søndag 24. februar 2013

En takk til regnet :-)

Eg bur i ei bygd på Vestlandet. Ikkje langt unna finst den bygda der det regnar mest i heile verda. Så når eg kom over dette stoffet med regn og paraplyar på for mange år sidan, så var eg ikkje i tvil om at dette var eit stoff eg måtte ha. Ikkje berre ein bit, men i alle fall ein meter. Og i like mange år har stoffet lagt i skapet mitt og venta på at det rette øyeblikket skulle komme. For ei stund sidan sydde eg blokker som skulle bli til tepper for flomramma og stormramma i USA. Det gav inspirasjonen til dette teppet. Ingen planer med blokkene, anna enn at eg brukte Log Cabin teknikken. Eg tok utgangspunkt i fargene i stoffet med paraplyer og brukte rester til striper rundt. Eg er kjempefornøyd med resultatet. Anne Toppe Myrdal fra Quiltestallen har quilta det, og eg er så glad for at eg kan sende det bort for quilting. Mykje lettare å sette i gang med eit større arbeid når eg veit at det blir fint også i quiltinga. Og regnet? Eg er så glad for at vi ikkje treng å bekymre oss for om vi har reint vatn å drikke. Sjølv om sjølve regnet nok er litt forureina fra England, så drikk vi grunnvatn, som har fått sila og rensa seg gjennom lag på lag i jorda. Og vi kan opne springen og drikke reint vatn utan tilsetjningstoff. Regn - tusen takk for at du er du :-)

4 kommentarer:

  1. Så nydelig! Jeg kommer alltid tilbake til log cabin. Der er så mange muligheter.

    SvarSlett
  2. Så flott! Fine farger og koselige stoffer du har i teppet:)

    SvarSlett
  3. Kjempefint! Log cabin er blokken over alle blokker! Vannet her jeg bor er også nydelig, heldige vi som kan drikke rett fra springen :)

    SvarSlett
  4. Tusen takk for fine betraktninger :-)

    SvarSlett