torsdag 6. oktober 2016

Ut på tur med utstyret i orden :-)

Ja i dag er det torsdag 6. oktober og i morgon reiser eg på Vestlandstreffet.
Eg kan ikkje hugse sist eg var der - det har vore mange travle år der eg ikkje
har prioritert å reise - men i år kjente eg at no er det på tide og også at eg hadde kjempelyst til å dra :-)

I alle fall.

Veska mi, den er eit år gammal. Og eg har kjent på ei stund at eg hadde lyst på ny. I tillegg har det irritert meg lenge løysinga eg hadde med kortoppbevaring, og eg hadde også lyst til å sy ein ny korthaldar.

Som sagt så gjort. Først tok eg i ferd med veska. Eg ville bruke samme mønsteret som til forrige. Rett og slett fordi eg vil ha det enkelt - og det å sy vesker er ikkje min favorittsport. Så da gjer eg det enkelt. Eg brukte altså Ryum Quilt sitt mønster Veskekurven . Eg hadde ein pung fra tidligere - der eg tenkte å ha litt av kvart småtteri - og den var blågrønn i fargen. Så da ville eg ha veska også i desse fargane. Eg begynte med å pusle firkanter på H180 - H 200 kan også godt brukes.

Slik ser det då ut;
Eg skar firkantane 2,5 inch, og når eg da hadde fire i høgda og sju i bredda så vart dei akkurat passelige til størrelsen på veska. Desse strauk eg altså fast på H180 for da blir det litt stødig og det går som ein leik å sy dei sammen. Sjå her;
Den legg seg rett slik den skal så syr eg berre langs kanten. Du vil forstå når du prøver. Først tar du alle eine veien.  Vidare så bretter du motsatt vei. Da klipper du heilt inntil sømmen, slik at dei bretter seg fra kvarandre. Sjå her;
Så da er det berre å sy alle motsatt vei igjen.
Slik ser det då ut, og no er panelet klart når alt er sydd og strøket. Etter dette så fylte eg berre ut med striper til eg fekk ein firkant, så følger ein resten av mønsteret. Her kan du sjå resultatet;


Etter dette såg det ut som eit bombenedslag på syrommet. Så eg bestemte meg for at no fekk eg ta meg på tak og rydde. Så eg fekk ordna dei to arbeidsflatene som eg har. Etter rydding i 15 minutt såg det sånn ut;

Eg visste at neste dag, da skulle eg sy meg eit par ting til, før eg følte at eg var heilt reiseklar. Og i dag, så tok eg fatt på korthaldaren. Her sydde eg etter innfallsmetoden og logisk tenking. Kjempefornøyd! Har brukt ein metall lås som du finn her.


Det var jo berre å sette i gang. :-)



No er planen å sy eit trekk til IPaden min. Den er splitter ny - eg tok meg på tak og investerte - eg veit jo at mange av dåke bruker mykje IPad og eg vil jo ikkje være gammeldags heller :) Eg har ein mistanke om at når det trekket er ferdig så er der ikkje krefter att til å skrive blogginnlegg, så det får bli til ein annan gang å vise det fram.

Eg håper du har det bra der du er - stor klem fra Desiree

lørdag 24. september 2016

Annas Sminkepung og litt attåt

Hei!

Dette blogginnlegget skal handle om Annas Sminkepung, du får ein video om korleis ein syr i glidelåsen, dette med tillatelse fra AnnAKa. Du får også sjå litt kor langt eg er komt på neste teppeprosjekt og ellers litt betraktninger fra kva som skjer her i garden :-)

Vi bur i Klokkargarden, det er navnet på nabolaget vårt. Det kjem frå i gamle dager så hadde klokkaren sitt hus/husmannsplass/gardsbruk her. No er det altså eit byggefelt. Vi bur i enden av veien og vi trives godt med det. Det er ein månad sidan eg sist blogga, det har vore supertravelt. Eldstemann er flytta til Leeds, England for å studere SportsManagement og å spele fotball. Det merkast godt no at han er flytta på mange måter. Om ikkje lenge skal eg reise bort og besøke han og det gleder eg meg veldig til.

Eg held altså på med eit stort prosjekt. Eg har ein plan om å ta ein farge kvar dag, så får vi sjå kor lang eg kjem med det. Her ser du teppet og ellers har eg ferdig dei røde blokkene og skåre klar til dei oransje :-)

Bladet der mønsteret står har eg lånt av Sølvi Govasli Malm :-) Tusen takk - håper å kunne returnere om ikkje så lenge :-)

Så er det morgonens prosjekt.
Eg syr av dei lekre stoffa fra Acreage - dei finn du her; Acreage fra Moda

Det eg no gjer er at eg syr dei blå og rosa snapfirkantane - snap er ei pakke med 42 biter som måler 2,5 inch kvar - dei syr eg til ei grønn Kona Cotton stripe. Så skal eg ta dei andre og sy til ei blågrønn stripe som også passer perfekt i fargen. Her kan du sjå starten;

Eg har altså kutta ei stripe som måler det samme som snapkvadrata, 2,5 inch. Så legg eg dei på og syr fortløpande på stripa. Etterpå stryk eg og parar dei sammen til firerblokker. Slik ser dei da ut;
No skal eg sy dei sammen slik at eg får klart framstykket og bakstykket, og da er det klart til å sy i glidelåsen. Mønsteret på Annas Sminkepung finn du her; Annas Sminkepung

No er videoen klar - den ser du her; Hvordan sy i et glidelås

I videoen så påpeiker eg ein forskyvningsfeil - så etter eg hadde gjort ferdig glidelåsvideoen, spretta eg opp att.

Det er fort gjort å sprette opp att og korrigere, og etterpå er eg alltid så gla for at eg gjorde det. Det er først siste året eg er begynt med det og eg er veldig fornøyd.

Her ser du resultatet;
Eg likte så godt desse stoffene til Shannon Gillman Orr- og no skriv vi september 2016 så eg har dei nok ei stund framover i butikken. Eg har også brukt Kona Cotton med dei. Her ser du ein detalj, syklane e so søte!
Dette var altså med utgangspunkt i Annas Sminkepung;

Tusen takk for at du valgte å lese blogginnlegget - og treng du påfyll til hobbyen din så er du hjertelig velkommen! Klem fra Desiree










lørdag 23. juli 2016

Når det koker på syrommet!

Det er når sylysta er absolutt på topp! Og eg har masse tid til å sy.

                                                 16. JULI

I dag har eg fra tolv til fem å sy. Dvs eg skal lage ein enkel middag også, men det går fint med berre to i hus.

I går fekk eg løsna proppen på systoppen, rydda og kasta ut litt ting som ikkje lenger var til næring for meg. Og det fekk eg jammen merke etterpå. Sygleden formelig spruta og det første eg gjorde var å sy ramme på eit teppe som eg sydde i fjor. No skal det inn til quilting. Her ser du det;



17. JULI

No syr eg videre på resteblokker. Det skal bli eit teppe på fem ganger seks blokker. Eg har jo sydd mykje i løpet av 17 år og ein del rester er det blitt. Dei sorterer eg i plastbokser fra Biltema. 

Eg har 16 slike bokser, og dei er nok fylt til randen med rester. Nokre firkanter og nokre striper. Så når eg har sydd eit prosjekt og der er noko att går dei opp i desse boksane. Så får eg ein ide om at eg skal sy eit resteteppe, og da finner eg materiale i desse boksane. Eg trur skulle eg brukt opp stoffa her, så ville det ta meg fire eller fem år med jevn sying. Det skal eg ikkje. Dei er som små skatteboksar når eg vil sy restetepper. Og her kan du sjå det siste resteteppet som eg skal sende inn til quilting. Alle stripene har ulike bredder og det er kun sluttblokka som er reinskjert på 10,25 inch. 

Eg er kjempefornøgd. Det at stripene har ulike bredder føler eg gir teppet eit levande utrykk. I dag er det søndag, og denne bloggposten vil bli skrevet over fleire dager. No skal eg opne ein pakke som eg har fått fra Quiltestallen, og der er det nok nokre tepper som skal få på lukkekant. Om 13 dager blir syrommet til gjesterom i to veker, og planen min er å ha ein stabel med quilter som skal få lukkekant sydd til for hand. Så ferdige tepper er ikkje å sjå i næraste framtid, berre nestenferdige :-) 



18. JULI 

Også her kjem eg til å gå i resteboksane. OG eg har nokre glidelåser eg vil bruke. Så får vi sjå kva morgondagen bringer :-) 
Ja, da er det blitt mandag kveld. Og eg har sydd ferdig ei toalettmappe av desse bitane. Og eg vart kjempefornøgd - her ser du resultatet; 
Eg er jo over snittet glad i grønt og blått og eg er glad for at eg fekk brukt masse av dei fine blå og lime fargane mine. Og her ser du baksida; 

Smågåver er alltid kjekke å ha :-) 

















lørdag 16. juli 2016

Forelska i rydding

Eg er forelska. Det er berre å innrømme.

Eg er forelska i ei dame som heiter Marie Kondo.

Heimesida hennar finn du her; https://konmari.com/

Dåke som har fulgt meg ei stund veit at eg er oppteken av å rydde og av å fjerne ting som ikkje lenger gangnar oss. Stadig kjem eg i situasjonar som minner meg på at dette er ein livslang prosess.

I alle fall.

I slutten av mai flytta Samuel inn på syrommet mitt og eg flytta ut og ned i stova. Eg hadde store planer om kva som skulle skje når rommet vart ledig. Når dagen kom tok eg alt ut, vaska grundig og tok ting inn att. Så skjedde det ingenting. Ingenting. Det er ikkje noko kjekt.

Vel - så høyrde og såg eg litt på youtube og Marie Kondo. Og det gikk opp for meg. Eg ville ikkje inn på syrommet fordi det var ting der inne som ikkje høyrde heime der. På eit syrom skal det jo være god energi - fristande - kreativt rom - ro - glede og alt som ein berre kan drøyme om i ei kreativ hule.

Så eg gjekk inn på syrommet og det slo meg. Kva er det eg skal sitte og sjå på når eg syr? Dette;

Ved første augekast ser det jo greit ut.

Men

Problemet er at der henger ein del ting som eg rett og slett ikkje vil bruke, og som gir meg ein sånn følelse av at eg "burde" bruke dei. Det er linjaler og ting som eg ein eller annan gang har kjøpt, men som eg ikkje lenger kjenner at eg vil ha.

Så eg tar i bruk Marie Kondo.

Ho seier

Elsker du tingen - behald den
Elsker du den ikkje - så gi den bort- doner - kast - resirkuler

Så eg tok ned alle tinga fra veggen. Og det vart veldig tydelig kva ting eg ville behalde. Alle twisterlinjalene. Alle dei kvadratiske omnigridlinjalane. Bildet av broren min fekk ein overhaling så det vart skikkelig stivt og kunne henge slik eit bilde skal.

Eg tok ting for ting. Om det var ein ting eg ikkje elska og som eg fekk ein slik burde følelse med så vart den lagt i haugen for donasjon. Donasjon for meg er å gi det til bruktbutikken i Førde. Hugs på det, om du no ser ting i bunken som eg skal donere bort, så betyr ikkje det at det er ting som ikkje er bra. Vi er alle ulike - nokre liker søstra, andre liker dattera og andre liker mora. Slik er det jo berre.

Det viktigaste her er at eg klarer å kjenne etter kva eg liker og at du kjenner etter kva du likar.

Uansett. Her er det eg landa på som skal ut i dag;


Fleire har ikkje fått plasten av. Det er sant. Og ho som tek turen til Elvahuset i Førde i neste veke, ho kjem til å gjere eit kupp :-) Og ein annan ting er også - når eg no får inn ein ny linjal - så kan eg kjøpe den og tenke - denne skal jammen bli kjekk å sy av. Istaden for - nei huff, eg har så mange linjaler heime eg "burde" bruke først. Den der burdetingen - det eksisterer kun inni hodet mitt. Heldigvis. Så er det opp til meg å rydde det ut. 

Og resultatet? Det skal du få sjå her; 


Eg er kjempefornøgd! Bak bildet med mini mini twister er der ein pose med alle twisterlinjalene, knivane er lette å sjå, eg har ein stripelinjal, malen til Sew together bag og fleire omnigridder og to herlige mønster og ein mini hex n more. Og no er det plass til nye lekre prosjekter også :-) 



Alt det beste til deg - vi sjåast att :-) 



Sukkertøy på tur - Utsikten på Gaularfjellet

I dag tok eg med sukkertøyet mitt på tur. Eller egentlig to - Jakob, ein av tvillingane mine var med - og så tok eg med eit av favoritteppa mine som eg veit mange av dåke har sett før. Her står eg på ein av dei tre snippane og dette er altså utsikten på Gaularfjellet. Herifra er det ca ein time å køyre til Sande. Det er ein fantastisk opplevelse som alle skulle få med seg :-)
Her kan du sjå video frå opninga - eg og Jakob fekk sitte øverst oppe. Video fra Gaularfjellsopninga
Litt hulter til bulter med bilder. Eit stykke inn på Gaularfjellet er der nokre gamle stølshus, så eg har tat med sukkertøyet mitt og tatt nokre bilder.

Her ser du teppet på den andre snippen.


Og igjen på den første snippen.

Det er så herlig med slike gamle hus.

Jakob vart så begeistra når han såg dette huset. Han forklarte korleis dei er bygd ned i bakken for at dei skal være kalde om sommaren og varme om vinteren.

Den andre snippen på avstand.

Blir du skikkelig varm kan du jo kjøle deg kraftig ned i dette fjellvatnet.

Dei flotte stølshusa. Og sukkertøyet da.

lørdag 7. mai 2016

Toalettmapper i regnbuens farger


Eg fekk inn forleden dette aldeles lekre panelet i butikken. På panelet er trykt alle fargene i 1895 paletten til Hoffman Fabrics. Det er 90 cm bredt og 100 cm langt. Ja, du skjønner :-) Prisen er 298 kr. Linken til panelet er her; Regnbuepanel


Virker ikkje linken er eg utseld, da kan du sende meg ein mal til desiree@lappeteknikk.no og sette deg på venteliste. Når eg begynte å sy visste eg ikkje kva det skulle bli. Men, eg visste at eg ville på ein måte lage eit stoffstykke av det. Det eg gjorde var å sy sammen først den eine veien. Eg kutta ingenting, berre bretta det sammen.


Her ser du over korleis det ser ut på baksida og så på framsida når eg syr eine veien.

No er alt sydd ein vei. Så er neste steg å sy slik at dei kvite stripene forsvinn.




 No ser du alt er sydd;

Eg bestemte meg for at dette skulle bli to toalettmapper - og her ser du underveis;
Eg kjenner eg blir nesten rusa av å sjå på fargane :-)

Eg bruker mykje sjult glidelås når eg syr. Du bruker den nett som vanlig glidelås. Denne har eg i manger farger i butikken - begynner å tømmes litt - men eg har framleis.

YAY! Her er den eine ferdig. Begge skal bli konfirmasjonsgåver og eg håper mottakerne blir fornøyde.

Og her er den andre;
 Og her ser du begge to;
Superfornøyd det må eg berre sei. Eg har brukt mønsteret Annas Sminkepung som er eit AnnAKa mønster.

I juni er eg så heldig at eg skal på kurs med ei dame som heiter Judi Madsen. I den anledning tenkte eg å ha symaskinene mine til service før - spesielt sidan ei venninne skal låne den eine. Vil jo ikkje at ho skal få noko krøll når ho skal sy. Så eg har laga meg ei lita liste ved sidan av maskina der eg noterer etterkvart som eg kjem på kva som skal gjerast med maskina. 


Eg har også laga ein ny video sidan sist. Du finn den her;

I videoen snakker eg eindel om komfortsona. I dag skal eg langt utanfor komfortsona mi  - eg skal hjelpe til å servere i ein konfirmasjon. Det skal nok gå bra. Men eg kjenner det godt i brystet at det kniper litt. Det viktigaste er at eg kan hjelpe - og være tilstades når eg er der. Passe på at eg gjer det eg skal og være open for nye ting.

Tusen takk for at du leste bloggen min.

Eg er takknemlig for alt som livet gir meg - eg er takknemlig for alt som skjer. Eg møter stadig utfordringer og veks kvar dag til å bli ein bedre versjon av meg sjølv.

Alt det beste til deg :-)









Regnbuepanel