fredag 10. januar 2014

Avslutning ryddesjau

Leste du blogginnlegget om rydding i stoffene? Vel, eg har også no rydda i ting og tang. Her ser du starten;

Det er ein lett blanding av alt mulig som ikkje er stoff. Litt tilbehør, litt bøker og litt mønster og litt anna. Her er litt av sorteringa;

Eg er veldig glad i små kurver, små aluminiumsbokser og ellers anna småtteri. Ikkje spør meg kvifor eg har fem måleband, eller tre markører :-) Midt på bildet ser du plastposer. Eg har lyst til å sy meg nokre handlenett som består av plastposer som er bretta. Heilt korleis det skal foregå veit eg ikkje, men eg samler no på poser som eg bretter sammen og så syr til ei stripe.
Over ser du ein liten bunke med mønster. Eg har ikkje så mange mønster, men i denne bunken er der enten nokre mønster eg bruker om att og om att, eller der er mønster på ting eg har lyst til å sy. Det øverste er jo Sommerugler av June, det sydde eg i adventsfarger før jul, og vart veldig fornøyd. Det mangler i alle fall ikkje på utgangspunkt for timer på syrommet :-) Videre...
Her heime har eg berre nokre få bøker. Dei fleste står i ei hylle i butikken. Av og til kjem det kunder innom som spør etter spesifikke ting, og da er det kjekt å kunne slå opp i dei og finne ut av ting. Eg har nok ein plan å selge dei ut, da eg ikkje treng å ha ståande noko som andre vil ha stor glede av.
Denne hylla har eg lyst til å få skrudd opp på veggen. Der har eg litt av kvart småtteri sortert etter farge. Eg trur den er i si tid kjøpt på Ikea. Oppå den ligg nokre pakker med charms og anna søtt som kan bli til fine ting. Videre...
Dette skapet trur eg eg har vist fram før. No har eg bytta ut innhaldet med vatt (eg har også ein kasse med ein stor bit bomullsvatt som eg klipper av etterkvart som eg treng det). I den røde kurven er der glidelåser, i den ved siden av er det vesketilbehør og i den som står 60 på hugsar eg ikkje kva som er oppi :-) Og til sist, den store store overraskelsen...
Dei to boksane med julekuler er rett og slett utgangspunktet for eit juletreteppe eg har lyst til å sy. Det skal gå i lilla, turkis og ein farge til. Vel, i stålkurven. Ja, kva er det der? UFO-er. Rart med det når ein rydder, da dukker all slags opp. Eg hadde jo helst håpa på konvolutter med penger eller slikt, men neida. Rundt ti ufoer og eg trur faktisk alle skal få bli julegåver eller bursdagsgåver. Eg måtte jo berre le etterkvart som dei dukka opp, den eine meir uskuldig enn den andre.
Så - ei påminning - vi er alle så ulike. Mitt syrom er kun mitt. Slik det ser ut hos meg er kun rett for meg. Kan hende har du lyst til å rydde og dette inspirerer deg. Kan hende har du det kjemperotete og elsker det. Rot eller ryddig - begge deler er like vellukka. Det som er spørsmålet er - har du det slik du vil ha det? Og har du det, ja da er alt i orden. Men, lengter du etter å kunne fri deg fra brettekanter - da er kan hende ikkje brettekanter tegnet på at alt er bra. Og lengter du etter system - da er kan hende ikkje rot tegn på at alt er bra. Kjenner du fred, ro, kreativitet og livsglede - da er det berre å nyte og nyte! God helgeklem fra Desiree

5 kommentarer:

  1. Synes det er deilig og få oversikten av og til. Og ein har lett for å legge fra seg ting og tang over alt mens ein set oppslukt av arbeide. Og eg elska boksar, esker og slike små med mange rom i helst. Og firkanta isboksar og snopeboksane på Europris (gratis) er kjempekjekke og holde orden i skap og skuffer. Ha ei fin kreative helg.

    SvarSlett
  2. Smiler, ja lett for at det blir litt av kvart overalt. Når eg no har fått oversikt kjenner eg mange prosjekter presse på :-) Det er så kjekt!

    SvarSlett
  3. Hver gang eg rydde og får oversikt over alle ufoene og alt eg hadde tenkt å sy, blir eg litt motlaus. Hvis eg begynne på ufoene, får eg ikkje sydd nye ting som frister meir. I det siste har eg lurt på hvorfor enkelte ting blir ufoer. Blei den ikke som tenkt eller var det kursprosjekt som ikke blei ferdig.Er det lov å kaste ufoer. Eg hadde en større diskusjon med meg sjøl under siste rydding og blei enig med meg sjøl at det vsr lov å kaste. To uferdige kursprosjekt for i søppelcontaineren. Det blir lettere å rydde hvis eg slipper de dårlige samvittighetene. Du har gjort en kjempejobb.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, du kan så sei Bente, kvifor blir dei ufoer. Eg er nok rett og slett på ein totalt ny plass enn da eg sydde den. Og kjenner eg mykje motstand så brenner eg den i ovnen. Det må da være greit. Av og til rydder vi i frysen, da kaster vi jo da også :-)

      Slett
  4. Ser skikkeleg herleg ut å få rydda slik. For min del synest eg ikkje det er så viktig å ha det så ryddig alltid, men å ha oversikt over kvar ting er, og kva ting som er der. Derfor er det deilig med ei ryddeøkt av og til. Når det gjeld ufo'ar så kom eg på ein tanke akkurat no; kva om vi var flinkare til å bytte når vi hadde lyst å kvitte oss med noko? Kan hende ein annan kunne få ein heilt ny idé til bruk av eit påbegynt arbeid. Eg er forresten ganske flink til å ta fram gamle ting og skape dei om til noko heilt anna enn eg hadde tenkt da eg starta. Ha ei riktig god helg, og nyt syarealet ditt mens det enno er ryddig.

    SvarSlett