viste korleis ein applikerer på ein enkel måte.
Først no så forklarer eg litt med tekst og bilder - og så kjem det lenger nede ein video med samme forklaringa. Nokre lærer best når ein ser det i ein tekst - andre i ein video - så her får du begge deler.
Det første du treng er eit limpapir som heiter Vliesofix. Det sel eg i nettbutikken på rull. Dvs i ein rull så får du to lengder som måler 250 cm og bredda er ca 45 cm. Du finn det her. Vliesofix.
Så treng du eit mønster som inneheld tegninger til applikasjon, eller du kan også tegne dine eigne mønstre. Steg to er at du legg vliesofixen på mønsteret du skal bruke, og hugs å ha den limete sida ned og tegn på papirsida.
Eg tar utgangspunkt i mønsteret Hjertegod - enten finner du det på syrommet ditt - eller du finner det her. Hjertegod.
Som du ser så tegner eg langs streken. Når eg har gjort det klipper eg ut ca 1 cm eller meir utanfor den oppstreka linja. Så limer eg det på baksida av stoffet eg skal bruke;
Når det er limt på på baksida av stoffet så klipper du langs linja.
Så klipper du altså ut hjertene - eit eller fleire alt etter kva du skal sy. Når det er gjort så ser du i filmen korleis eg så går fram;
Film om korleis du applikerer
Her ser du dei to hjerta eg har laga - eg vil påstå at det som har det skarpe rosa i midten er det finaste. Det har noko med å få fram stoffa som er brukt.
Og så til sist heile løparen - om det er slik den blir til slutt veit eg ikkje. Eg kjem til å legge den til sides og sjå kva som skjer. I mellomtida har eg noko anna eg skal sy.
Men her er så langt eg er komt. Eg er superfornøgd med det graderte stoffet - det har eg i mange farger i butikken - Boysenbær Stjernehimmel Det eg gjorde var at eg på den smale stripa kutta det på midten og sydde det sammen i den mørke enden. Da fikk eg mørkt i midten og lyst på kanten.
Så får vil sjå kva som skjer. Om det kjem meir på, om eg beheld det som det er. Eg trur kan hende eg tek av det eine hjertet - det som er nederst. Men det er heilt ok det også. Når det gjeld dei grå stoffa brukte eg noko eg hadde.
Og her ser du heile løperen. Kun no lukkekanten som gjenstår. Det blir ein dag eg vil sitte og slappe av i godstolen og høyre på noko fint på øret.
Håper at du fann innlegget nyttig - og at du får kosa deg ved symaskina.
Klem fra Desiree