onsdag 8. august 2018

Julestjerner i august

Ja dette har vore ein forunderlig sommar - det trur eg mange kan einast om. I alle fall om vi bur i Sør-Norge. No er august godt i gang - når eg går i skogen er der bjørkelauv på bakken som er gule og lyngen skiftar farge. Så eg har ein haust-følelse i meg, og det gjer til også at julefølelsen kjem snikandes.

Eg har sydd ein løpar - den begynte eg på for eit år sidan. Eg fekk inn eit nydelig stoff i butikken og tenkte at dette ville bli lekkert i ein løpar - det var dette;

Så gjekk det som det ofte går  - det vart ikkje sydd i fjor. Og når eg så rydda syrommet etter sommaren - så dukka julestjernene opp att. Mange flotte stjerner hadde fått på seg vliesofix og var klipt klare til å berre bli brukt.




Så det eg hadde gjort var å ta ein 30-centimeter - stryke på vliesofix på baksida og så klippe ut alle stjernene. Mange hadde da kant på seg - altså at stjerna ikkje var heil. Og det er desse eg har brukt i løparen; 
Når det galdt rammene tok eg det vesle eg hadde av grønt i mosefarger. Der er eg ganske skrapa - så der trengst det påfyll. Eg liker godt å bruke av det eg har - og heller fylle på når eg har brukt av det. Da blir det kan hende andre ting eg kjøper inn att. 
 Eg sydde altså på rammer - målte først på bordet kor stor det var naturlig at løparen var - og så  kom rammene på. Når eg var ferdig vart den skoren litt mindre igjen. Så la eg stjernene utover som du ser langs kantane. 
Her ser du korleis det ser ut med rammer. Hadde eg hatt meir av stoffa ville eg kan hende hatt samme stoff i heile ramma. Men eg var for utolmodig og ville sy når eg først var igang.




Løparen er litt skrukkete på bildet - eg har hatt den samanrulla fordi eg skulle på fotballtrening med ein av gutane og sy til lukkekanten der. Var på besøk hos ei venninne og ho hadde dei nydeligaste lysestakane så da fekk eg ta bilde. Vart veldig fornøyd, og det er ein rask løper å sy - så sant stjernene er klipt ut. Og kva angår ein ting inn - ein ting ut? Eg veit eg har brukt ein meter med stoff ca til løperen, - eller med bakstykke 1,3 meter. Så da kan eg gjerne fylle på med stoffer. Så eg skriv det på blokka mi for august. 

Tusen takk for at du leser bloggen min - du er hjertelig velkommen til ein hyggelig handel hos Desiree's Lappeteknikk


Klem fra Desiree - ja så må eg berre vise det vesle "alteret mitt". 
Koselig med ein engel som passer på. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar