lørdag 2. september 2017

Regnbuens toalettmapper - ei lita reprise

Om du har fulgt bloggen min så vil du merke at dette er kjent stoff.

I mai i fjor sydde eg dei finaste toalettmappene eg nåken gang hadde sydd. Eg brukte mønsteret til AnnAKa som heiter Annas Sminkepung - og det kan du finne her.

Straks eg hadde gitt dei fra meg - det var til to skjønne jenter som skulle konfirmere seg - så visste eg at desse måtte eg sy enda ein gang - og da til meg sjølv. Vel, det skulle ta eit og eit halvt år. Eg har solgt mange regnbuepanel sidan den gang - og framleis har eg av dei i butikken. Det er kan hende ikkje heilt opplagt kva ein kan sy av eit slikt - men eg er i alle fall superfornøgd med valget mitt.

Her skal du få sjå litt bilder fra prosessen desse dagane;

Her ser du panelet. Det er altså firkanter av alle fargene i batikkserien 1895 fra Hoffman. Først prøvde eg korleis det var å skjære av ei stripe for å så sy den på. Det fann eg ut av unødig arbeid. Så eg bestemte meg for å ikkje fortsette med det.

Her ser du korleis eg da skar midt i mellom firkantane. 

Stripa til venstre er den eg skar laus - medan den til høgre der har eg berre bretta stoffet og sydd. 


Her ser du korleis det blir. Eg valgte altså å først sy på langs. 



Stripe på stripe på stripe. 

Her ser du korleis det blir når alle på tvers er sydd sammen. No skal eg kutte dei fra kvarandre og sy sammen så den kvite stripa forsvinn. 





Og da er det berre å sy dei sammen. Stryk dei slik at dei går kvar sin vei, da blir det ikkje så tjukt med sømmar. 

No har eg delt stykket i to, og sydd sammen den delen i dei varme tonane. Eg quilter med blank tråd, det er det fineste synest eg når det er så mange farger ellers. 


Her ser du den blå delen. Den er ei stripe mindre enn den røde, så da blir den toalettmappa også litt mindre. 


 Her ser du forskjellen på den blå delen og den rosa delen. Den rosa delen har fått på seg glidelås og er no klart til å bli sydd sammen.


Her er den blå - eg er superfornøyd! 


Og her er den rosa. Svært fornøgd med den også. Og desse skal ikkje ut av huset. Eg har prøvd å kjenne etter på kor mykje eg skulle hatt for dei om nokon ville kjøpe - og eg trur faktisk at eg ikkje hadde gått under 1000 kroner pr stk. Om nokon vil betale det er noko heilt anna. Men slik er det i alle fall for meg. 

Fekk du lyst på regnbuepanelet? Du finn det her; Regnbupanel

Håper dette innlegget inspirerer deg til å sy med farger. 

Klem fra Desiree






fredag 1. september 2017

På stranda i Syden - og desse strandsengene

I sommar var vi på familieferie i Hellas, nærare bestemt Parga.

Som vanlig når vi er ute og reiser så tok eg med tre sengetepper. Desse hadde vi med
oss på stranda. Vi var sju stk, og det vart litt kamp om teppene. Det endte med at vi sette
sengene inntil kvarandre og la teppene på ryggane på sengene. Da fikk nesten alle litt teppe.

Så klart - eg fekk ideen om at eg ville lage strandsengtepper til heile familien. Og no er det første mest i boks. Her skal du få sjå nokre bilder;

Som du ser så ser eg på Ipad når eg syr. Eg blir av og til hekta på ulike tema - og da koser eg meg med småfilmer medan symaskina durar og går. Det gjer ikkje noko om eg ikkje høyrer at. Teppet består av blokker som er to trekantar. 






torsdag 31. august 2017

Sommaren 2017 Norway Cup og gutter uten leggskinn

Dette har vore ein innhaldsrik sommar. Vi har hatt fire sammenhengande veker med ferie - det vil sei - dei to første da hadde vi besøk fra USA, så på meg vart det litt jobb innimellom. Så var vi ei veke på NorwayCup og til sist ei veke i syden. Her skal du få sjå litt av lappeteknikken som har vore med meg. 

Det første er dei fine sommarfuglbrikkene som AnnAKa designa i sommar. Dei er sydd i stoffene fra serien Marcella som du finn her. Eg vart veldig nøgd med lukkekantane der eg har brukt Kona Cotton i ulike sjatteringer. Lukkekantane sydde eg til i Parga, Hellas. Eg vart godt kjent med resepsjonisten og det enda med at eg gav fire brikker til henne. Ho budde veldig spartansk. Den eine kvelden satt vi på verandaen hennes og snakka om draumane våre. Det var ein magisk kveld. 


Norway Cup var ein stor opplevelse. Desiree's Lappeteknikk spanderte frukta på laget dei fem kampane vi spelte. 
                                         

Mandag på Norway Cup var eit av høgdepunkta. Vi skulle spele mot eit lag fra Nepal. Litt ut i kampen ser eg at få av spelarane har leggskinn eller leggbeskyttere. Eg tenkte med ein gang at her har Desiree's Lappeteknikk sjangsen til å gjere ei god gjerning. Så eg gjekk til G-Sport teltet og spurte om dei kunne tenke seg å være med å sponse leggskinn til laget fra Nepal. Eg fekk 60% rabatt og kunne neste dag overreke leggskinn til alle. Dei vart kjempeglade!


Ingen tvil om at det var vel anvendte pengar. Og laget vi sponsa frukt til kom til åttendedelsfinalen og var veldig fornøye. 

Etter ei innhaldsrik veke vendte vi nasa mot Parga. 

På hotellet i Parga hadde vi veranda. Der satt eg ofte og skreiv i boka mi. Eg har alltid med lappeteknikk når vi er ute og reiser, og ekstra kjekt var det da å sitte om morgonen og sjå utover det vakre landskapet. 



Tilbake til Norway Cup. Her sitter eg og syr lukkekanten medan Inge spionerer på eit lag vi skulle møte seinere på dagen. Vi hadde godt vær mest heile tida. Litt regn av og til men ikkje meir enn kva vi kunne godt tole.



På Norway Cup fekk vi nokre gode handlevesker. Vi brukte dei på stranda i Parga. Dei var litt tynne i hankane, så når eg kom heim sydde eg ekstra slik at dei ikkje skulle være så vonde på skuldra.

Ein av dei tinga eg bestemte meg for i sommar var at i haust ville eg gå litt meir i fjellet og også at eg skulle sy mykje mykje meir. Her ser du bilde fra turen vår til Kvamsstølsvatnet og ei lita brikke med flyvende gjess. Enkel og igjen med Kona Cotton.


Som alltid håper eg at du blir inspirert til å gjere noko fint for deg sjølv når du les blogginnlegget. 

Hugs, du er alltid velkommen i nettbutikken - www.lappeteknikk.no 

Gode nyheter er at vi jobber med ny nettbutikk og eg håper at før året er omme så er den på plass. Inntil da får vi baske på med det vi har. Masse flotte lekre stoffer er å finne - så er det opp til deg å finne tid til å sy. 

God klem fra Desiree

søndag 5. mars 2017

Korleis applikere på ein enkel måte - super for deg som er nybegynner :-)

For ei tid tilbake sidan så fekk eg ein forespørsel om eg kunne lage ein video som
viste korleis ein applikerer på ein enkel måte.

Først no så forklarer eg litt med tekst og bilder - og så kjem det lenger nede ein video med samme forklaringa. Nokre lærer best når ein ser det i ein tekst - andre i ein video - så her får du begge deler.

Det første du treng er eit limpapir som heiter Vliesofix. Det sel eg i nettbutikken på rull. Dvs i ein rull så får du to lengder som måler 250 cm og bredda er ca 45 cm. Du finn det her. Vliesofix.

Så treng du eit mønster som inneheld tegninger til applikasjon, eller du kan også tegne dine eigne mønstre. Steg to er at du legg vliesofixen på mønsteret du skal bruke, og hugs å ha den limete sida ned og tegn på papirsida.

Eg tar utgangspunkt i mønsteret Hjertegod - enten finner du det på syrommet ditt - eller du finner det her. Hjertegod.

Som du ser så tegner eg langs streken. Når eg har gjort det klipper eg ut ca 1 cm eller meir utanfor den oppstreka linja. Så limer eg det på baksida av stoffet eg skal bruke;


Når det er limt på på baksida av stoffet så klipper du langs linja.

Så klipper du altså ut hjertene - eit eller fleire alt etter kva du skal sy. Når det er gjort så ser du i filmen korleis eg så går fram;

Film om korleis du applikerer

Her ser du dei to hjerta eg har laga - eg vil påstå at det som har det skarpe rosa i midten er det finaste. Det har noko med å få fram stoffa som er brukt.



Og så til sist heile løparen - om det er slik den blir til slutt veit eg ikkje. Eg kjem til å legge den til sides og sjå kva som skjer. I mellomtida har eg noko anna eg skal sy.

Men her er så langt eg er komt. Eg er superfornøgd med det graderte stoffet - det har eg i mange farger i butikken - Boysenbær Stjernehimmel Det eg gjorde var at eg på den smale stripa kutta det på midten og sydde det sammen i den mørke enden. Da fikk eg mørkt i midten og lyst på kanten.


Så får vil sjå kva som skjer. Om det kjem meir på, om eg beheld det som det er. Eg trur kan hende eg tek av det eine hjertet - det som er nederst. Men det er heilt ok det også. Når det gjeld dei grå stoffa brukte eg noko eg hadde. 



Og her ser du heile løperen. Kun no lukkekanten som gjenstår. Det blir ein dag eg vil sitte og slappe av i godstolen og høyre på noko fint på øret.





Håper at du fann innlegget nyttig - og at du får kosa deg ved symaskina.

Klem fra Desiree



tirsdag 28. februar 2017

Itty Bitty Primitive Pinwheels

Ja i skrivande stund vårast det på Sande.

Det vil sei - det er litt vår og vinter om kvarandre. Stor var i alle fall gleda når eg fekk inn serien Sakura fra Moda. Og eg visste at eg ville sy ein ny Itty Bitty Primitive Pinwheel.

Her kan du sjå

Bildet er tatt ute i snøen ein kjølig februar dag. Så litt blåtonar i bildet. Du ser dei søte stoffene i serien Sakura. Klikker du her så kjem du til kategorien i nettbutikken der alle Sakurastoffene er.

Så til steg 1;

Eg liker godt å seriesy - her berre legg eg alle bitane på ei stripe - og da får eg på ein to tre sydd alle på i ein eingang. Så er det å sortere dei og sjå korleis eg vil dei skal plasseres i forhold til kvarandre. Men før det så stryk eg ut bitane. Eg pleier å spraye på Flatter. Det er ein stivelsesspray med aldeles deilig duft. Flatter kjem inn att i nettbutikken - eg tok inn nokre flasker for å teste og no er eg heilt begeistra. Eg legg ut på Facebook når dei er på plass att.

Så stryk eg dei ut og så er det å pare dei. Stryk alltid først på baksida, da fester du sømmen, så stryk du ut. No skal du sjå korleis eg bestemte meg for å plassere dei;

Eg prøvde først å blande dei meir, men eg landa på å ha dei grøne i eit hjørne, dei kvite for seg, dei rosa i midten og dei grå på andre sida. No er det å sy dei sammen så alt heng i hop.


Awww - vart det ikkje aldeles søtt? Det er nesten som at ein kan behalde det slik. Men eg skal sy twister og i denne videoen får du sjå korleis det ber til;


Det er litt knotete - men det er veldig kjekt. Eg anbefaler at du bruker ein skjærekniv som måler 18 mm. Da er det lettere så du ikkje kutter for langt. 18 mm kniv

Så ser det slik ut når eg er ferdig å kutte og ferdig å sy sammen att;


Du kan sjå på baksida at det er mange mange sømmer. Det blir noko mindre når ein syr det sammen.

Og her ser du det ferdige bildet;

Fekk du lyst til å sy dette? Har du ikkje den bitte lille linjalen?
Her ser du korleis mønsteret ser ut;

Og om du vil bestille så finn du det her;


Der forklarer eg korleis eg har sydd bildet og der finn du målene du trenger.

Tusen takk for at du leste dette blogginnlegget - ønsker deg alt godt.

Klem fra Desiree









fredag 24. februar 2017

Nye kapper til kjøkkenet :-)


Januar er over - februar er nesten over - og du skal berre sjå at snart er jammen mars også nesten over. Og da er det godt at eg allerede no er i ferd med å ta ned adventskappene eg har hengande på kjøkkenet. Som du ser så mangler det ei ytterst til venstre. Den har eg tatt ned for å ha som mal. Eg tør ikkje ta resten ned før dei ni nye er ferdige, og du skal sjå i løpet av denne bloggposten at to er klare. 

Over ser du kjøkkenet om kvelden, Under ser du det på dagen. Dette er no eit slikt kvardagsbilde, vaffeljernet er nett brukt, der er litt ting som skal vaskast opp og ting som er blitt vaska opp. Slik det jamt er på eit kjøkken. 


Men så var det dei kappene då. Her ser du korleis ei kappe ser ut som er til advent; 


Her brukte eg Little Twister linjalen og den er ca 25 ganger 25 cm stor eller liten alt etter som. 

Men så var det fargane. Kva farger skulle eg bruke? Eg har gått kurs i Feng Shui og fann ut at kjøkkenet vårt hadde elementa jord og vatn. 

Vatn er ulike blåtoner og jord er gult og brunt. Eg kan også ha andre farger klart - men dette er hovedelementa. Så da tenker eg å gå for denne paletten her. (paraplyane veit eg ikkje heilt enda) 


Det aller første eg ville ha med var noko som ligna eit landskap. Den kappa sydde eg utan å tenke så mykje meir, så det vart lite bilder. Men her ser du den ferdige kappa; 


Eg vart veldig fornøyd. Det grønne stoffet er eit kona cotton stoff som er reve - da såg det litt ut som gras som vaiar i vinden. Ellers er det berre skore skeive stoff som eg har lagt på og sydd med maskin litt innanfor sårkanten. Nokre naive skyer er frihandsquilta og ein liten fugl står på bakken. Den er også klipt ut av eit stoff. Eg har ikkje brukt vliesofix i det heile på dette. Lukkekanten sydde eg på vanlig - men sydde til med maskin på framsida oppå kanten. 

Så var det kappe nummer to. Inspirasjon fann eg på Pinterest og her er bildet eg tok utgangspunkt i; 


Teppet finn du på denne bloggen; Woven Baby Quilt

No skulle jo ikkje eg ha eit babyteppe størrelse passe stor til baby, men ei bitte lita kjøkkenkappe som skulle måle ca 25 ganger 25 cm. 
Eg fann ut at om eg skar biter på 1,5 ganger 1,5 inch så ville eg med ni firkanter ein vei og ni andre veien få til eit bra mønster. Her kan du sjå korleis det ser ut når eg har lagt dei ut. 


Fargevalget er mykje det samme som i den første kappa - men her har eg ikkje grønt med. Likte godt at eg brukte stein-stoffet som basisstoffet. Og så gjorde eg noko lurt. Eg hadde to rester med H180 og dei gjorde godt nytten som stabilisator. Eg limte alle firkantane på slik som du ser under. 


Det som er så bra med å gjere det på denne måten er at sammensyinga går i ein fei. Og for meg som har litt knotete fingrer så er det greit med all den hjelp eg kan få. Når så alle var limt på - så var det berre å sette i gang og sy. 


Først så syr eg sammen alle rekkene ein vei. Så klipper eg inntil sømmen der eg skal sy motsatt vei. Når eg har sydd både vassrett og loddrett ser det slik ut; 




No er det berre å stryke den godt ut, og så montere. Sidan eg hadde H180 under lot eg være å ha vatt i, det vart stivt nok som det er her. 


Ja, no begynner det å ligne på noko. Eg er no rett så nøgd :-) 

Og her ser du den ferdig: 


Og her ser du dei begge to i lag - måtte ta bilde ute når sola kikka fram; 


Så får eg sjå kva inspirasjonen i morgon bringer. Eg har gitt meg betydelig slakk på når dei skal være ferdige. Til påske kan hende? :-) 

Ønsker deg alt godt. Klem fra Desiree