mandag 25. juni 2018

Ein ting inn - ein ting ut - går eg aldri lei av det? Og kor mykje stoff er det greit å ha?

Eg veit ikkje kor ofte eg gjer det - men dann og vann veier eg stoffene mine.
Dette så eg skal ha nokonlunde kontroll på kor mange eg har. Her ser du korleis det ser ut når eg veg;



Eg har ei forestilling om at eg skal ha ein boks av kvar av følgande fargar;

Svart
Kvit
Beige
Brun
Svart/kvit
Blå
Turkis
Grønn
Lime
Rosa
Lilla
Rød
Oransje
Gul

Tja - var det det? I alle fall - eg ser at kvar boks som eg bruker rommer ca 1 kilo stoffer, og 1 kilo er ca 5,5 meter med stoff. Ganger eg med 14 får eg da 77 meter med stoff. Ganger eg det igjen med 200 kroner, så blir det rundt 15 000 kroner. Og det må eg sei, det er det faktisk ingenting å sei på.

I tillegg vil eg ha eit godt utvalg i Kona Cotton - så om eg sper på med 10 000 kroner der så er eg oppe i 25 000 kroner. Eg har rekna litt på det - skulle eg sydd store lappetepper - som doble tepper, så ville eg hatt nok til 24 tepper ca. Og eg veit at eg bruker i alle fall tre måneder på eit så stort teppe, så eg vil kunne sy i tre år. Om eg syr jamt og trutt. det betyr igjen, at i stoffutgifter i året har eg 8000 kroner. Og det kan eg sei, det er lite. Berre i det eine jaktlaget mannen min har vore med har han betalt 13000 kroner for ein sesong. Ja, vi får kjøt att for det - men vi får også lekre gåver att av det eg syr.

No er dette forenkla - det er jo klart. Poenget mitt er at om så eg syr så mykje eg kan, så vil eg ikkje blakke meg på stoffforbruket - forutsatt ein ting. At det går ein ting ut for kvar ting som kjem inn.

Men kva betyr det egentlig? Jo, no skal du høyre. La oss sei at du syr eit slumreteppe. Når du har sydd toppen ferdig så kan du veie den. Veier den 750 gram og du deler på 180 så betyr det at du har brukt ca 4,16 meter med stoff Mest sannsynlig har du brukt meir sidan det blir litt avskjær, men i alle fall veit du no kor mykje du har krympa lageret ditt med. Er du ekstra fornuftig noterer du ned, og når du skal handle, enten det er på nett eller i butikk så går du over stoffene dine og ser kva du mangler. Så blir det litt kva du treng og litt kva du har lyst på. Men du held deg til ca fire meter. Da har du balanse i stoffbeholdninga di og du treng aldri føle at du har kjøpt "for masse" for eit visst utvalg er det kjekt å ha.

- vel - så er det virkeligheten - kva har eg egentlig? Her ser du korleis det ser ut når ein slik boks er full;
For å gjere det supergrundig så kan eg skrive opp kva eg veide;

Grå 1,3 kg
Beige med farge og lin  1,2 kg 
Rosalilla  1,05 kg
Svart/svartkvitt  1 kg
Beige 0,83 kg
Kvitt 1,2 kg
Regnbue 0,89 kg
Grønn 0,78 kg
Div 0,24 kg
Brune 1,1 kg
Div 0,82 kg
Grå 0,86 kg
Blå 1,2 kg
Div 0,82 kg
Grå 1,0 kg
Oransje 0,86 kg
Grønn 1,36 kg
Gul 0,79 kg
Brun 0,31 kg
Rosa 1,1 kg
Japanske 0,68 kg
Lilla 0,92 kg
Rød 0,86 kg
Blå 0,93 kg
Div 1,0 kg
Div 0,46 kg

Ja ja - så summerer eg  - og ingenting av dette er Kona Cotton - da får eg - 24,66 kilo. Hm - det er no litt meir enn eg hadde tenkt.

Kor mange meter blir det? Eg trudde jo 77 var ok - men la meg sjå; 137 meter
Og så kjem Kona Cotton i tillegg - 53 meter. Vel da veit eg kva som er passelig for meg å ha i hus. Ca 190 meter. Og ganger vi med 200 - da har vi tatt godt i - da lander eg på 38000.

Det ser no ikkje så mykje ut i dei stusselige boksane mine - men ein ting veit eg - at alle draumane eg har lyst til å sy ut - det er ingen vits i å vente. Så no skal eg kikke på ting eg har lagra som eg vil sy - og så skal eg sette i gang med eit teppe - eit teppe som gjerne kan bli til 50 års gave eller bryllupsgave - det har eg erfart dei siste åra - det er veldig kjekt å ha nokre store tepper å velge blant når eg skal slå på stortromma på gavefronten. Og ikkje berre det - men også å kunne dykke ned i haugen og finne tepper både til sjukehus og gamleheim - det er såååå kjekt.

Så eg fortsetter med ein ting inn - ein ting ut - så får vi sjå ved neste korsvei om 190 meter er blitt meir eller mindre. Så lenge der er ein viss balanse er eg fornøyd.

Klem fra Desiree


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar