I mai i fjor sydde eg dei finaste toalettmappene eg nåken gang hadde sydd. Eg brukte mønsteret til AnnAKa som heiter Annas Sminkepung - og det kan du finne her.
Straks eg hadde gitt dei fra meg - det var til to skjønne jenter som skulle konfirmere seg - så visste eg at desse måtte eg sy enda ein gang - og da til meg sjølv. Vel, det skulle ta eit og eit halvt år. Eg har solgt mange regnbuepanel sidan den gang - og framleis har eg av dei i butikken. Det er kan hende ikkje heilt opplagt kva ein kan sy av eit slikt - men eg er i alle fall superfornøgd med valget mitt.
Her skal du få sjå litt bilder fra prosessen desse dagane;
Her ser du panelet. Det er altså firkanter av alle fargene i batikkserien 1895 fra Hoffman. Først prøvde eg korleis det var å skjære av ei stripe for å så sy den på. Det fann eg ut av unødig arbeid. Så eg bestemte meg for å ikkje fortsette med det.
Her ser du korleis eg da skar midt i mellom firkantane.
Stripa til venstre er den eg skar laus - medan den til høgre der har eg berre bretta stoffet og sydd.
Her ser du korleis det blir. Eg valgte altså å først sy på langs.
Stripe på stripe på stripe.
Her ser du korleis det blir når alle på tvers er sydd sammen. No skal eg kutte dei fra kvarandre og sy sammen så den kvite stripa forsvinn.
Og da er det berre å sy dei sammen. Stryk dei slik at dei går kvar sin vei, da blir det ikkje så tjukt med sømmar.
No har eg delt stykket i to, og sydd sammen den delen i dei varme tonane. Eg quilter med blank tråd, det er det fineste synest eg når det er så mange farger ellers.
Her ser du den blå delen. Den er ei stripe mindre enn den røde, så da blir den toalettmappa også litt mindre.
Her er den blå - eg er superfornøyd!
Og her er den rosa. Svært fornøgd med den også. Og desse skal ikkje ut av huset. Eg har prøvd å kjenne etter på kor mykje eg skulle hatt for dei om nokon ville kjøpe - og eg trur faktisk at eg ikkje hadde gått under 1000 kroner pr stk. Om nokon vil betale det er noko heilt anna. Men slik er det i alle fall for meg.
Fekk du lyst på regnbuepanelet? Du finn det her; Regnbupanel
Håper dette innlegget inspirerer deg til å sy med farger.
Klem fra Desiree
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar