tirsdag 26. mai 2015

Svart kvit regnbue

Rett på sak :-)

Ofte så blir eg inspirert til å sy noko i bestemte fargar, men eg veit ikkje kva eg skal sy. Denne gangen gjekk eg på pinterest og skreiv Black white Quilt. Da kom det opp mange flotte quilter, og ein av dei var denne;
Dette aktuelle teppet var funnen til salgs på Etsy for 250 dollar. Med dagens kurs er det ca 2000 kroner. Eg valgte størrelsen 4 inch på midtkvadratene og 2 inch på stripene. Så var det berre å sette i gang.
Slik såg det ut etter ei stund. Eg hadde ca 12 ulike svart/kvite stoff og 12 ulike kvit/svarte stoff. For meg var det nok til å få variasjon. Eg hadde ikkje noko system på korleis eg sydde stoffene, men brukte same stripa i første omgang og i neste brukte eg og same stripe.

Slik såg det ut når blokkene var ferdige;
Det vart jo flott og elegant, men eg følte det var litt trist, så eg valgte å legge til regnbuens farger. Eg valgte også å quilte det sjølv, det målte jo berre 95 ganger 135 cm ca. Organisk quilting kaller eg det når det blir litt buklete. Og slik vart resultatet;

Ønsker dere alle ein deilig dag!

Klem fra Desiree


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar