Dette blogginnlegget skal handle om Annas Sminkepung, du får ein video om korleis ein syr i glidelåsen, dette med tillatelse fra AnnAKa. Du får også sjå litt kor langt eg er komt på neste teppeprosjekt og ellers litt betraktninger fra kva som skjer her i garden :-)
Vi bur i Klokkargarden, det er navnet på nabolaget vårt. Det kjem frå i gamle dager så hadde klokkaren sitt hus/husmannsplass/gardsbruk her. No er det altså eit byggefelt. Vi bur i enden av veien og vi trives godt med det. Det er ein månad sidan eg sist blogga, det har vore supertravelt. Eldstemann er flytta til Leeds, England for å studere SportsManagement og å spele fotball. Det merkast godt no at han er flytta på mange måter. Om ikkje lenge skal eg reise bort og besøke han og det gleder eg meg veldig til.
Eg held altså på med eit stort prosjekt. Eg har ein plan om å ta ein farge kvar dag, så får vi sjå kor lang eg kjem med det. Her ser du teppet og ellers har eg ferdig dei røde blokkene og skåre klar til dei oransje :-)
Bladet der mønsteret står har eg lånt av Sølvi Govasli Malm :-) Tusen takk - håper å kunne returnere om ikkje så lenge :-)
Så er det morgonens prosjekt.
Eg syr av dei lekre stoffa fra Acreage - dei finn du her; Acreage fra Moda
Det eg no gjer er at eg syr dei blå og rosa snapfirkantane - snap er ei pakke med 42 biter som måler 2,5 inch kvar - dei syr eg til ei grønn Kona Cotton stripe. Så skal eg ta dei andre og sy til ei blågrønn stripe som også passer perfekt i fargen. Her kan du sjå starten;
Eg har altså kutta ei stripe som måler det samme som snapkvadrata, 2,5 inch. Så legg eg dei på og syr fortløpande på stripa. Etterpå stryk eg og parar dei sammen til firerblokker. Slik ser dei da ut;
No skal eg sy dei sammen slik at eg får klart framstykket og bakstykket, og da er det klart til å sy i glidelåsen. Mønsteret på Annas Sminkepung finn du her; Annas Sminkepung
No er videoen klar - den ser du her; Hvordan sy i et glidelås
I videoen så påpeiker eg ein forskyvningsfeil - så etter eg hadde gjort ferdig glidelåsvideoen, spretta eg opp att.
Det er fort gjort å sprette opp att og korrigere, og etterpå er eg alltid så gla for at eg gjorde det. Det er først siste året eg er begynt med det og eg er veldig fornøyd.
Her ser du resultatet;
Eg likte så godt desse stoffene til Shannon Gillman Orr- og no skriv vi september 2016 så eg har dei nok ei stund framover i butikken. Eg har også brukt Kona Cotton med dei. Her ser du ein detalj, syklane e so søte!
Dette var altså med utgangspunkt i Annas Sminkepung;
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar