søndag 5. mars 2017

Korleis applikere på ein enkel måte - super for deg som er nybegynner :-)

For ei tid tilbake sidan så fekk eg ein forespørsel om eg kunne lage ein video som
viste korleis ein applikerer på ein enkel måte.

Først no så forklarer eg litt med tekst og bilder - og så kjem det lenger nede ein video med samme forklaringa. Nokre lærer best når ein ser det i ein tekst - andre i ein video - så her får du begge deler.

Det første du treng er eit limpapir som heiter Vliesofix. Det sel eg i nettbutikken på rull. Dvs i ein rull så får du to lengder som måler 250 cm og bredda er ca 45 cm. Du finn det her. Vliesofix.

Så treng du eit mønster som inneheld tegninger til applikasjon, eller du kan også tegne dine eigne mønstre. Steg to er at du legg vliesofixen på mønsteret du skal bruke, og hugs å ha den limete sida ned og tegn på papirsida.

Eg tar utgangspunkt i mønsteret Hjertegod - enten finner du det på syrommet ditt - eller du finner det her. Hjertegod.

Som du ser så tegner eg langs streken. Når eg har gjort det klipper eg ut ca 1 cm eller meir utanfor den oppstreka linja. Så limer eg det på baksida av stoffet eg skal bruke;


Når det er limt på på baksida av stoffet så klipper du langs linja.

Så klipper du altså ut hjertene - eit eller fleire alt etter kva du skal sy. Når det er gjort så ser du i filmen korleis eg så går fram;

Film om korleis du applikerer

Her ser du dei to hjerta eg har laga - eg vil påstå at det som har det skarpe rosa i midten er det finaste. Det har noko med å få fram stoffa som er brukt.



Og så til sist heile løparen - om det er slik den blir til slutt veit eg ikkje. Eg kjem til å legge den til sides og sjå kva som skjer. I mellomtida har eg noko anna eg skal sy.

Men her er så langt eg er komt. Eg er superfornøgd med det graderte stoffet - det har eg i mange farger i butikken - Boysenbær Stjernehimmel Det eg gjorde var at eg på den smale stripa kutta det på midten og sydde det sammen i den mørke enden. Da fikk eg mørkt i midten og lyst på kanten.


Så får vil sjå kva som skjer. Om det kjem meir på, om eg beheld det som det er. Eg trur kan hende eg tek av det eine hjertet - det som er nederst. Men det er heilt ok det også. Når det gjeld dei grå stoffa brukte eg noko eg hadde. No skal eg rydde opp og sy nokre saumar på neste prosjekt.

Tusen takk for at du las bloggen min - og still gjerne spørsmål om noko er uklart.

MVH Desiree

Og no - 2. april og det er gått nesten tre veker. Tida har rast av garde og eg føler eg har mest ikkje vore på syrommet. Slikt skjer attiblant når andre ting tek tida mi.

I alle fall - eg landa i dag på å gjere ferdig Hjertegod - løperen. Eg gjorde masse feil - som eg skal fortelle deg om så du skal sleppe å gjere dei samme feila.



Eg fann ut at eg skulle gjere noko superlurt. Det var å stryke vliselin på baksida av hjertene - det var lurt, men det som ikkje var lurt var at eg strauk berre småbitar på. Eg tenker det beste hadde vore om eg hadde strøke det på heile det graderte feltet. Kvifor vil du sjå på neste bilde;

Ser du her at det går an å sjå firkantane gjennom stoffet? Dette hadde eg nok unngått hadde eg strøke vliselinen på heile stoffet i staden. Vel vel - denne duken blir som den blir. Og det kan hende at når eg gjer dette - så unngår du å gjere det.

Vidare er det noko også som kan skje;
Her hadde eg ikkje strøke vliselinen fast nok på. Så når eg quilta rundt hjertet bretta det seg. Eg merka det ikkje før etterpå. Eg lar det være som det er - og eg har lært ei lekse.

Eg laga min vri på løparen, og lot det på kvar side være eit hjerte med to inni, så eit hjerte med eit inni og så nokre enkelthjerter. Her ser du korleis eg har quilta.

Og her ser du heile løperen. Kun no lukkekanten som gjenstår. Det blir ein dag eg vil sitte og slappe av i godstolen og høyre på noko fint på øret.

Og om du lurer på om eg blir arbeidsledig med det første? Her ser du dei tre prosjekta eg jobbar med.

Bunken til venstre er stoffer fra serien Rainy Day, det skal bli det første krabbeteppet eg syr. Ingen er gravide enda, men eg har gledd meg slik til å sy krabbetepper - så eg skal "Sy mens eg kan" etter inspirasjon fra den flotte artikkelen i sist medlemsblad til Norsk Quilteforbund. Så i midten ein bunke med linstoffer. Det er restene etter løperen eg sydde denne veka - eit mønster etter AnnAKa som heiter Nøtteliten. Eg tenker å sy nokre fleire ting - det er halvlin som eg driv og venner meg til.
Og heilt til venstre bunken med stoffer til kjøkkenkappene. Eg har sydd berre tre kapper, men er i gang med to stk i log cabin. :-)

Håper at du fann innlegget nyttig - og at du får kosa deg ved symaskina.

Klem fra Desiree



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar