søndag 14. juni 2015

Gåver blir til - og litt opprydding

Eg er blitt så inspirert av ei dame som heiter Nina Wolther. Ho er Feng Shui spesialist og tilbyr onlinekurs innen temaet. Fredag dumpa eg borti ein video ho hadde om hage og Feng Shui. Etter den har eg sett mange videoer. Noko av det ho poengterer stadig er det å rydde og kvitte seg med ting som ikkje lenger har nokon funksjon for oss. Av og til kjem eg dit at eg ikkje liker å gå inn på syrommet. Og slik har eg hatt det i det siste. Eg liker å sy, men ikkje på syrommet. Dette skjedde før eg fekk svigermor på besøk, no har ho hatt det som gjesterom dei siste fjorten dagane, men det fekk meg til å tenke på - kva er det som gjer at eg ikkje liker meg der så godt? Så kom det til meg. Eg har eit flott vindu der, og det bruker eg ikkje i det heile. Så da bestemte eg meg for å ominnrede slik at når eg sitter og syr så ser eg ut vinduet.

Du skal få sjå bildene no fra før eg rydder (eg er midt i ryddinga no).
Denne hylla har eg altså flytta hit. Det er to cd hyller som er lagt ned. Eg hadde dei før på den veggen vinduet er. Eg følte litt at dei kom mot meg, men slik dei er plassert no så kjennest det meir behagelig.

Her er den kroken der senga er som gjester nytter. Eg har lyst til å lage eit skille mellom den delen og der eg syr  slik at det blir klart definert kva som er gjesteområdet og kva som er syrom. og alt rotet du ser vil eg rydde opp i.

Her ser du korleis det ser ut når eg har flytta hyllene. Det høge skapet kan godt bli fjerna, veit ikkje heilt enda korleis eg skal løyse det. Eg spekulerer også på om eg skal kjøpe meg store plastkasser å lagre en del av stoffene i. Da kan de stå under det bordet eg kjem til å skjære på, og to ruvende skap kan få ein ny heim.

*************************************

 Og i dag - Søndag - har eg sydd denne lekre toalettmappa. Denne gangen er det ei forsinka 50-års gåve. Eg håper jublianten blir nøgd, ho har sagt ho liker jordfarger, så eg tenker den vil falle i smak.

Søndag kveld er her og eg har fått rydda litt meir på syrommet;

No har eg hengt opp ei hylle ved fotenden. Der har eg alle bøkene mine. (Planen er å rydde i dei etterkvart og donere bort eindel av dei. - eg har også ein del notatbøker. Eg har ein uvane at eg kjøper ei bok, skriv ti sider, og så kjøper eg ei ny bok og slik går no dagan. Litt utrenskning der også skal til) Eg har sett opp skapet som sto ved vinduet ved senga (til venstre på bildet). Då er senga meir eit avgrensa definert område.


Rotet under bordet må sorterast. Venter på plastkasser så skal det nok bli orden på det.

Her har eg sortert linjalane litt meir og skjæreutstyret. Spør meg ikkje kvifor eg treng tre kuttere som måler 45 millimeter :-)


Levande lys gjer seg godt på syrommet. Den raud grøne tingen til høgre på bildet er det første eg laga nokon gong som eg vart veldig nøgd med. Eg har hatt den sidan eg var 12 år gammal :-)

Mandag er her. Eg er så heldig at eg har fått lov til å plukke rabarbara hos nokre naboer, så i kveld vart det nokre porsjonar med rabarbarasyltetøy. Tipper eg kjem til å lage nokre til, skal teste det i morgon på brødskiva.


Eg hadde kurs for nokre veker sidan, og ein av kursdeltagarane plundra litt med å sy ei toalettmappe. Eg adopterte den og her ser du resultatet. Flott å bruke til Søstre for søstre.

Dette innlegget kjem til å bli oppdatert fram til fredag. Så om du har lese dette til no, så vil det bli meir å lese utover i veka. Stor klem til deg - lytt til kroppen din - den pleier å fortelle deg i klartekst kva den treng :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar