lørdag 16. juli 2016

Forelska i rydding

Eg er forelska. Det er berre å innrømme.

Eg er forelska i ei dame som heiter Marie Kondo.

Heimesida hennar finn du her; https://konmari.com/

Dåke som har fulgt meg ei stund veit at eg er oppteken av å rydde og av å fjerne ting som ikkje lenger gangnar oss. Stadig kjem eg i situasjonar som minner meg på at dette er ein livslang prosess.

I alle fall.

I slutten av mai flytta Samuel inn på syrommet mitt og eg flytta ut og ned i stova. Eg hadde store planer om kva som skulle skje når rommet vart ledig. Når dagen kom tok eg alt ut, vaska grundig og tok ting inn att. Så skjedde det ingenting. Ingenting. Det er ikkje noko kjekt.

Vel - så høyrde og såg eg litt på youtube og Marie Kondo. Og det gikk opp for meg. Eg ville ikkje inn på syrommet fordi det var ting der inne som ikkje høyrde heime der. På eit syrom skal det jo være god energi - fristande - kreativt rom - ro - glede og alt som ein berre kan drøyme om i ei kreativ hule.

Så eg gjekk inn på syrommet og det slo meg. Kva er det eg skal sitte og sjå på når eg syr? Dette;

Ved første augekast ser det jo greit ut.

Men

Problemet er at der henger ein del ting som eg rett og slett ikkje vil bruke, og som gir meg ein sånn følelse av at eg "burde" bruke dei. Det er linjaler og ting som eg ein eller annan gang har kjøpt, men som eg ikkje lenger kjenner at eg vil ha.

Så eg tar i bruk Marie Kondo.

Ho seier

Elsker du tingen - behald den
Elsker du den ikkje - så gi den bort- doner - kast - resirkuler

Så eg tok ned alle tinga fra veggen. Og det vart veldig tydelig kva ting eg ville behalde. Alle twisterlinjalene. Alle dei kvadratiske omnigridlinjalane. Bildet av broren min fekk ein overhaling så det vart skikkelig stivt og kunne henge slik eit bilde skal.

Eg tok ting for ting. Om det var ein ting eg ikkje elska og som eg fekk ein slik burde følelse med så vart den lagt i haugen for donasjon. Donasjon for meg er å gi det til bruktbutikken i Førde. Hugs på det, om du no ser ting i bunken som eg skal donere bort, så betyr ikkje det at det er ting som ikkje er bra. Vi er alle ulike - nokre liker søstra, andre liker dattera og andre liker mora. Slik er det jo berre.

Det viktigaste her er at eg klarer å kjenne etter kva eg liker og at du kjenner etter kva du likar.

Uansett. Her er det eg landa på som skal ut i dag;


Fleire har ikkje fått plasten av. Det er sant. Og ho som tek turen til Elvahuset i Førde i neste veke, ho kjem til å gjere eit kupp :-) Og ein annan ting er også - når eg no får inn ein ny linjal - så kan eg kjøpe den og tenke - denne skal jammen bli kjekk å sy av. Istaden for - nei huff, eg har så mange linjaler heime eg "burde" bruke først. Den der burdetingen - det eksisterer kun inni hodet mitt. Heldigvis. Så er det opp til meg å rydde det ut. 

Og resultatet? Det skal du få sjå her; 


Eg er kjempefornøgd! Bak bildet med mini mini twister er der ein pose med alle twisterlinjalene, knivane er lette å sjå, eg har ein stripelinjal, malen til Sew together bag og fleire omnigridder og to herlige mønster og ein mini hex n more. Og no er det plass til nye lekre prosjekter også :-) 



Alt det beste til deg - vi sjåast att :-) 



Sukkertøy på tur - Utsikten på Gaularfjellet

I dag tok eg med sukkertøyet mitt på tur. Eller egentlig to - Jakob, ein av tvillingane mine var med - og så tok eg med eit av favoritteppa mine som eg veit mange av dåke har sett før. Her står eg på ein av dei tre snippane og dette er altså utsikten på Gaularfjellet. Herifra er det ca ein time å køyre til Sande. Det er ein fantastisk opplevelse som alle skulle få med seg :-)
Her kan du sjå video frå opninga - eg og Jakob fekk sitte øverst oppe. Video fra Gaularfjellsopninga
Litt hulter til bulter med bilder. Eit stykke inn på Gaularfjellet er der nokre gamle stølshus, så eg har tat med sukkertøyet mitt og tatt nokre bilder.

Her ser du teppet på den andre snippen.


Og igjen på den første snippen.

Det er så herlig med slike gamle hus.

Jakob vart så begeistra når han såg dette huset. Han forklarte korleis dei er bygd ned i bakken for at dei skal være kalde om sommaren og varme om vinteren.

Den andre snippen på avstand.

Blir du skikkelig varm kan du jo kjøle deg kraftig ned i dette fjellvatnet.

Dei flotte stølshusa. Og sukkertøyet da.

lørdag 7. mai 2016

Toalettmapper i regnbuens farger


Eg fekk inn forleden dette aldeles lekre panelet i butikken. På panelet er trykt alle fargene i 1895 paletten til Hoffman Fabrics. Det er 90 cm bredt og 100 cm langt. Ja, du skjønner :-) Prisen er 298 kr. Linken til panelet er her; Regnbuepanel


Virker ikkje linken er eg utseld, da kan du sende meg ein mal til desiree@lappeteknikk.no og sette deg på venteliste. Når eg begynte å sy visste eg ikkje kva det skulle bli. Men, eg visste at eg ville på ein måte lage eit stoffstykke av det. Det eg gjorde var å sy sammen først den eine veien. Eg kutta ingenting, berre bretta det sammen.


Her ser du over korleis det ser ut på baksida og så på framsida når eg syr eine veien.

No er alt sydd ein vei. Så er neste steg å sy slik at dei kvite stripene forsvinn.




 No ser du alt er sydd;

Eg bestemte meg for at dette skulle bli to toalettmapper - og her ser du underveis;
Eg kjenner eg blir nesten rusa av å sjå på fargane :-)

Eg bruker mykje sjult glidelås når eg syr. Du bruker den nett som vanlig glidelås. Denne har eg i manger farger i butikken - begynner å tømmes litt - men eg har framleis.

YAY! Her er den eine ferdig. Begge skal bli konfirmasjonsgåver og eg håper mottakerne blir fornøyde.

Og her er den andre;
 Og her ser du begge to;
Superfornøyd det må eg berre sei. Eg har brukt mønsteret Annas Sminkepung som er eit AnnAKa mønster.

I juni er eg så heldig at eg skal på kurs med ei dame som heiter Judi Madsen. I den anledning tenkte eg å ha symaskinene mine til service før - spesielt sidan ei venninne skal låne den eine. Vil jo ikkje at ho skal få noko krøll når ho skal sy. Så eg har laga meg ei lita liste ved sidan av maskina der eg noterer etterkvart som eg kjem på kva som skal gjerast med maskina. 


Eg har også laga ein ny video sidan sist. Du finn den her;

I videoen snakker eg eindel om komfortsona. I dag skal eg langt utanfor komfortsona mi  - eg skal hjelpe til å servere i ein konfirmasjon. Det skal nok gå bra. Men eg kjenner det godt i brystet at det kniper litt. Det viktigaste er at eg kan hjelpe - og være tilstades når eg er der. Passe på at eg gjer det eg skal og være open for nye ting.

Tusen takk for at du leste bloggen min.

Eg er takknemlig for alt som livet gir meg - eg er takknemlig for alt som skjer. Eg møter stadig utfordringer og veks kvar dag til å bli ein bedre versjon av meg sjølv.

Alt det beste til deg :-)









Regnbuepanel

lørdag 23. april 2016

Mosefjerning og 17.mai løpere

I dag vakna eg først til blå himmel og hodepine. Så langt var halvparten eg hadde planlagt i boks. Hodepinen forstår du sikkert var ikkje planlagt. Så lista mi vart lagt betraktelig ned for kva som skulle skje i løpet av dagen. Så var eg så heldig at ein kunde sendte meg ei melding om eit stoff ho lurte på - og sidan eg veit ho er healer så spurte eg om ho kunne sende meg litt healing. Ho kunne gi meg ein liten dose, og det gikk ikkje lenge før eg følte meg bedre. Det skal seiast at eg vakna i natt 0400 av at fullmånen (nesten full) skein på meg og det var da eg merka hodepinen først.

So far so good :-) Hodepine har eg sjelden. Eg får den som regel når eg har hatt strikk i håret. Så no gjeld det å hugse å ikkje ta strikk i håret.

Har du nokon gong følt at du har uendelig mykje å gjere? At lista med ting du skal gjere er så lang at du blir matt av tanken? Eg har hatt det litt slik i det siste. Det er så mykje eg vil, og så ser eg ikkje heilt korleis eg skal komme i havn. No har eg vore så heldig at eg har vakna utkvilt 0545 dei siste vekene, og det er klart, det hjelper på. Mykje på. Men så i går når eg høyrde på ein av guruane mine, Ester Hicks, så kom eg på noko eg har lært av henne for lenge sidan. Ho nevnte det att i går, og eg måtte slå meg for panna, at eg ikkje har praktisert det meir, er det mulig?

Eg fortel litt om det i denne videoen;



Klikk på denne teksten så kjem du til videoen :-)


Altså - eg skal sy ein 17. mai løper til gangen, og den skal måle ca 33 ganger 75 cm. Her ser du utgangspunktet;
Eg har lyst til å ha eit utvalg i stoffene eg skal sy av. Eg treng eigentlig berre 20 bitar til denne, men eg skjær tre biter av kvart stoff;
Eg legg rett og slett stoffa slik, så det er eit lag av kvart stoff.

Så reinskjer eg ca 1 cm. Eg kutter altså fra kortenden på stoffet og de er 30-centimeter breie. Så kutter eg etter anvisninga i mønsteret. Det får du forresten kjøpt her;

Ofte har stoffene lekre jarekanter, da kutter eg av 3 cm og legg det i skatteboksen. Ein dag skal eg sy noko lekkert av desse.

No har eg kutta, og eg har rikelig til å begynne å legge firkantene utover. Når eg har lagt dei utover så syr eg de sammen slik som du ser på bildet.
Så syr eg på rammer og da er eg klar til å kutte ut twisterene. Det er viktig å ha ein god bitteliten linjal, slik du ser her. Den er 18 mm. Eg har i butikken i fleire ulike merker.
No er det tid for å skjere ut twisterene. For enkelhets skuld så har eg her kutta først ut ein.

Så har eg kutta ut tre og du ser korleis du skal legge dei.

Her er alle kutta ut. Legg merke til korleis dei to blå spesielt (dette er den andre sida) ikkje kjem så godt fram. Det er eit godt eksempel på korleis kontrast er viktig for at du skal få fram twisterane. Vil du lage ein i watercolor, der fargane glir over kvarandre er det klart at kontrast ikkje er så viktig.


No er det å sy dei sammen. Eg valgte så å fylle ut med stoff rundt dei og legge til denne tittekanten før ramma kom på. Tittekant er berre ei stripe på 1,5 inch som er folda i to. Så syr eg den på før ramma.
Under ser du kor duken skal ligge. Sidan lampen og planten skal stå der så valgte eg eit litt utradisjonelt utseende på løparen.

Da er den ferdg. No skjønner du ka eg meiner med utradisjonell. Eg er superfornøyd!!! Litt


Eit lite nærbilde. No kan 17.mai komme! Nesten ( eg har eit par til i magen )

Har du lyst til å kjøpe deg nokre stoffer til 17.mai prosjekter? Sjekk kategorien i nettbutikken som heiter 17.mai - der finn du nokre stoffer som er perfekte.

Ønsker deg ein deilig dag - og veit du? Heile plenen har fått gjennomgå av mosefjerneren, uten at eg var innblanda anna enn å ønske meg det :-)


:-)






tirsdag 12. april 2016

LogCabin lilla og grått

Resteteppe i grått og lilla - planer i dag;

Først skal eg rydde litt i restane etter teppet som vart ferdig i helga. Her har eg masse restevatt som skal på rett plass, og også rester etter bakstykket. Flotte striper til resteblokkene mine i Log-Cabin.
Sjølve teppet ser slik ut; 
Og for å slå eit slag for det lekre stoffet eg brukte på baksida; 
Sukk - eg har forelska meg heilt i dette lilla med dei små prikkane.

 No har det fått ein ny heim i Kent i Usa. :-) 

torsdag 22. oktober 2015

Veskekurven - høyrt om den?

Veskekurven - høyrt om den?

Det aller mest populære mønsteret eg har hatt gjennom åra er haustens Veskekurven. Designer er Linda Olsen Ryum. Kva er det som gjer mønsteret så populært? Eg trur det må være blant anna at det faktisk er veldig lett å sy.

Etter å ha sett utallige variantar av den dei siste månadane visste eg at denne måtte eg sy. Først spurte eg Lillian Volden om ho ville sy ein modell til butikken i Japansk Vevde stoffer. Det sa ho ja til med ein gang, og når dei kom i hus - ja da fekk eg berre så lyst til å sy ei eg også. Etter nokre dagar tok eg mot til meg, og sydde. Og når den var ferdig forsto eg godt kvifor så mange syr den. Den er rett og slett enkel, grei, og den kan varierast på utallige måtar. Eg sydde den først i kun et stoff, men no har eg nummer to under planlegging.

I helga er det ikkje så mykje på plakaten, og da blir det syrom som er første prioritet. Eg gleder meg til å sette meg å  sy nummer to. Og no skal du få sjå nummer ein;


Eg er utseld for stoffet - det må eg berre beklage. Men, du ser godt kor flott den blir med eit motivstoff. Har du ikkje fått kjøpt mønsteret enda og har lyst på det så finn du det her;
VESKEKURVEN

Det er travle tider i butikken og det er så kjekt. Ellers jobber eg med at du som kunde skal få ein enda bedre opplevelse i butikken, og eg håper at du vil finne endringene positive.

Klem til dere alle fra Desiree

fredag 2. oktober 2015

Regnbuer og pepsicola

Kjære du som les denne bloggposten.

Eg håper - du har det bra - eg håper at om du ikkje har det bra at du har trua at ting vil bli bedre. Og du skal vite om du ikkje har trua - det er alltid eit lys i enden av tunellen.

Det beste med regntunge dagar er regnbuen. Eg tenker ikkje så mykje på sola som er bak, men regnbuen den liker eg veldig godt. Og kjem der to regnbogar, åh, det er så fantastisk. Som denne som Inge fekk bilde av etter han kryssa grensa til Nordland på onsdag;

Og sidan eg er så glad i regnbuar så har det i det siste blitt slik at når eg ser eit mønster med regnbuer så får eg så lyst til å sy det, men i regnbuens farger. Teppet under er eit slikt mønster. Eg hadde pakker med klare farger i butikken, og stripene kviskra til meg kvar gang eg gjekk forbi - bruk meg - sy meg - sy meg inn i ein regnboge.... Så då vart det regnbogen på Bleik. Eg er svært svært nøgd.




Det er så mykje eg har lyst til å sy, og når kvardagane er travle må eg passe ekstra godt på så eg får prioritert det. No har eg ein superlang lukkekant som ventar, og eg har bestemt meg for å prioritere den før eg begynner på neste prosjekt. Stor klem fra meg til deg :-)