tirsdag 14. mars 2017

Vårlig løper med stoffer fra Hazelwood



I helga sydde eg ein løper til salongbordet vårt. Vi har eit gammel salongbord fra 70-tallet som eg har kjøpt brukt på Østlandet ein plass. Det er kjempefint, med plass til blader og bøker under. Kvar gang eg syr ein løper til det så må eg måle kor stor den skal være. Denne gangen laga eg meg eit papir med størrelsen, da var det lett å legge blokkene på etter kvart for å sjå korleis eg måtte justere underveis.

Denne helga var eg på dag 3 og 4 av ti-dagers fasten min, det kan du lese om i denne bloggen;

Og i forbindelse med faste vart eit glas vatn det eg kosa meg med ved sidan av syinga. Vatn skal ein ikkje kimse av - kroppen er veldig takknemlig for eit glas vatn.


Her ser du utgangspunkta for løperen. Eg elsker å blande sammen einsfarga Kona Cotton stoffer med andre stoffer. Eg sydde stjerner i litt ulike varianter og fylte ut feltene med stoffer fra samme pakke.


Sidan eg faster - og ikkje et - så måtte eg nesten pynte med eit sunt eple.
Stoffene i serien Hazelwood finn du her;


Håper du har det bra der du er - at vinteren slepp taket og at du kan glede deg over lysere tider.

Klem fra Desiree




søndag 5. mars 2017

Korleis applikere på ein enkel måte - super for deg som er nybegynner :-)

For ei tid tilbake sidan så fekk eg ein forespørsel om eg kunne lage ein video som
viste korleis ein applikerer på ein enkel måte.

Først no så forklarer eg litt med tekst og bilder - og så kjem det lenger nede ein video med samme forklaringa. Nokre lærer best når ein ser det i ein tekst - andre i ein video - så her får du begge deler.

Det første du treng er eit limpapir som heiter Vliesofix. Det sel eg i nettbutikken på rull. Dvs i ein rull så får du to lengder som måler 250 cm og bredda er ca 45 cm. Du finn det her. Vliesofix.

Så treng du eit mønster som inneheld tegninger til applikasjon, eller du kan også tegne dine eigne mønstre. Steg to er at du legg vliesofixen på mønsteret du skal bruke, og hugs å ha den limete sida ned og tegn på papirsida.

Eg tar utgangspunkt i mønsteret Hjertegod - enten finner du det på syrommet ditt - eller du finner det her. Hjertegod.

Som du ser så tegner eg langs streken. Når eg har gjort det klipper eg ut ca 1 cm eller meir utanfor den oppstreka linja. Så limer eg det på baksida av stoffet eg skal bruke;


Når det er limt på på baksida av stoffet så klipper du langs linja.

Så klipper du altså ut hjertene - eit eller fleire alt etter kva du skal sy. Når det er gjort så ser du i filmen korleis eg så går fram;

Film om korleis du applikerer

Her ser du dei to hjerta eg har laga - eg vil påstå at det som har det skarpe rosa i midten er det finaste. Det har noko med å få fram stoffa som er brukt.



Og så til sist heile løparen - om det er slik den blir til slutt veit eg ikkje. Eg kjem til å legge den til sides og sjå kva som skjer. I mellomtida har eg noko anna eg skal sy.

Men her er så langt eg er komt. Eg er superfornøgd med det graderte stoffet - det har eg i mange farger i butikken - Boysenbær Stjernehimmel Det eg gjorde var at eg på den smale stripa kutta det på midten og sydde det sammen i den mørke enden. Da fikk eg mørkt i midten og lyst på kanten.


Så får vil sjå kva som skjer. Om det kjem meir på, om eg beheld det som det er. Eg trur kan hende eg tek av det eine hjertet - det som er nederst. Men det er heilt ok det også. Når det gjeld dei grå stoffa brukte eg noko eg hadde. No skal eg rydde opp og sy nokre saumar på neste prosjekt.

Tusen takk for at du las bloggen min - og still gjerne spørsmål om noko er uklart.

MVH Desiree