningsøkt om morgonen - det betyr at vi spiste frokost i stillhet og samlast i stillhet. Så ved første kaffipause var det anledning å snakke. Fredagen hadde vi heile dagen i stillhet. På ein måte var det kult - men samtidig turte eg ikkje heilt å kjenne etter i kroppen kva det gjorde med meg. Eg hadde nok ein arroganse med meg at dette var egentlig noko eg ikkje trengte. Vel, mykje har skjedd sidan den gangen. Og denne gangen tok eg i mot med åpne armar. Eg var ikkje på mobilen og eg leste kan hende i ti minuter til sammen.

Kva er forskjellen for meg å være i snakking eller være i stillhet? Eg er i det eg opplever heilt og fullt. Er maten god er det kun min opplevelse. Eg kommenterer det ikkje. Er eg lei meg så er eg i det. Eg søker ikkje trøst hos andre - men eg kan oppleve at eg er med meg sjølv på ein god måte. Alle handlinger eg gjer er etter kva eg treng og ynskjer. Det blir lite behov for tilpassing. Klart, er romkameraten min i dusjen, så venter eg med å dusje, men alt eg gjorde var etter kva som eg trengte. Det vart tydelig for meg kor mykje eg egentlig samhandla med andre i snakking, sjølv om eg reiste aleine.

Eg har eit par år hatt lyst til å gjere vipassana, men eg har vore redd. Det er ti dager med meditasjon.
Her kan du lese meir om Vipassana-meditasjon;

10 dagers meditasjon

Etter denne dagen kunne eg kjenne at eg var meir klar enn eg har vore før. Vipassana betyr å sjå ting slik dei er. På denne turen kunne eg godt legge merke til at eg meir og mer ser ting slik dei er - uten at eg tek så mykje stilling til det om det er bra eller dårlig. Det er slik det er. Når eg og romkameraten min var uenige så kunne eg legge merke til - aha - vi er uenige - men eg er rolig inni meg - og det går fint at vi er uenige. Og er denne tingen viktig som vi er uenige i? Nei, egentlig ikkje. Og eg veit at før, så ville eg hatt sterke reaksjoner innvendig, og gjerne snakka med Inge om kor fæle ting var.

Vel - no hopper eg tilbake til India att -
Mange av dåke som les dette er nok ikkje ukjende med at slike toaletter kan forekomme når ein er på reise. Dette var toalettet - trudde eg - når eg ankom Trivirandrum (eller noko slikt stava). Ikkje var der toalettpapir og eg måtte skikkelig tisse. Vel, det var ikkje anna å gjere enn å sette seg på huk og la det stå til. Så kom ei reisekollega ut av eit anna toalett - ho hadde hatt eit vanlig toalett - så da lærte eg det, at det kan variere. Og her kjem ein toalettopplevelse til;


Dette var i New Delhi. Eg besøkte Lotus Tempelet. Eit fantastisk tempel - hadde det ikkje vore for at eg måtte sånn på do! Eg tenkte - ein turistattraksjon med 15000 daglig besøkende må jo ha toalett. Men nei. Så det vart eit kort besøk - meir om det seinare - og når eg kom ut av området spurte eg etter toalett. Dei peika på nokre blå presenninger - eller var dei gule? lenger oppe i gata, der er toalett. Eg kom dit og det kosta 50 øre å komme inn. Det var vått på alle gulvene, og toaletta var desse som var eit hol i bakken. Eg tenkte meg meg sjølv - jaja, eg må jo tisse, dette skal gå fint. Men så var det veska mi da - lettelsen var stor når eg lukka døra at eg akkurat kunne henge veska mi på dørhanka, så den ikkje vart våt. :-) Ellers var det greit å ha med dopapir, det var ikkje alle plasser der var papir på toalettene.

Ellers i Kerala der vi var, var det rett som det var at vi såg nokon som sto og tissa - eg såg det ikkje men andre såg også at dei sette seg ned og bæsja. Eg er gla for at eg ikkje fekk den opplevelsen Men i gatene så var det open kloakk, og der rann det ja - kloakk. Så noko blomsterduft var det ikkje i gatene.

Fra kloakk til mat :-)

I Manaltheeram serverte dei kun vegetarisk mat. Eg lurer nesten på om det kun var vegansk mat. Eg kan ikkje hugse å ha sett melkeprodukter i det heile. Eg likte maten veldig godt - det er slik mat eg har lengta etter lenge lenge - og ikkje funne tid og energi til å lage. Eg tok bilder av mange av rettane og har eit håp om å lage nokre av dei her heime. Har prøvd meg på Dal, men eg kan ikkje sei den vart supervellykka. Men eg likte den. Her er nokre bilder av maten;












Det som var litt rart var at der var varm mat til alle måltid, også frokost. Der var risgrøt, ayurvedisk risgrøt, mange type klare supper (desse smakte eg ingen av) der var tre ulike typer ferske jusar, der var ulike typer vatn, der var oppdelt frukt, også diverse salatar og ulike typar brød. Ein kunne få steikt omelett (da blir det vegetar) og der var rispannekaker og ofte noko som heitte Paysan som var veldig søtt og godt. Sidan i Ayurveda ein deler menneska inn i tre typer så var alle matrettane merka etter kva type du var og dette var det som var anbefalt deg å spise. Eg er Kapha Pitta og derfor spiste eg den maten som var anbefalt dette Vi fekk også utdelt eit matanbefalingsark - der alle ulike typer matvarer som var anbefalt var oppramsa. Eg er frarådd koffein, rødt kjøtt, alkohol og sukker. Kaffi hadde eg slutta med før eg kom ned, eg hadde seks vekers nedtrapping fra seks kopper kvar dag, til null, og eg savner det ikke. Den største forskjellen er at eg kan kjenne i løpet av dagen at eg er trøtt og treng kvile. Eg tar det som ein positiv ting, da eg ellers ikkje ville hatt mulighet til å lytte til kroppen på samme måte.

Du lurer kan hende på kva vi drakk? Eller eg kan jo berre snakke for meg. Eg veit at der var ein slags kaffi der, men korleis den var veit eg ikkje. Der var ulike typer te og vatn. Når vi sette oss til bordet kom de alltid og gav oss varm urtete. Eg har planer om å faste ein dag i veka framover, og da tenker eg å drikke denne urteeen. :-) Her ser du kva eg drakk;
Varmt vatn - noko dei anbefaler å gjere i det daglige


Urtevatnet fekk vi til alle måltid, og det fylte eg også vannflaska med når eg skulle på stranda.

Vannmelonjus - og eg ønsker med no ei jusmaskin :-)


 Kokosnøttsaft - det fekk vi alltid når vi var blitt massert - og dette kunne ein også kjøpe når ein var ute på rek.
Ein dag var vi ved stranda i Kovalom - (trur eg det heitte) og da kjøpte eg ingefærte og venninna mi kardemommete. Det gikk an å kjøpe alkohol der, men ellers såg vi aldri alkohol eller godteri til salgs.

Barna i India er no utrulig søte - men det som er rart det er at ein del av dei små barna blir ganske sterkt sminka. Ein dag på stranda såg vi ein baby som mest var nyfødt med mykje sminke på. Og også utanfor Lotus-tempelet - den søte jenta ser du her;
I New Delhi leide eg bil med sjåfør. Det var ein flott prøvelse. Han ville ikkje kjøre meg dit eg skulle, han hadde så mange andre flotte plasser han ville vise meg og sidan eg var gjesten hans så ville han gi meg ein så flott opplevelse. Det var godt å sei gang på gang - Nei takk, eg skal ikkje på ein fabrikk og kjøpe sjal, eg skal til Lotus Tempelet. Det å køyre i ein bil i seks timer i New Delhi, da ser ein litt av kvart. Det var ikkje uvanlig å sjå små ungar leike innimellom bilane og tigge når bilane sto på rødt lys. Eg såg ein liten gutt på to år, som sat halv annan meter fra der bilane kjørte forbi i full fart, og han leika uanfekta og i ro og mak. Trur nok mangt eit mamma-hjerte hadde fått skrekk i seg - men her er det heilt naturlig.

Stranda i Kerala var fantastisk. Det som eg likte så godt var at der var mykje lokalbefolkning. Der bada damene i kjolene sine i sjøen, og ungane leika i sanden medan pappa snakka i mobilen.



Par tek selfie i solnedgang

Kvar kveld la fiskarane ut på fiske. Vi kunne sjå lys fra sytti åtti båter, og dei lyste etter hummer. Dobbelt så mange båter omkransa dei og fanga hummer.

Her er ein mann som vasker teppet til kona si i sjøen fri for sand.

Eva - romvenninna mi - omkransa av gutter som ville ta selfie med henne :-)





Hardbarka fiskere :-)



Rundt på retreaten


Nedover gata fra behandlingssenteret.

Ein typisk frokost

Platningen lengst borte var yoga plassen. Det vart lite yoga på meg, og eg gleder meg til å komme i gang att her heime. Ein av endringene turen gjorde med meg er at eg no er meir klar for dynamisk yoga Yay :-)


Vakter passa på stranda kvar dag så ikkje noko skulle skje.

Nydelige omgivelser ved retreaten

Fleire hengekøyer var tilgjengelige når vi ville slappe av.


Så herlige bungalower :-)

Overalt var desse krukkene med ulike typer urter som blir brukt i den ayurvediske medisinen.


Og fullmåne fekk vi også med oss.

Og sist - men ikkje minst - søm;
 I gatene opp mot hovedgata må der ha vore minst 15 skreddere eller meir. Da kunne ein ha med eit plagg, eller be dei sy eit plagg - så valgte ein stoffer fra hyllene.







Eg kjøpte desse tre antrekka - tre bukser og tre topper - til den nette sum av 800 kroner. Da hadde eg med ei bukse som dei kopierte, og toppen hang det eit eksemplar av butikken. Eg plukka ut kva eg ville ha, så sydde dei. Dette gav meirsmak. No har eg kosebuksene eg har leitt etter lenge.

Dette var litt av det eg opplevde på turen. Primært var det ayurvediske behandlinger og meditasjoner - meditasjonene i regi av Soulspring. Det har vore ein fantastisk tur - tida rasa avgårde og eg følte heile tida at eg hadde det som plommen i egget. Eg møtte utfordringer og lærte mykje om meg sjølv. Tusen takk!

Takk for at du leste - har du spørsmål så er det best å sende dei til desiree@lappeteknikk.no

Oj - gløymde Lotustempelet - her har du ein kikk;


Igjen - tusen takk :-)








6 kommentarer:

  1. Takk for at du deler turen din med oss.

    SvarSlett
  2. Dette var et flott reisebrev og ser du har hatt det fint. Takk for at du deler dine opplevelser.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg håper det kan inspirere til at du og andre gjer det ein har lyst til, sjølv om det kan virke skummelt først. For meg var det veldig skummelt i alle fall - først :-)

      Slett
  3. Hei Desiree og takk for sist.(føler at jeg ikke har landet enda, fra en fantastisk reise)Så fint du skriver om dine opplevelser fra turen,og ikke minst fine bilder, kjekt å lese og jeg blir inspirert til selv å utforske Ayurvedisk mat og levemåte.Håper våre veier møtes en gang.Klem

    SvarSlett
  4. Så kjekt å lese del to om reisa di, eg syntes det virker spennande at dei deler inn matvarer etter kva type du er :-) såg kjempegodt ut alt saman. Du fekk ikkje mageproblemer då sidan maten sikkert er ein del anleis en ein er vane med i Norge?
    Eg har juicemasking så det kan anbefales, men kjøp ei med sterk motor, slik at du får slynga ut mest mogeleg saft frå det du vil lage juice av, eg bruker rødbeter, grønnkål mm :-)
    Eg blei iallfell frista over evne til å prøve ut noko slikt ein gong i framtida :-) takk for "titten" :-)
    klem frå Evy-Ann

    SvarSlett