Da er teppene sammensydd og mangler kun ramme. Det hadde eg ikkje i stoffene mine, så eg må nok på handel i butikken min og kjøpe. når det gjelder bakstykke så har eg prøvd å gå gjennom stoffene og sjå om der er noko der eg kan bruke. Det er merkeldig. Åh, nei det stoffet kan eg ikkje bruke, for det skal eg sikkert bruke til det og det og nei det kan eg ikkje bruke, for det er jo sååå fint og slik går det. Så, eg har funne noko, men eg må nok supplere litt der også. Eg er takknemlig for at eg har så mange fine stoffer, det betyr jo at eg kan sy og kose meg i lang tid framover og berre supplere med dette og hint. Eg må innrømme eg har i lang tid tenkt at uff, eg burde sy opp stoffene mine. No har eg lært at i alle utsegn som inneheld ordet burde så ligg det ei løgn. No ser eg det heller slik, eg er takknemlig for at eg har så mange flotte stoffer, det betyr at når eg kjem over noko eg har lyst til å sy, så har eg eit godt utvalg i stoffene mine, og treng berre supplere litt. I kveld blir det rammer på teppene og sammensying av bakstykke. Og kva som skjer etter det? Ja, det aner eg ikkje, men eg tipper på at det blir noko i nærheten av symaskina :-)
Så flotte de ble sammensydd! Ja, enig med deg ang stoff lageret. Tenker ofte det samme, hihi. :)) Ha en flott uke!
SvarSlettNydelig teppe:) Er også veldig glad i stoffa mine... tenk så heldig jeg er, om jeg snør inne en hel vinter så går jeg ikke tom for stoff......hiihi
SvarSlett