Dette har vore ein innhaldsrik sommar. Vi har hatt fire sammenhengande veker med ferie - det vil sei - dei to første da hadde vi besøk fra USA, så på meg vart det litt jobb innimellom. Så var vi ei veke på NorwayCup og til sist ei veke i syden. Her skal du få sjå litt av lappeteknikken som har vore med meg.
Det første er dei fine sommarfuglbrikkene som AnnAKa designa i sommar. Dei er sydd i stoffene fra serien Marcella som du finn her. Eg vart veldig nøgd med lukkekantane der eg har brukt Kona Cotton i ulike sjatteringer. Lukkekantane sydde eg til i Parga, Hellas. Eg vart godt kjent med resepsjonisten og det enda med at eg gav fire brikker til henne. Ho budde veldig spartansk. Den eine kvelden satt vi på verandaen hennes og snakka om draumane våre. Det var ein magisk kveld.
Norway Cup var ein stor opplevelse. Desiree's Lappeteknikk spanderte frukta på laget dei fem kampane vi spelte.
Mandag på Norway Cup var eit av høgdepunkta. Vi skulle spele mot eit lag fra Nepal. Litt ut i kampen ser eg at få av spelarane har leggskinn eller leggbeskyttere. Eg tenkte med ein gang at her har Desiree's Lappeteknikk sjangsen til å gjere ei god gjerning. Så eg gjekk til G-Sport teltet og spurte om dei kunne tenke seg å være med å sponse leggskinn til laget fra Nepal. Eg fekk 60% rabatt og kunne neste dag overreke leggskinn til alle. Dei vart kjempeglade!
Ingen tvil om at det var vel anvendte pengar. Og laget vi sponsa frukt til kom til åttendedelsfinalen og var veldig fornøye.
Etter ei innhaldsrik veke vendte vi nasa mot Parga.
På hotellet i Parga hadde vi veranda. Der satt eg ofte og skreiv i boka mi. Eg har alltid med lappeteknikk når vi er ute og reiser, og ekstra kjekt var det da å sitte om morgonen og sjå utover det vakre landskapet.
Tilbake til Norway Cup. Her sitter eg og syr lukkekanten medan Inge spionerer på eit lag vi skulle møte seinere på dagen. Vi hadde godt vær mest heile tida. Litt regn av og til men ikkje meir enn kva vi kunne godt tole.
På Norway Cup fekk vi nokre gode handlevesker. Vi brukte dei på stranda i Parga. Dei var litt tynne i hankane, så når eg kom heim sydde eg ekstra slik at dei ikkje skulle være så vonde på skuldra.
Ein av dei tinga eg bestemte meg for i sommar var at i haust ville eg gå litt meir i fjellet og også at eg skulle sy mykje mykje meir. Her ser du bilde fra turen vår til Kvamsstølsvatnet og ei lita brikke med flyvende gjess. Enkel og igjen med Kona Cotton.
Som alltid håper eg at du blir inspirert til å gjere noko fint for deg sjølv når du les blogginnlegget.
Hugs, du er alltid velkommen i nettbutikken - www.lappeteknikk.no
Gode nyheter er at vi jobber med ny nettbutikk og eg håper at før året er omme så er den på plass. Inntil da får vi baske på med det vi har. Masse flotte lekre stoffer er å finne - så er det opp til deg å finne tid til å sy.
God klem fra Desiree
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar