mandag 30. juli 2012

Krabbeteppe til en nyfødt pode :-)

Denne helga har eg kosa meg med å sy eit enkelt krabbeteppe. Rolige farger med fisk som tema. Foreldrene er veldig fiskeinteresserte, og vi har vore så heldige å få lov til å fiske litt i sommer på eiendommen deres. Så da var temaet enkelt når eg skulle gi en barselspresang til deres nyfødte. Log Cabin er eit mønster eg stadig vender tilbake til. Eg har brukt bomullsvatt og til bakstykke jordblå flanell som matcher fronten. Dette arbeidet er enda eit eksempel på at det er godt å ha masse stoffer å velge i. Eg tok utgangspunkt i fiskestoffet i midten, og så var det å finne blåtoner som passa og beigebrune toner. Så ei god påminning om at det ikkje alltid er lurt å "bruke opp alt eg har", for da har eg jo ingenting å boltre meg i. Godt å rydde opp etter endt prosjekt, og trur du ikkje eg fann ein haug med rosa trekanter bestående av striper? Så trur eg skal sy litt videre på de i kveld. I tillegg har eg i sommer greid å gi bort to store sengetepper på impuls, så det betyr at eg kan godt sy nokre nye. Og det er jo berre kjekt :-) Ha ein super ettermiddag :-)