lørdag 4. november 2017

Ein kattepus blir til - og om kreativitet

Av og til går eg i fella.

Eller - eg føler faktisk at eg gjer det daglig. Og når eg er årvåken nok så går det opp for meg at når eg har gått i fella så har eg ein mulighet til å gjere noko bra.

Så ei tilbakevendende felle er følgande;

Eg trur at det eg kan - det kan dei fleste. I dag fekk eg igjen bekrefta at slik er det nok ikkje. Hehe

Det var ikkje ei stor greie - eg skulle sy sammen to firkanter til to trekanter. Eller altså til to firkanter som da består av to trekanter. Ja, du skjønner kan hende? Og om ikkje så skal du no få sjå.

Dette er det fleire der ute som ikkje kan - og kan du det så kan du sjå deg i speilet i kveld og sei til deg sjølv - du er flink! Du kan sy sammen to firkanter - som så på mirakuløst vis blir til to firkanter som består av to trekanter :-) Good for you! :-)

Og for deg som ikkje aner kva eg snakker om? Her skal du sjå korleis eg gjer det;


Eg skal jo sy ei søt katteblokk. Du vil sjå den litt lenger nede. Og til denne blokka treng eg ein del firkanter som består av to trekanter. Firkantene blokka består av har eg valgt til å være 1,5 ganger 1,5 inch. Det betyr at når eg så skal lage meg firkanter som skal bestå av to trekanter så må dei være noko større. Eg valgte å lage dei av 2,5 inch firkanter og det er rikelig store nok. Så altså; 

Eit kvadrat i grått og eit i blått. Rette mot rette. Så tegner eg ein strek fra hjørne til hjørne. Så neste steg; 

Så syr eg på den eine sida. 

Og så syr eg på andre sida av streken. 
No ser den slik ut - så tek eg fram skjærekniven og så gjer eg dette; 

Og no er det berre å stryke dei ut og reinskjære dei - da blir dei sånn; 


Og her ser du korleis dei blir. Vil du sjå kva eg brukte dei til? Eg såg eit herlig bilde Linda Klysner hadde lagt ut i Lappemakerne. Og i dag har eg sydd ei blokk. 
Godt i gang. 



Og her er den heilt ferdig. Dette er den første blokka. Eg laga i denne forbindelse ein video om kreativitet - du finn den her; 





2 kommentarer:

  1. Det ble en fin katteblokk! Jeg kjenner til "problemstillingen" at en idé fører til flere... :D Det er jo egentlig et luksusproblem, men kan bli stressende hvis man vil iverksette alle ideene. Jeg noterer som regel ideene jeg får, men har etter hvert lært at noen ting kan godt bli liggende, mens andre blir realisert :) Da forblir quiltingen en glede, og det skal den jo være.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å lese det du skriv. Eg noterer mest medan eg syr - for å hugse kva mål og sømrom eg har sydd. For meg er det litt slik at en ide eg fekk for eit år sidan, er ikkje så levande etter ei tid - da er det nye ting som kjem opp. Det er grunnen også til at det hender at gamle ufoer blir gitt videre til bruktbutikken. Fremdeles er det kun ei katteblokk som er sydd.

      Slett