lørdag 11. november 2017

11. november 2017 Eit nytt kapittel er starta

Kjære leser!

Eg er blitt veldig inspirert av bloggeren Julie's Quilts and Costumes. Det vil sei det var Gunn Torild som gjorde meg oppmerksom på den - og ho hadde rett - det er ein super blogg.

Her er ein video om starten av dagen i dag - 0700 og det er framleis mørkt ute;



Det som inspirerte meg var tre ting -

1. ho held styr på kor mykje stoff ho bruker kvar veke

For min del så har eg lyst til at der skal være ein balanse i kor mykje stoff eg har på syrommet. Planen min no er å finne badevekta - veie alle stoffene - og eg veit at 100 cm er ca 180 gram. Videre vil eg at eg skal ha ca så mykje stoff på syrommet - men eg vil begrense meg til å handle for 1500 kroner pr måned. Sidan august har eg skaffa meg ei god samling med Kona Cotton  - er litt spent på kor mykje det er der. Eg vil at så mykje eg bruker - så mykje skal inn. Ca. Eg liker godt å sy av rester - så det eg gjer da er at eg rett og slett veier det ferdige produktet - og da veit eg kor mykje stoff eg har brukt. Det vil jo bli litt avskjær - men det gjer ikkje noko.

2. ho held styr på kor mykje tid ho brukar på å sy - på ein måte

Kvar dag prøver ho å sy 15 minutter. Og så held ho styr på da - har eg sydd minst 15 minutt i dag? La meg ta eit døme. Eg begynner i dag og dei neste sju dagane så syr eg minst 15 minutter i fem av dagane. Da kjem eg til på statusen min når eg poster noko quilterelatert å skrive 5/7. Og dei som forstår koden veit kva det betyr. Dette føler eg vil hjelpe meg til å prioritere det eg helst vil - å sy. Eg veit jo at eg har ein familie også og at eg vil være med dei - og av og til må eg ta meg sammen og tenke at her vil eg gjerne ha ein balanse.

3. ho syr med rester - det var så kjekt å sjå. Rester og rester fru blom - no har eg ikkje sett resteboksene henner - men uansett...

Det eg gjer er at eg har td ein boks med blå rester. Når den minker så kjøper eg ein 30-centimeter og den legg eg nederst i boksen. Neste gang eg syr med restene så kutter eg litt av den også. Slik vil boksen aldri bli tom og eg har ein balanse.

Så vart eg av ein eller annan grunn inspirert til å redusere igjen kor mange ting eg har på syrommet. Og eg tenkte at for kvar ting eg skal gjere så skal eg skrive det her. Så ser eg kor langt eg kjem.

1.

Denne løperen hang på benken eg har på syrommet. Når eg no snakker om benken er eg faktisk usikker på om eg skal framleis ha den der. Eg får sjå kva som skjer. I alle fall - løperen er ein sommerløper - og kvifor den heng her veit eg ikkje. Så eg skal vaske den og tørke den og stryke den og ha den i boksen der eg har alle sommertinga Eg gjer det slik at når påska er over - da tar eg vekk påsketingene og eg tar fram sommertingene. Løpere og diverse pynt. Vel - i maskina med den! 

2. Det neste er - ja litt pinlig? Eg hadde ein slik ide at om eg hadde eit stoffrør så kom eg til å rulle tingene eg sydde på det røret. Vel - no har det gått i alle fall eit halvt år - og røret har stått i kroken. så ned i papirbosset med det! Dvs - eg legg det utanfor døra - og når alarmen går at løperen er ferdig i maskina - da tar eg rullen med ned. 


3. Ein søt liten boks. 


Boksen meiner eg at eg har fått sjokolade i - eksklusiv sjokolade fra ein av fadderungane våre. Og inni - søtt avskjær etter ein twister eg har sydd for lenge lenge sidan. Dei måler 2,5 ganger 2,5 inch. Eg holdt nesten no på å begynne å sy noko av bitane - men eg tek og sorterer dei sirlig og har dei i resteboksane. Så eg kan fortsette på ryddinga. Den søte boksen skal eg gi til bruktbutikken - tenk for ein skatt å finne for den neste eigaren? Eg smiler ved tanken. - og når eg no skulle til å sortere så ombestemte eg meg att. Eg prøver meg på trip around the world - og kikker på julie sin blogg.


No har eg storkosa meg m ed å sy denne blokka. Det kjem nok ramme på og det blir ein liten duk. Ei julegåve til nokon som liker farger godt i desse eldtonane. Og så fekk eg rydda litt til; 

Putetrekket med bregneløvene skal eg gi til bruktbutikken. Og stoltrekket som dei to turkise tinga er - dei skal i sommarkassen. Ein kan jo lure på kva eg tenkte på når dei skulle ligge på benken på syrommet.
Eg har også plukka ut ein bunke med stoff som skal få ein ny heim. Brukbutikken er der eg leverer dei. Tenk så glade dei blir dei som finn desse og som liker desse fargane? 
Denne kassen har det vore mykje fram og tilbake med. Men denne gangen skal den ut. Eg har ikkje rørt den på i alle fall eit år. Den innheld mange ulike slags småtterier. Eg skal gå gjennom skuffene og sjekke at der ikkje er nokre tusenlapper (det er jo lov å håpe) og så skal den ut i bilen. Og det var så langt eg kom i ryddinga i dag. Eg skal sjå om eg får meg ei økt i morgon også. Og da har eg ein overraskelse til deg. Kva er i denne eska tru?
Eg må berre le - eg sperra augene opp - og så hugsa eg jo godt kva som skjedde. Sånt som skjer når eg er bittelitt bevisstlaus på ein måte og trur eg må planlegge langt fram for å ha nok prosjekt på gang.

OG her er videoen eg laga klokka 11 om det du har lest om no;



Ønsker deg alt godt - og du er velkommen til www.lappeteknikk.no når du måtte ønske. 

Desiree






2 kommentarer:

  1. Takk for at du deler, blei veldig inspirert og skal no rydde i restestoffa mine og sy i 15 minutter....skal lage nytt stoff av restane slik som Victoria Findley Wolfe gjer når go syr 15 min. Då bruker ho rester og syr bitane sammen til nytt stoff som ho bruker i ulike blokker som feks stjerneblokker.

    SvarSlett
  2. Så kjekt å rydde på syrommet. Da finn ein ofte ting ein ikkje visste at ein hadde, og gjerne også mange nye idear. Gler meg til å sjå korleis syrommet ditt ser ut når du er ferdig.

    SvarSlett