fredag 10. januar 2014

Avslutning ryddesjau

Leste du blogginnlegget om rydding i stoffene? Vel, eg har også no rydda i ting og tang. Her ser du starten;

Det er ein lett blanding av alt mulig som ikkje er stoff. Litt tilbehør, litt bøker og litt mønster og litt anna. Her er litt av sorteringa;

Eg er veldig glad i små kurver, små aluminiumsbokser og ellers anna småtteri. Ikkje spør meg kvifor eg har fem måleband, eller tre markører :-) Midt på bildet ser du plastposer. Eg har lyst til å sy meg nokre handlenett som består av plastposer som er bretta. Heilt korleis det skal foregå veit eg ikkje, men eg samler no på poser som eg bretter sammen og så syr til ei stripe.
Over ser du ein liten bunke med mønster. Eg har ikkje så mange mønster, men i denne bunken er der enten nokre mønster eg bruker om att og om att, eller der er mønster på ting eg har lyst til å sy. Det øverste er jo Sommerugler av June, det sydde eg i adventsfarger før jul, og vart veldig fornøyd. Det mangler i alle fall ikkje på utgangspunkt for timer på syrommet :-) Videre...
Her heime har eg berre nokre få bøker. Dei fleste står i ei hylle i butikken. Av og til kjem det kunder innom som spør etter spesifikke ting, og da er det kjekt å kunne slå opp i dei og finne ut av ting. Eg har nok ein plan å selge dei ut, da eg ikkje treng å ha ståande noko som andre vil ha stor glede av.
Denne hylla har eg lyst til å få skrudd opp på veggen. Der har eg litt av kvart småtteri sortert etter farge. Eg trur den er i si tid kjøpt på Ikea. Oppå den ligg nokre pakker med charms og anna søtt som kan bli til fine ting. Videre...
Dette skapet trur eg eg har vist fram før. No har eg bytta ut innhaldet med vatt (eg har også ein kasse med ein stor bit bomullsvatt som eg klipper av etterkvart som eg treng det). I den røde kurven er der glidelåser, i den ved siden av er det vesketilbehør og i den som står 60 på hugsar eg ikkje kva som er oppi :-) Og til sist, den store store overraskelsen...
Dei to boksane med julekuler er rett og slett utgangspunktet for eit juletreteppe eg har lyst til å sy. Det skal gå i lilla, turkis og ein farge til. Vel, i stålkurven. Ja, kva er det der? UFO-er. Rart med det når ein rydder, da dukker all slags opp. Eg hadde jo helst håpa på konvolutter med penger eller slikt, men neida. Rundt ti ufoer og eg trur faktisk alle skal få bli julegåver eller bursdagsgåver. Eg måtte jo berre le etterkvart som dei dukka opp, den eine meir uskuldig enn den andre.
Så - ei påminning - vi er alle så ulike. Mitt syrom er kun mitt. Slik det ser ut hos meg er kun rett for meg. Kan hende har du lyst til å rydde og dette inspirerer deg. Kan hende har du det kjemperotete og elsker det. Rot eller ryddig - begge deler er like vellukka. Det som er spørsmålet er - har du det slik du vil ha det? Og har du det, ja da er alt i orden. Men, lengter du etter å kunne fri deg fra brettekanter - da er kan hende ikkje brettekanter tegnet på at alt er bra. Og lengter du etter system - da er kan hende ikkje rot tegn på at alt er bra. Kjenner du fred, ro, kreativitet og livsglede - da er det berre å nyte og nyte! God helgeklem fra Desiree

tirsdag 7. januar 2014

Kva mangler eg?

I går og i dag har eg rydda i mine private gemakker. Mange av dere veit at eg har drevet nettbutikken Desiree's Lappeteknikk i ja, er det 14 år snart? Tida går fort. På jobben kjøper eg inn stoffer og selger de videre til flotte damer land og strand. Privat syr eg enkel lappeteknikk. Stoffene eg har privat stammer delvis fra innkjøp når eg er rundt om kring og ser korleis konkurrentane mine har det. Er alltid så koselig å slå av ein prat med driftige butikkeiere :-) Og lappedame som eg er går eg aldri tomhendt ut av butikken. Men også har eg stoffer fra egne butikkhyller.

I sommar fekk eg malt eit rom og innredd det til syrom. Eg har vore veldig fornøyd med løysinga, men eg har kjent på ei misnøye at eg har følt eg ikkje hadde oversikt over kva stoff eg hadde. Sakte men sikkert vaks det fram i meg dei siste vekene at eg ville ta ut alle stoffene av rommet og sortere de, veie de, og finne ut kor mykje stoff eg egentlig hadde. Eg har jo sydd på Bonnies Mysterie, og det har ført til at eg er gått tom for mørkeblå stoff og også gult og oransje. Så der visste eg at eg hadde ein slunken beholdning. Eg følte også at eg ville sy eit stort sengeteppe i brunt og beige, for der hadde eg ein mistanke til at eg hadde veldig mykje.

Slik såg haugen ut før eg begynte å sortere;



Eg bestemte meg for å sortere i tre kategorier - vanlige - og då etter farge, japansk vevde - delvis etter farge og til sist flanell. Flanell veit eg at eg har investert i litt i desember sidan eg då fekk inn ein flott ladning til butikken.
Her ser du resultatet etter dei vanlige var sortert;

Eg veit at ved vanlige stoffer så er ca 180 gram 1 meter stoff. Etter eg hadde veid alt var resultatet slik;
Kvite - 8 meter
Beige - 28 meter
Brune - 31 meter
Grå - 16 meter
Svart - 24 meter
Røde - 11 meter
Rosa - 8 meter
Lilla - 7 meter
Regnbue - 6 meter
Grønn - 22 meter
Blå - 17 meter
Gul - 4 meter
Oransje - 2 meter

I Teppet Bonnies Mysterie Celtic Solistice - der er det rekna at det går ca 12 meter med stoff, om eg hugsar rett. Det betyr at skulle eg sy slike tepper av alle stoffene mine, så har eg nok til 15 tepper. Der er det riktignok mange veldig små biter. Eg veit eg har mange beige og brune stoffer, men mange av de er med farge i, og eg vil påstå at med det utvalget eg har, så er det ikkje meir enn det treng være for ei lappedame med respekt for seg sjølv. I år blir det ikkje noko sying for å "bruke opp" stoffer. I år kjem eg til å gjere det heilt annleis. Eg har bilde på bilde på bilde med ting eg har lyst til å sy, og det skal eg prioritere. Eg tek gjerne utgangspunkt i det eg har, og supplerer med det eg treng. Og finn eg noko anna eg har lyst på, så er det heilt greit det også. Det som går att ser eg er at eg mangler basisstoffene.

Men, eg sorterte jo litt andre stoffer også - her er de japansk vevde;
Her har eg totalt 58 meter. De er ikkje så lette å få tak i og eg merker at desse vegrer eg meg veldig for å sy av. Men, nokre tepper kjem det nok til å bli.

Så sorterte eg restene;
Vannvittige 50 meter! Eg må jo berre le. Eg slo straks fra meg tanken på å "sy berre av rester ei stund". Men, eg er svært takknemlig for desse restane, kjekt å kunne gå på jakt i desse for godbiter som ofte setter prikken over i en på eit arbeid.
Til sist flanellen;
Her er den komen på plass i hylla si. Etter å ha i lang tid hatt berre bittesmå rester var det deilig å igjen ha eit så godt utvalg at eg veit eg kan sy både tre og fire tepper uten å være redd for å  ha nok. Det er kjekt å alltid ha eit guteteppe og eit jenteteppe sydd, slik at når nokon skal ha så har eg noko på lur.
Altså - no har eg fått alle stoffene tilbake på plass, og no ser det slik ut;


Eg føler faktisk at dei tek mindre plass, og det er vesentlig meir oversiktlig. Og eg merka at når eg rydda i dei så såg eg fleire ting eg har lyst til å sy. Så kjekt! Og eg veit også at lilla, blått, oransje og gult er farger eg gjerne kan prioritere når eg skal handle litt. Ja, og så er det berre resten igjen da - det blir nok i kveld;
Takk for at du valgte å lese om jobben eg har lagt ned for å få meir orden i sysakene :-) Ønsker deg ein deilig dag! Klem fra Desiree

tirsdag 19. november 2013

Chakrateppet - vel i havn :-)

Mitt Chakrateppe - er kommet i havn

Komt i havn, det er litt som å kvile det. Kvile etter ei lang reise - ei reise som inneheld mange minner. Nokre gode og andre dårlige. Men vi lyt ha begge deler for å verdsette det vi har. Eg ser i alle fall at med å akseptere at livet er som ei lett berg og dalbane, så har eg det så mykje bedre. Chakrateppet mitt er eit godt døme på at det kreative i meg lever sitt eige liv. I starten så flomma det over, og dei fem første delene var sydd på ein to tre føltes det som. Brått tok energien slutt, og det skulle gå over eit halvt år før eg kjente at no var det rett tid for den sjette delen, og da var det ikkje lenge før del sju også var på plass. Her ser du teppet i si heilhet;

Det heng på stasplassen i stova. I stova vår er det lov til å spele fotball, i alle fall så lenge eg ikkje vil ha litt fred og ro. Da får de ikkje lov. Så vil no tida vise om eg treng å henge det opp med sterkare oppheng. Eg har ein mistanke om at det vil dette ned om ikkje så lenge, der det heng på ei grein på ein sped spikar.

Eg synest det er så interessant det med Chakra, så eg har lyst til å fortelle litt om kvar del. Eg oppmuntrer deg til å Google det om du finn ut at du vil lære meir.

Den nederste delen er raud og representerer rot chakra. Om rotchakra finn eg mellom anna dette;
Rotchakra har med sikkerhet og trygghet å gjere - og da er det forbundet også med frykt. Dersom chakraet ikkje er i balanse kan ein føle seg utrygg og maktesløs. Det å jorde seg - stå i gresset eller lyngen med beina godt planta i bakken skal seiast å bringe balanse i rotchakraet.



Det andre chakraet er det sakrale chakraet og fargen er oransje.

Det sakrale chakraet har med sex å gjere. Begjær, tiltrekking, orgasme, fødsel - med andre ord - skapelse. Om du føler at du ikke er i kontakt med din egen seksualitet og sensualitet, så kan dette chakraet være i ubalanse. Har du bra sjølvtillig, du kjenner deg ønska og 100% verdt kjærlighet så er det eit teikn på at chakraet er i god energi og skinner som sola.

 
Det tredje chakraet er solar plexus. Det er der du kjenner det når det er som om du får ein knyttneve i magen. I solar plexus blir følelser bearbeida. Dersom du ønsker å fri deg fra gamle mønster så er det solar plexus ein jobber med. Fargen er gul.
 
Det fjerde chakraet er hjertechakraet. Det er grønt. Her sitter kjærligheten vår og evnen vår til å tilgi og ha medfølelse med andre. Fargen er grønn.


Det femte chakraet er hals chakraet og det har ein lys blå farge. Der sitter evnen vår til å uttrykke oss klart og tydelig.
Det sjette chakraet er tredje øye chakraet. Fargen er indigo og intuisjon er forbundet med dette chakraet.

Det sjuende chakraet er kronechakraet og fargen er fiolett. Her er rein bevissthet plassert.
 
Her ser du kor teppet heng i stova vår. Eg er kjempefornøyd og tilfreds. Håper du er inspirert til å sy noko som er kun fra deg, og dine egne kilder.

lørdag 27. april 2013

So far so good :-)

Konfirmasjonen nærmar seg med stormskritt. Og, sidan vi hadde konfirmasjon i fjor, så kjenner eg meg litt erfaren :-) Så, denne gange er navnebrikkene klare i god tid. 45 stk er sydd, og det er i overkant av kor mange vi treng. No gjenstår berre å brodere på navna, og det blir ei kosestund på syrommet. 
Brikkene er nokre like og nokre ulike. Det blir nok slik at dei som er enkle går til mennene, og dei meir avanserte går til kvinnene. Tolk det slik du vil :-) 




Åh, eit berg av navnelappar :-) eller bordkort. Ønsker deg ein fin kveld :-) Desiree


mandag 25. mars 2013

Konfirmasjon

Førebuingar til konfirmasjon er kjekke :-) I går sydde eg denne løperen etter mønsteret Hjertegod designa av June. Mønsteret finn du her; Hjertegod Denne er kjekk å sy, eg kjente at det er lenge sidan eg har applikert, og det liker eg så godt. Stoffene eg har brukt bruker eg også i bordkortene eg syr. Har sydd 20 stk, men no skal eg vente med å sy fleire til det er avklart kor mange som kommer. Varm klem!


tirsdag 12. mars 2013

Hals Chakra

Eg har sydd eit steg til på Chakra Teppet mitt. For deg som ikkje veit kva Chakra er, så er det energisenter i kroppen. Teorien seier at vi har sju hovedchakra, og kvart har sin farge frå regnbuen. Denne gangen har eg sydd på del fem som er hals chakraet. Det har fargen turkis og i halsen sit naturlig nok energien til å kunne uttrykke seg. Har du problemer med å snakke klart, eller uttrykke kva du føler eller meiner, så kan hals chakraet ha noko med dette å gjere.

Tja, så kan ein tru på chakra eller ein kan tenke at dette er tull og tøys. Men eg trur no uansett at har ein ei utfordring, og ein gir den litt ekstra positiv oppmerksomhet så kan det utvikle seg til noko endå bedre. No har eg to fargar att på teppet mitt, det er indigo og fiolett. I kvart av chakraene har eg brukt ulike teknikker, og eg har også brukt ein del rester.

Håper du har det godt anten på den eine eller den andre måten :-)

Klem fra Desiree


lørdag 2. mars 2013

Gaver til gutter

I dag er tvillingane mine i bursdag. Eg pleier å sy alle gavene dei gir bort, og for ei tid tilbake fekk eg  beskjed om at no var det nok penalhus og slik, og skåler sto for tur. Så i dag har eg sydd desse tre skålene som ein kan ha litt av kvart i. Bredda er 30 cm i kvadrata og til desse tre skålene gjekk det med to stk 30-centimetere. Eg brukte ca ei snelle med tråd, eller litt mindre. Da er det mykje igjen på underspolen.

Ellers har eg begynt med å ta vare på dei tomme trådspolane. Dette er altså det som er tomt etter februar. Berre ein tom undertrådspole, så eg har nok også spola eindel fra snellene. Eg synest det er litt kjekt å ta vare på dei, om eg plutselig får ein tanke "stakkars meg, eg får nesten ikkje sydd", jo så har eg no sydd litt likevel. Håper du har ein fin dag der du er :-)