Eg fekk inn forleden dette aldeles lekre panelet i butikken. På panelet er trykt alle fargene i 1895 paletten til Hoffman Fabrics. Det er 90 cm bredt og 100 cm langt. Ja, du skjønner :-) Prisen er 298 kr. Linken til panelet er her; Regnbuepanel
Virker ikkje linken er eg utseld, da kan du sende meg ein mal til desiree@lappeteknikk.no og sette deg på venteliste. Når eg begynte å sy visste eg ikkje kva det skulle bli. Men, eg visste at eg ville på ein måte lage eit stoffstykke av det. Det eg gjorde var å sy sammen først den eine veien. Eg kutta ingenting, berre bretta det sammen.
Her ser du over korleis det ser ut på baksida og så på framsida når eg syr eine veien.
No er alt sydd ein vei. Så er neste steg å sy slik at dei kvite stripene forsvinn.
Eg bestemte meg for at dette skulle bli to toalettmapper - og her ser du underveis;
Eg kjenner eg blir nesten rusa av å sjå på fargane :-)
Eg bruker mykje sjult glidelås når eg syr. Du bruker den nett som vanlig glidelås. Denne har eg i manger farger i butikken - begynner å tømmes litt - men eg har framleis.
YAY! Her er den eine ferdig. Begge skal bli konfirmasjonsgåver og eg håper mottakerne blir fornøyde.
Og her er den andre;
Og her ser du begge to;
Superfornøyd det må eg berre sei. Eg har brukt mønsteret Annas Sminkepung som er eit AnnAKa mønster.
I juni er eg så heldig at eg skal på kurs med ei dame som heiter Judi Madsen. I den anledning tenkte eg å ha symaskinene mine til service før - spesielt sidan ei venninne skal låne den eine. Vil jo ikkje at ho skal få noko krøll når ho skal sy. Så eg har laga meg ei lita liste ved sidan av maskina der eg noterer etterkvart som eg kjem på kva som skal gjerast med maskina.
Eg har også laga ein ny video sidan sist. Du finn den her;
I videoen snakker eg eindel om komfortsona. I dag skal eg langt utanfor komfortsona mi - eg skal hjelpe til å servere i ein konfirmasjon. Det skal nok gå bra. Men eg kjenner det godt i brystet at det kniper litt. Det viktigaste er at eg kan hjelpe - og være tilstades når eg er der. Passe på at eg gjer det eg skal og være open for nye ting.
Tusen takk for at du leste bloggen min.
Eg er takknemlig for alt som livet gir meg - eg er takknemlig for alt som skjer. Eg møter stadig utfordringer og veks kvar dag til å bli ein bedre versjon av meg sjølv.
Alt det beste til deg :-)
Regnbuepanel
Dette blei skikkeleg tøft.
SvarSlettBle fine toalettmapper. Og når jeg ser på teknikken du syr sammen på , så er det slik vi syr watercolor også, så det fikk jeg lyst til å sy nå :) Ha en fin dag i serveringsyrket ,det går sikkert fint :) Vi sees snart og det gleder jeg meg til :)
SvarSlett