So far so good :-) Hodepine har eg sjelden. Eg får den som regel når eg har hatt strikk i håret. Så no gjeld det å hugse å ikkje ta strikk i håret.
Har du nokon gong følt at du har uendelig mykje å gjere? At lista med ting du skal gjere er så lang at du blir matt av tanken? Eg har hatt det litt slik i det siste. Det er så mykje eg vil, og så ser eg ikkje heilt korleis eg skal komme i havn. No har eg vore så heldig at eg har vakna utkvilt 0545 dei siste vekene, og det er klart, det hjelper på. Mykje på. Men så i går når eg høyrde på ein av guruane mine, Ester Hicks, så kom eg på noko eg har lært av henne for lenge sidan. Ho nevnte det att i går, og eg måtte slå meg for panna, at eg ikkje har praktisert det meir, er det mulig?
Eg fortel litt om det i denne videoen;
Altså - eg skal sy ein 17. mai løper til gangen, og den skal måle ca 33 ganger 75 cm. Her ser du utgangspunktet;
Eg har lyst til å ha eit utvalg i stoffene eg skal sy av. Eg treng eigentlig berre 20 bitar til denne, men eg skjær tre biter av kvart stoff;
Eg legg rett og slett stoffa slik, så det er eit lag av kvart stoff.
Så reinskjer eg ca 1 cm. Eg kutter altså fra kortenden på stoffet og de er 30-centimeter breie. Så kutter eg etter anvisninga i mønsteret. Det får du forresten kjøpt her;
Ofte har stoffene lekre jarekanter, da kutter eg av 3 cm og legg det i skatteboksen. Ein dag skal eg sy noko lekkert av desse.
No har eg kutta, og eg har rikelig til å begynne å legge firkantene utover. Når eg har lagt dei utover så syr eg de sammen slik som du ser på bildet.
Så syr eg på rammer og da er eg klar til å kutte ut twisterene. Det er viktig å ha ein god bitteliten linjal, slik du ser her. Den er 18 mm. Eg har i butikken i fleire ulike merker.
No er det tid for å skjere ut twisterene. For enkelhets skuld så har eg her kutta først ut ein.
Så har eg kutta ut tre og du ser korleis du skal legge dei.
Her er alle kutta ut. Legg merke til korleis dei to blå spesielt (dette er den andre sida) ikkje kjem så godt fram. Det er eit godt eksempel på korleis kontrast er viktig for at du skal få fram twisterane. Vil du lage ein i watercolor, der fargane glir over kvarandre er det klart at kontrast ikkje er så viktig.
No er det å sy dei sammen. Eg valgte så å fylle ut med stoff rundt dei og legge til denne tittekanten før ramma kom på. Tittekant er berre ei stripe på 1,5 inch som er folda i to. Så syr eg den på før ramma.
Under ser du kor duken skal ligge. Sidan lampen og planten skal stå der så valgte eg eit litt utradisjonelt utseende på løparen.
Da er den ferdg. No skjønner du ka eg meiner med utradisjonell. Eg er superfornøyd!!! Litt
Eit lite nærbilde. No kan 17.mai komme! Nesten ( eg har eit par til i magen )
Har du lyst til å kjøpe deg nokre stoffer til 17.mai prosjekter? Sjekk kategorien i nettbutikken som heiter 17.mai - der finn du nokre stoffer som er perfekte.
Ønsker deg ein deilig dag - og veit du? Heile plenen har fått gjennomgå av mosefjerneren, uten at eg var innblanda anna enn å ønske meg det :-)
:-)
For ein fin 17.mai duk du sydde med twister linjalen. Den skal eg få tak i ein gong og prøve ut :-) Løparen din passer kjempefint på det bordet :-) blei verkeleg lekker.
SvarSlettSer litt vanskeleg ut å sy twister men alltid spennande å prøve noko nytt :-)
Klem frå Smøla
Twister er veldig lett - det er berre å følge bildene steg for steg :-)
SlettSå fin den ble. Nå fikk jeg lyst å sy med twisterlinjalen min og... Lurer på hvor den har gjemt seg??
SvarSlettDu får gå på skattejakt :-)
SlettDette ser veldig fint og artig ut. Har ikke sett denne teknikken før, men så er jeg for nybegynner å regne. Hadde vært artig å prøve, men hvordan skal jeg prioritere for å få tid til alt jeg har lyst til. Fritidsproblemer eksisterer ikke....
SvarSlettHilsen Karin
Eg tenker det viktigeste er at du gjer det du har lyst til. Og hender det at du gjer ting du ikkje har lyst til så kan du jo kjenne etter kva det gir deg? :-) Kjekt når inspirasjonen bobler.
SlettKjempestilig :)
SvarSlettJeg her nybegynner og et av de prosjektene jeg har startet med er en løper med limegrønne og lilla "twistere" på sort bunn. Jeg har dem tett i tett med kant rundt og har valgt å feste alle lagene med et kryss i hver "twist" i matchende farge.
Det er et mønster jeg vet jeg kommer til å sy mer av og jeg lurer derfor på hvordan du har valgt å quilte denne ?
Nina
Denne har eg ikkje quilta enda. Eg har kun sydd nokre rette linjer langs kantene - tre elle fire for å feste lagene. Eg tar den sannsynligvis att og quilter med buer eller lignende.
Slett