tirsdag 12. april 2016

God nok som eg er - heldigvis :-)

God nok som eg er - eller sagt på ein anna måte - dette får være godt nok :-)

Eg har jo eit bilde inni hodet mitt som seier noko om korleis eg ser for meg at til dømes hagen skal være. Den skal være flott og fin - velstelt med blomstrar som blømer i alle slags fargar og gjerne nyslått plen og nymalt det som kan være nymalt. 

Vel - tilbake til virkeligheten. Helst vil eg sy. Sy og sy. Eg vil også sjå fotballkamper og køyre dattera mi på dans eller hente ho fra jobb. Eller eg vil sjå Sherlock Holmes på Netflix. Og her er det at det krasjar det med hagen. Reknestykket går berre ikkje i hop, og eg liker å brife med at "håh - eg gjer då berre det eg har aller mest lyst til". Vel, forr eit surr. 

Korleis kombinere denne draumen min om hagen og virkeligheten? I dag var ein utypiisk vestlandsdag. Blå himmel. Blå himmel - smak på den. Det er ikkje kvar dag. Da skurrar det liksom med innetid ved symaskina. Samtidig har eg mulighet for å komme nærare den draumen om den blomstrande hagen. Vel. Eg vart enig med meg sjølv at i dag skulle eg først være ute til sola gikk ned (om eg hadde lyst til det) og så kunne eg gå inn å gjere litt husarbeid, og så syrommet. Ja, og så skrive eit blogginnlegg om korleis det går an å kombinere ute og innesyslar. 

I går var eg så heldig at eg fekk mannen min med på å lage ei liste over kva ting vi skal gjere i sommar ute i hagen. Eller utanfor huset. Etter lista var klar kunne eg kjenne roen senke seg. Jøss, meir skulle det ikkje til. 

Så i dag når eg skulle være ute til sola gjekk ned - eller til eg hadde fått ein god nok utedose - det viste seg å være berre 1,5 time (utedose) - da hadde eg gjort følgande; 1. klargjort høybeda til planting av blomster - eg hadde gjort litt i går - og slik ser det ut no;
Eg må berre sei - eg er kjempfefornøyd. Ein god følelse å ha vore ute i frisk luft. Skal innrømme at eg vart veldig inspirert etter eg i helga såg hagen til tanta og onkelen min. Når eg no har funne nokre blomar som godt tåler frost så kan eg plante dei. Eg fekk også raka litt i grøfta bak huset og kosta litt på plassen. Her ser du resultatet av det; 
Ser kan hende ikkje så godt - men eg VEIT det ser veldig bra ut. :-) Så gjekk eg inn - rydda kjøkkenet - dro ein bitteliten tur på jobb - og tilbake. Satte på ei maskin med kle og enda er klokka berre 20.08
No er eg på syrommet. Her bliir eg nokre timar. Proppfull av energi etter å ha vore ute i naturens superenergi - og her skal eg gjere følgande; 
Først skal eg rydde litt i restane etter teppet som vart ferdig i helga. Her har eg masse restevatt som skal på rett plass, og også rester etter bakstykket. Flotte striper til resteblokkene mine i Log-Cabin.
Sjølve teppet ser slik ut; 
Og for å slå eit slag for det lekre stoffet eg brukte på baksida; 
Sukk - eg har forelska meg heilt i dette lilla med dei små prikkane.

 Så skal eg; 
Sy ferdig denne vesle UFO-en og den skal oppi gåvekassen min. Når eg var ute i hagen og tenkte på alle dei lekre blomstrane eg vil ha i hagen min - så kom eg på at eg kan spørre naboen om ho vil byte nokre planter i nokre ting eg har sydd. Så vil tida vise korleis den ideen ber frukter. (eller blomster) 
Videre skal eg legge på plass dei fire flotte stoffene som kom heim fra butikken - eg har ein tendens til å vente til siste liten med å sikre meg av lekre stoffer eg har, men her ser du i alle fall to stykker som no er utseld; 
Ah, desse skal bli til nydelige eit eller anna - og fram til da så skal dei få kose seg i hyllene mine. Deler også en ufo eg sydde ferdig for nokre dagar sidan; 
Ein gåvekasse er absolutt å anbefale. Her kan du sjå ein youtube-video eg har laga om denne; Ufoer og ufokasse - gavekasse 

Så kva er poenget? Eg kunne sikkert jobba i hagen til klokka ti i kveld, og enda ville der være masse å gjere. Men, eg kosa meg i eit par timer - og nyter også nokre timar på syrommet. Det får være godt nok om ikkje det er perfekt. Så lenge eg gjer så godt eg kan - og eg har det bra - så kan eg også være eit god medmenneske og det betyr mykje for meg. Ein slags egoistisk tankegang ja - men for å kunne være der for andre må eg først være der for meg sjølv. 

og no? Symaskina neste :-) 

5 kommentarer:

  1. Så spennande med roser :-) Eg vaks opp med foreldre som hadde så lyst til å ha ein rosehage. Utfordringa var at vi budde ved elva, og veldig kaldt for rosene. Biene elsker nok hagen din :-)

    SvarSlett
  2. Så fint at du klarer å gjøre litt av alt du liker å holde på med. Når våren kommer her nord blir jeg overivrig og glemmer alle prosjektene på syrommet. Nå sner det, og slik skal det være i april hos oss.

    SvarSlett
  3. Gjennkjennbart det der med kræsj mellom alt en gjerne vil gjøre. Og glede over det en tross alt får gjort 😊

    SvarSlett
  4. Herleg blog innlegg :-) måtte smile litt når du fekk ein blå himmel som lokka på utetid, for det er skjeldant med slike flott veir på vestlandet. Blei inspirert og laga meg ei liste over kva eg skal ordne på verandaen min - potter og urter - sidan eg ikkje har hage. Ser fram til neste blogg får deg - du er jordnær og spirituel på ein kjempefin måte :-)
    Ynskjer deg ein fin sykveld!
    Helsing meg på Smøla

    SvarSlett
  5. Log cabin-teppet er så flott!! Og det vi ikke får gjort i dag , det gjør vi sea.. Det er godt nok for meg :)

    SvarSlett