søndag 22. februar 2015

Kreativitet og dekluttering - hand i hand :-)

Eg er kreativ. Eg nyter å lage noko nytt og annleis. Eg liker å leike meg med farger. Når eg syr så har syrommet mitt ein tendens til å sakte men sikkert forvandle seg til noko uoversiktlig og veldig rotete.

Syrommet er også eit gjesterom. Og sist eldstemann hadde nokon på overnatting berre måka eg alt som var på senga ned på golvet så det låg der i ein diger rotehaug. Vel, eg er også veldig glad i å rydde. Det kjekkaste er å rydde når det er veldig rotete. Da føler eg at eg gjer ein veldig bra jobb som viser skikkelig.

I går hadde eg bestemt meg for å sy noko som eg hadde blitt inspirert av tidligere, og resultatet var dette;

Men, medan eg sydde kunne eg kjenne ein slik uro, ein uro fordi rett og slett det var så kaotisk rundt meg. Så det eg gjorde var at når eg hadde sydd ei koppebrikke, så rydda eg eit svært avgrensa område - td samla all vatt på ein plass - rydda i to kurver - passa på å gå ut i eit anna rom og sortere tinga skikkelig. Eg kom ikkje i havn med heile syrommet, men her ser du kurven med resteposer sortert etter farger;

Videre vart det sortert ut ein del Pre Cuts. Precuts er pakker med stoffer som er klare til bruk. Desse er kjekke å ty til når eg har lyst til å sy noko heilt spesifikt, men eg har ikkje lyst til å bruke masse tid i forkant på å skjære. Da tar eg ein slik, og ikkje lenge etter har eg noko ferdig;

Eg har nok litt fleire enn i denne kurven, men no er no mange av dei samla på ein plass. Så fekk eg no rydda slik at senga er tom. Ofte når eg syr kjem ungane eller mannen min inn og slår av ein prat, og da er det jo ekstra kjekt når dei kan legge seg på senga;

Og til sist. Eg er nok ikkje ferdig å rydde, og eg veit at i tida framover når eg skal sy så tek eg litt og litt fra dette skapet. Eg skal innrømme - i tida etter jul har eg sydd i stua - og det var ikkje før etter ungane bemerka kvvifor i alle dager eg var i stua og sydde at eg skjønte det, Det var rett og slett så rotete på syrommet at eg orka ikkje gå inn dit. Men no kjennest det heilt annleis - her ser du neste steg i ryddeprosessen;


Eg ønsker deg ein fin dag, gjerne ved symaskina :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar