Veskekurven - høyrt om den?
Det aller mest populære mønsteret eg har hatt gjennom åra er haustens Veskekurven. Designer er Linda Olsen Ryum. Kva er det som gjer mønsteret så populært? Eg trur det må være blant anna at det faktisk er veldig lett å sy.
Etter å ha sett utallige variantar av den dei siste månadane visste eg at denne måtte eg sy. Først spurte eg Lillian Volden om ho ville sy ein modell til butikken i Japansk Vevde stoffer. Det sa ho ja til med ein gang, og når dei kom i hus - ja da fekk eg berre så lyst til å sy ei eg også. Etter nokre dagar tok eg mot til meg, og sydde. Og når den var ferdig forsto eg godt kvifor så mange syr den. Den er rett og slett enkel, grei, og den kan varierast på utallige måtar. Eg sydde den først i kun et stoff, men no har eg nummer to under planlegging.
I helga er det ikkje så mykje på plakaten, og da blir det syrom som er første prioritet. Eg gleder meg til å sette meg å sy nummer to. Og no skal du få sjå nummer ein;
Eg er utseld for stoffet - det må eg berre beklage. Men, du ser godt kor flott den blir med eit motivstoff. Har du ikkje fått kjøpt mønsteret enda og har lyst på det så finn du det her;
VESKEKURVEN
Det er travle tider i butikken og det er så kjekt. Ellers jobber eg med at du som kunde skal få ein enda bedre opplevelse i butikken, og eg håper at du vil finne endringene positive.
Klem til dere alle fra Desiree
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar