Så er badet klart til jul. Eller nesten i alle fall. Min bedre halvdel proklamerte høgt og tydelig i går at han skulle julevaske både bad og kjøkken. Eg vart inspirert til å sy to brikker, eit til kvart nattbord som vi bruker som baderomsinredning. Eg sydde også eit forheng til under vasken. Der oppbevarer vi handduker og toalettpapir, så det er kjekt å skjule det bak noko fint. Julevaskinga vart det så som så med, men det gjer ikkje noko for min del. Eg er berre så glad for at eg fekk eit lite puff til å sy noko nytt. Brikkene er sydd i fiskebeinsmønter og stjernene, der har eg brukt blå rester fra brikkene. Eg er så glad i å sy i rester, da blir det så livlig synest eg. Håper du har ein fin dag der du er, klem fra Desiree
Eg er Desiree :-) Daglig leder av www.lappeteknikk.no Og på fritida syslar eg med søm og anna skikkelige kjekke ting.
torsdag 20. desember 2012
lørdag 8. desember 2012
Familieteppe - 8 års ufo
Dette teppet vart ferdig i går. Det har vore ein UFO veldig lenge. Og ein ufo som er lett å daterie, sidan tvillingane da var et halvt år når føtter og hender vart trykt. Vi trykte hender og føtter av heile familien, og eg begynte på eit teppe med friskt mot. Sidan har den komt fram med jevne mellomrom, og eg har nok sydd litt vidare på den mest fordi eg følte eg måtte. Så gleda var stor når ein kveld denne veka eg kom over den att og kjente at no, no har egl yst til å sy den ferdig. Johannes, den eine tvillingen, er med på bildet. Det vart nokre bilder før han følte at hans image som tøff var ivaretatt :-) Talet UFOar skrumpar kraftig inn, og eg kjenner at eg har god lyst til å gjere alt ferdig. Gjerne før den magiske datoen 12.12.12, så får vi sjå kva eg får til. Ellers så vil eg dele ein film med dere, ikkje noko koselig advents film, men ein film om oss kvinner, om vaginaer, om Eve og kva ho kjempar for. Den handlar ingenting om lappeteknikk, men den handlar om oss, og våre medsøstre. Her er filmen.
fredag 7. desember 2012
Square Dance med Taupe stoffer
Eg har sydd ferdig Square Dance, eller twister duken min. Den brukte eg Japanske vevde stoffer i og også nokre få trykte. Spesielt fornøyd er eg med måten eg har quilta den på. Mugga har eg arva etter mormor og stoffboksen bruker eg til å ha fargetusjer i. Hadde så lyst å ha noko som matcha til det, så gjer det ikkje noko at det står framme.
Her ser du den ulande ulven. Dette er eit landskapsteppe eg har sydd for... tja det må jo være nesten ti år sidan. Eg liker det veldig godt, og no skal det henge på veggen igjen ei stund. Ha ein fine kvelde du :-)
fredag 30. november 2012
Adventskapper
Adventskappene er ferdige. Sidan eg er med i Bonnies Mysterie visste eg at det kunne være greit å være ferdige med desse til mysteriet kom på plass. Eg er veldig fornøyd, blokkene er sydd med den vesle twisterlinjalen. Grått rundt og kun fire blokker i kvar kappe.
Godt nøgd :-)
Godt nøgd :-)
torsdag 8. november 2012
Regnbuens farger
Ja, regnbuens fargar. Dei elsker eg. Det er så flott å sjå korleis desse fargane går over i kvarandre, og å bruke dette som utgangspunkt når eg skal sy. Denne gangen har eg prøvd meg på små hemper på kvar side av portemonneen eller vesleveska. Ah, Vesleveksa, var ikkje det eit flott navn? Heretter trur eg eg skal kalle dei Vesleveskene mine :-) uansett, den har samme dekor på hi sia også. Også kan du sjå ei lita dekkebrikke. Den er uten lukkekant, berre lukka med tett dekorsaum. Trur nok det blir fleire slike. Ha ein fine dage due :-)
lørdag 3. november 2012
Sortere trådene
I dag har eg sortert i tråden min. Eg har ikke noko eg MÅ sy, eller noko kreativitet i augneblinken som vil manifestere seg ved symaskina, så eg nyttar sjangsen til å rydde litt. Eg synest ofte når eg syr at eg manglar akkurat den tråden eg treng, og det er jo rart når eg har så mykje tråd. Blant anna har eg ikkje alltid tråd til å legge til lukkekanten for hand. No har eg bestemt meg for å prøve å bruke Lenes Silketråd til det. Den er jo sterk, og ikkje glatt, slik eg synest probelemet kan være med rayon tråden. Når eg sorterer til tråden finn eg lekre fleirfarga tråder, og eg trur at det neste eg syr skal være med utgangspunkt i ein slik tråd. Ha ein deilig dage då due :-)
fredag 2. november 2012
Bursdagsgave
Her ser du eit glimt av to ting. Det eine er eit teppe eg har sydd for mange mange år sidan. Eit av dei første sengeteppene eg sydde og det er no duk på eit av borda i butikken. Så ser du ein liten pung eller veske til å ha penger i. Tvillingane skal i bursdag på mandag, og i år har eg sydd nokre slike i bursdagsgåver. Eg spurte dei, tja, kva farge pleier denne guten ha på klea sine? Ja, han går ofte i noko oransje. Så da håper eg han liker oransje, for no har eg sydd i oransje :-) Og no trur eg jammen eg skal sy ei lita veske til. Klem klem!
Abonner på:
Innlegg (Atom)








