Det har skjedd noko rart med meg dei siste to åra. Før så var det slik at eg begynte på fleire ting samtidig og hadde masse ufoar. No er det slik at når eg begynner på noko så syr eg som regel på det til eg er ferdig. Og eg kan ikkje sei at eg har noko særs liggande som er uferdig. Men ein ting er sikkert, eg har ein stor stabel med ting eg har lyst til å sy. Stadig surfer eg rundt på nettet og mappa med bilder av ting eg har lyst til å sy blir større og større.
No har eg rydda syrommet - støvsuga - tømt søppelkorga - og no er eg klar til å finne noko eg har lyst til å sy - berre sjå her;
Så har eg også kikka litt i bildene eg har samla på. Problemet her er jo at eg ikkje hugser heilt kor eg fann bildet, så eg veit ikkje kven som var opprinnelsen til det lekre arbeidet. No viser det seg at det er Karin Annie Knædal som har sydd de. :-) Det eg veit er at det inspirerer meg til å sy noko - av og til blir det likt og av og til blir det heilt annleis. Her er mitt neste prosjekt;
Dette er lekre koppebrikker og inspirasjonen. Men, eg kjem til å sy stjerner i ulike fargar på kvit bakgrunn. Så sjølv om dette er inspirasjonen, så syr eg noko som er relativt annleis.
Den første mug Rugen er klar. Som du ser, litt lik, men likevel annleis :-) Og no oppdaterer eg innlegget for tredje gang og har klar seks brikker :-)
Treng du stoff eller anna så er du velkommen til butikken min; www.lappeteknikk.no
Klem til dere alle ! Desiree
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar