Eg kan ikkje hugse sist eg var der - det har vore mange travle år der eg ikkje
har prioritert å reise - men i år kjente eg at no er det på tide og også at eg hadde kjempelyst til å dra :-)
I alle fall.
Veska mi, den er eit år gammal. Og eg har kjent på ei stund at eg hadde lyst på ny. I tillegg har det irritert meg lenge løysinga eg hadde med kortoppbevaring, og eg hadde også lyst til å sy ein ny korthaldar.
Som sagt så gjort. Først tok eg i ferd med veska. Eg ville bruke samme mønsteret som til forrige. Rett og slett fordi eg vil ha det enkelt - og det å sy vesker er ikkje min favorittsport. Så da gjer eg det enkelt. Eg brukte altså Ryum Quilt sitt mønster Veskekurven . Eg hadde ein pung fra tidligere - der eg tenkte å ha litt av kvart småtteri - og den var blågrønn i fargen. Så da ville eg ha veska også i desse fargane. Eg begynte med å pusle firkanter på H180 - H 200 kan også godt brukes.
Slik ser det då ut;
Eg skar firkantane 2,5 inch, og når eg da hadde fire i høgda og sju i bredda så vart dei akkurat passelige til størrelsen på veska. Desse strauk eg altså fast på H180 for da blir det litt stødig og det går som ein leik å sy dei sammen. Sjå her;
Den legg seg rett slik den skal så syr eg berre langs kanten. Du vil forstå når du prøver. Først tar du alle eine veien. Vidare så bretter du motsatt vei. Da klipper du heilt inntil sømmen, slik at dei bretter seg fra kvarandre. Sjå her;
Så da er det berre å sy alle motsatt vei igjen.
Slik ser det då ut, og no er panelet klart når alt er sydd og strøket. Etter dette så fylte eg berre ut med striper til eg fekk ein firkant, så følger ein resten av mønsteret. Her kan du sjå resultatet;
Etter dette såg det ut som eit bombenedslag på syrommet. Så eg bestemte meg for at no fekk eg ta meg på tak og rydde. Så eg fekk ordna dei to arbeidsflatene som eg har. Etter rydding i 15 minutt såg det sånn ut;
Eg visste at neste dag, da skulle eg sy meg eit par ting til, før eg følte at eg var heilt reiseklar. Og i dag, så tok eg fatt på korthaldaren. Her sydde eg etter innfallsmetoden og logisk tenking. Kjempefornøyd! Har brukt ein metall lås som du finn her.
Det var jo berre å sette i gang. :-)
No er planen å sy eit trekk til IPaden min. Den er splitter ny - eg tok meg på tak og investerte - eg veit jo at mange av dåke bruker mykje IPad og eg vil jo ikkje være gammeldags heller :) Eg har ein mistanke om at når det trekket er ferdig så er der ikkje krefter att til å skrive blogginnlegg, så det får bli til ein annan gang å vise det fram.
Eg håper du har det bra der du er - stor klem fra Desiree
Så smart måte å sy lappene sammen på! Den må jeg prøve. Flotte ting du har laget. Og for ett ryddig syrom - da er det koselig å komme inn i syhula :)
SvarSlett