torsdag 27. desember 2012

1. nyttårsdag Mysteriet

Eg har ei tid kosa meg med å forberede mysteriet 1. nyttårsdag. Om du har lyst til å være med kan du klikke her; Nyttårsmysterie Etter eg hadde sydd desse småblokkene vart det å reinskjære. Det er ikkje alltid eg gjer det. Men, å sjå den veksande haugen av avskjer, det er verkeleg motiverande. Og alle dei 80 småblokkene er no reine og fine.

Alt ligg sirlig i vindaugskarmen, klar til å bli sydd i 1. januar. Noko av det eg synest er så kjekt med desse mysteriene er at eg har ein del stoff. Huff, dette var vel ikkje nokon overraskelse for nokon. Men, når eg ser på dei ameirkanske storsyarane, så har eg jo faktisk ikkje så mykje. Men, eg har likevel så mykje at eg har lyst til å bruke dei til fine ting, og det er ikkje alltid eg veit kva eg vil sy. Mysteriet er spennande, og eg liker godt å finne stoff etter fargeanvisning og sy noko eg sjølv ikkje har funne på. Ønsker deg ein fin dag :-)

tirsdag 25. desember 2012

1.dags mysterie og Del 5

No har eg oppedaga enda noko nytt. 1. nyttårsdag er det time for time mystery på bloggen til Sheryl Till. Eg har ikkje heilt forstått korleis eg navigerer rundt på bloggen hennar, men eg har no klart å skjønne kva som er leksa til 1. januar. Her ser du stoffvalget mitt til mysteriet. No skal eg skjære opp slik at alt er klart til vi skal begynne. Eg hadde nok ikkje valgt skarp blå mot det mosegrønne og gulbeige, men eg stoler på at dette blir bra. Nyttårsdagsmysterie
 


Videre er eg altså ferdig med del fem i det andre mysteriet. Eg har litt dårlig hukommelse, så eg husker ikkje kva det heiter, jo no demrer det, Bonnie heiter ho :-) Her er linken til alle som har fullført del fem. Gurimalla kor mange :-)

I min egen nettbutikk har eg fra til 1. januar tilbud på følgande; Alle mønster er ta fem betal for tre. Du finn dei her; SuperMønsterTilbud

Husk, kos deg i nuet og no og no og no :-)

torsdag 20. desember 2012

Et enkelt ansiktsløft

Så er badet klart til jul. Eller nesten i alle fall. Min bedre halvdel proklamerte høgt og tydelig i går at han skulle julevaske både bad og kjøkken. Eg vart inspirert til å sy to brikker, eit til kvart nattbord som vi bruker som baderomsinredning. Eg sydde også eit forheng til under vasken. Der oppbevarer vi handduker og toalettpapir, så det er kjekt å skjule det bak noko fint. Julevaskinga vart det så som så med, men det gjer ikkje noko for min del. Eg er berre så glad for at eg fekk eit lite puff til å sy noko nytt. Brikkene er sydd i fiskebeinsmønter og stjernene, der har eg brukt blå rester fra brikkene. Eg er så glad i å sy i rester, da blir det så livlig synest eg. Håper du har ein fin dag der du er, klem fra Desiree

tirsdag 18. desember 2012

Mysteriet - del eit eller anna :-)

Ja, eit steg vidare i mysteriet som eg held på med. Eg konstanterer at det som Bonnie kaller "stashen", er hos meg ein heller slunken beholdning av turkis, lilla, svart på kvitt og limegrønt. Samtidig er det kjekt at det tømmes, slik at eg kan fylle på med god samvittighet. Grått er det også heller slunkent med. Dagane før jul er både opp og ned. Dei gode er jo lette, men dei tunge, dei er tunge. Ikkje alltid like lett å være tilstades då, men kva er vel livet utan utfordringar? Håper du har det bra der du er. Her er linken til kor du finn mysteriet; Bonnies Mysterie 2012

lørdag 8. desember 2012

Familieteppe - 8 års ufo

Dette teppet vart ferdig i går. Det har vore ein UFO veldig lenge. Og ein ufo som er lett å daterie, sidan tvillingane da var et halvt år når føtter og hender vart trykt. Vi trykte hender og føtter av heile familien, og eg begynte på eit teppe med friskt mot. Sidan har den komt fram med jevne mellomrom, og eg har nok sydd litt vidare på den mest fordi eg følte eg måtte. Så gleda var stor når ein kveld denne veka eg kom over den att og kjente at no, no har egl yst til å sy den ferdig. Johannes, den eine tvillingen, er med på bildet. Det vart nokre bilder før han følte at hans image som tøff var ivaretatt :-) Talet UFOar skrumpar kraftig inn, og eg kjenner at eg har god lyst til å gjere alt ferdig. Gjerne før den magiske datoen 12.12.12, så får vi sjå kva eg får til. Ellers så vil eg dele ein film med dere, ikkje noko koselig advents film, men ein film om oss kvinner, om vaginaer, om Eve og kva ho kjempar for. Den handlar ingenting om lappeteknikk, men den handlar om oss, og våre medsøstre. Her er filmen.

fredag 7. desember 2012

Square Dance med Taupe stoffer


Eg har sydd ferdig Square Dance, eller twister duken min. Den brukte eg Japanske vevde stoffer i og også nokre få trykte. Spesielt fornøyd er eg med måten eg har quilta den på.  Mugga har eg arva etter mormor og stoffboksen bruker eg til å ha fargetusjer i. Hadde så lyst å ha noko som matcha til det, så gjer det ikkje noko at det står framme.

Her ser du den ulande ulven. Dette er eit landskapsteppe eg har sydd for... tja det må jo være nesten ti år sidan. Eg liker det veldig godt, og no skal det henge på veggen igjen ei stund. Ha ein fine kvelde du :-)

tirsdag 4. desember 2012

Dagslyset svinn

Eg har sydd eit par grytekluter i rester. Egentlig hadde eg tenkt å vente med å ta bilde til eg hadde dagslys, men tida er så kort, og eg er for utolmodig til å vente. Så difor vart det heller dette bildet. Eg er så facinert av restane mine. Det at eg har masse rester må jo bety at eg har sydd masse, men eg husker ikkje så godt kva eg har sydd.

Her ser du eg har laga tredimensjonale gjess. Eg er nøgd med at eg kunne gjere stas på måneskinnsstoffet. Her på Sande er det skrekkelig kaldt. Vi er ikkje så van med minus 15, så det er berre å fyre godt i ovnen og tenne lys. Håper du har det godt der du er :-)

mandag 3. desember 2012

Mysteriet del 2

Da har eg sydd ferdig del to av mysteriet. Det er dei ville gjessene i lilla og kvitt. Eg har også skåret opp 64 biter av kvitt på svart. Huff, eg merker eg blir litt nervøs om eg har sydd riktig. Tenk om plutselig spissane skulle vore lilla eller noko slikt? Eg kjenner det er så kjekt å sy på noko eg ikkje veit kva det er, og eg blir veldig inspirert til å sy av restane mine. Samtidig er eg no heilt skrapa for svart på kvitt, så når eg får det inn att i butikken så vil eg sikre meg nokre bitar. Kjekt når lageret tømmes så eg kan med god samvittighet kjøpe meg nye fine stoff. Håper du har ein fin dag der ute i kulda. Her er det minus 13 i dag :-) Her ser du alle dei andre som er med i mysteriet.  http://quiltville.blogspot.no/2012/12/mystery-monday-link-up-part-2.html

søndag 2. desember 2012

Julegåva - Leger uten grenser

Hos oss har vi eit utradisjonelt forhold til julegåver. Dei siste åra har vi valgt å gi pengar til eit godt formål, eller enn å gi mange gaver til familie, venner og kjende. Ungane får ei gåve kvar og ellers gir vi kan hende ei gåve til nokon av ein eller annan grunn. I år så skal vi gi desse to enkle sengeteppene. Dei kan være gode å ha når ein kryp opp i sofaen for å sjå dagsnytt, eller når ein vil nyte dei siste solstrålane på verandaen. Eg håpar at dei som får teppene blir glade for dei og vil bruke dei kvar einaste dag. Pengegåva i år går til Leger uten grenser. Dei grusomme krigshandlingane verda rundt gjer sterkt inntrykk. Legar som lyt operere utan bedøvelse, kan hende er der ikkje det nødvendige materiell som trengst for å hjelpe i det heile. Legane er der og jobbar så hardt dei kan. Så håper eg gåva vår kan bidra til litt meir utstyr til dei som treng det aller mest.