lørdag 19. januar 2013

Regnbuen

I dag har eg kosa meg med å sy ei gave til ei kvinne eg ikkje har møtt før. Dette er utgangspunktet for ei toalettmappe, og eg er veldig nøgd med det ferdige produktet. På bildet ser du panelet som etterkvart fikk svart ramme med regnbuens fargar i. Det var nok blitt litt blåtime når bildet vart tatt, så lyset er ikkje av det beste til å få fram det rette fargeinntrykket. Eg koser meg med restane, og er forundra over kor langt dei strekk.  
Gutane skulle i bursdag i dag, og i går fekk eg grei beskjed. No var det nok penalhus og pengepungar. Eg fekk begynne å sy skåler i staden. Så da vart det ei skål med kolaflasker på. Diameteren er ca 30 cm, så den vart stor og god til chips eller anna. Ein kamerat var med når vi pakka inn, han skulle gi hundre kroner. Så vi pakka dei like godt inn saman.  
Til sist; Eg held på å samle inn sangar til eit prosjekt eg jobber med. Eg har lova alle dei som gir meg deira fem favorittsanger at eg skal sy ein mug rug til dei. Kun ein har meldt seg så langt, og her er mug rugen han får. Sydd i rester denne også. Eg håper han blir fornøyd, han har bestilt lyseblått. 
Ellers har eg diverse paralelle prosjekter, og eg storkoser meg ved symaksina. Varm klem til dere alle!

5 kommentarer:

  1. Så mykje fint du får fram av restar! Den skåla var kjempetøff. Og regnbogefargane var lekre! Kunne gjerne ha tenkt meg og sett den ferdige toalettmappa:)

    SvarSlett
  2. Flotte sterke farger. Super måte å bruke rester på. Dette inspirerte meg skikkelig :-)
    Ha en fin helg :-)

    SvarSlett
  3. Hei
    Flotte ting som alltid du lager,friske fine farger,og ja det er fra våre barn vi får beskjed.Om du går på bloggen min,Quiltegleder har eg nettopp lagt et innlegg om en superfin quiltesong.Ha en flott syhelg med mer!
    Beste hilsen Quiltegleder Margrethe

    SvarSlett
  4. Jag blev mycket förtjust i blocken som Du sytt i regnbågens färger. Det är ju att bra sätt att få "sytt upp" sina småbitar.

    Dollandesign

    SvarSlett
  5. Så kjekt at dere kjem med tanker og tilbakemeldinger omkring innlegget. Eg tok ikkje bilde av den ferdige mappa. Den vart rålekker, og eg visste, spør nokon kva ei slik koster, så skulle eg sei 1000 kroner :-) Men, ingen spurte :-) Så kjekt du vart inspirert Linda. Skal kikke på bloggen din Margrethe. Eg har nok ikkje vore så mykje på bloggar den siste tida, men i kveld skal eg ta meg ein runde :-) Så kjekt å sjå deg Dollan, varm kram til deg :-)

    SvarSlett