torsdag 1. desember 2016

Ein ryddig yttergang

Som fleire av dåke veit så har eg gått både på Ryddig Hjem kurs og Feng Shui Living online kurs med Nina Wolther. Ho er ei fantastisk kvinne - så om du treng litt orden i livet ditt så kan eg varmt anbefale desse kursa.

Her er yttergangen vår. Det vil sei, den eine veggen, og når du kjem inn døra er denne veggen på venstre side. Vi fekk eit nytt liv når vi investerte i desse plast skapene fra IKEA. I dei skuffene har vi skoa til alle ungane, samt i dei tre til venstre, der har vi luer og votter og hodelykter og reflekser for alle. Og skjerf.

Eg har talt alle klea mine, og funne ut at eg har nok ca 80 klesplagg. Korleis er det mulig å ha kun eit par votter, to skjerf og to luer? Det er i alle fall mulig når eg veit nøyaktig kor dei er. Dei er i den midterste skuffa på venstre side. Når ting har faste plasser, så er det også mulig å ha færre ting, fordi du finn det du skal ha med ein gang. Dette frigjer masse tid til å gjere det ein eigentlig har lyst til.



Så nokre kosebilder av famileteppet vi har i yttergangen;



Veldig fornøyd med dette flotte teppet. Kan eg utfordre deg - kor mange klesplagg har du? Bruker du alle? Kunne du donert noko bort til nokon som treng det meir? Eller dei kan bli resirkulert til andre ting? Er det mulig for deg å tenke eit plagg inn, eit plagg ut?

Fin dag til deg :-)


2 kommentarer:

  1. For ein fin yttergang, og ryddig! Me like!
    Eg veit at eg har tilsaman 9 par sko, det inkluderer støvlane, joggesko og bunadskoa. Skulle vore interesant å sjekka kor mange klesplagg eg har, rekner med at det inkluderer ytterøyet også?
    Eg og guten min har ein veldig liten yttergang, men eit stor skap, som blir brukt som oppbevaring av mange fleire ting enn berre klede og sko - eg trur eg skal utfordre meg og guten til å rydde og donere det vi ikkje treng lengre og få emir system i det vi har :-) Blei så inspirert av blogg-innlegget.
    Klem frå Evy-Ann

    SvarSlett
  2. Takk for titten. Her med 50 graders forskjell på sommer og vinter er det ikke mulig å ha bare en ytterjakke, ett par votter etc.

    SvarSlett