Og her sitter eg og syr rammer på Easy Street. Det er eit gigantisk teppe eg har sydd etter eit mysterie i Bonnie Hunter. Eg fekk ramma og bakstykket ferdig, så no skal eg sende det til Anne i Quiltestallen for quilting. Gleder meg til å gjere det heilt ferdig. Varm klem til deg og dine :-)
Eg er Desiree :-) Daglig leder av www.lappeteknikk.no Og på fritida syslar eg med søm og anna skikkelige kjekke ting.
torsdag 24. januar 2013
lørdag 19. januar 2013
Regnbuen
I dag har eg kosa meg med å sy ei gave til ei kvinne eg ikkje har møtt før. Dette er utgangspunktet for ei toalettmappe, og eg er veldig nøgd med det ferdige produktet. På bildet ser du panelet som etterkvart fikk svart ramme med regnbuens fargar i. Det var nok blitt litt blåtime når bildet vart tatt, så lyset er ikkje av det beste til å få fram det rette fargeinntrykket. Eg koser meg med restane, og er forundra over kor langt dei strekk.
Gutane skulle i bursdag i dag, og i går fekk eg grei beskjed. No var det nok penalhus og pengepungar. Eg fekk begynne å sy skåler i staden. Så da vart det ei skål med kolaflasker på. Diameteren er ca 30 cm, så den vart stor og god til chips eller anna. Ein kamerat var med når vi pakka inn, han skulle gi hundre kroner. Så vi pakka dei like godt inn saman.
Til sist; Eg held på å samle inn sangar til eit prosjekt eg jobber med. Eg har lova alle dei som gir meg deira fem favorittsanger at eg skal sy ein mug rug til dei. Kun ein har meldt seg så langt, og her er mug rugen han får. Sydd i rester denne også. Eg håper han blir fornøyd, han har bestilt lyseblått.
Ellers har eg diverse paralelle prosjekter, og eg storkoser meg ved symaksina. Varm klem til dere alle!
torsdag 10. januar 2013
Sandy blokker
Eg var så heldig og fremdeles er, at eg kom over ei bloggvenninne som syr blokker som skal sendes til USA, der de skal syes sammen til tepper og så doneres til de som mista alt i stormen Sandy. Eg har meldt meg på med åtte blokker. Dette var ei ny utfordring for meg. Etter bildene eg såg, så skulle blokkene bli sydd av rester, og uten nokon som helst plan. Eg er godt fornøyd med resultatet, og synest at dei vart no ikkje så verst likevel. Vil du lese meir om donasjon av blokker? Klikk her.
torsdag 3. januar 2013
Fargerike baksider
I dag har eg laga noko som eg fann på ein blogg. No har eg klart å tulle bort bloggen, eg håper dere kan tilgi meg for det. Eg har gjort det litt annleis enn inspirasjonskilda. Eg har brukt stoff, og strauk ei smal stripe med Steam a Seam på boksen. Eg kunne også gjort det på stoffet. No er permane ein fargeklatt på tv stova vår. Vi tuller ofte med at "jammen bra vi har bladene i boksene". Fakta er vel at vi åpner dem omtrent aldri. Blant anna er Jakt og Fiske dei bladene som er freda. :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)