fredag 20. mai 2016

Tja - det er ikkje alltid at ting går som det skal - av og til lyt eg berre stikke fingeren i jorda :-) OPPDATERT 26. mai!

Eg har fått inn i butikken ein aldeles lekker serie som heiter Refresh. Her kan du sjå bilde av stoffa;

Veldig flotte - og om eg ikkje er utseld når du les dette så finn du dei her.

I alle fall. Eg fann også nokre lekre pepper Cotton - og så fann eg eit mønster og så sette eg i gang. Først så sydde eg sammen mange striper. Mange.

Eg hadde ein liten mistanke om at eg skulle spart den mørke turkise og mørke rust til ramme. Der hadde dei vore perfekte. Eg hadde også ein magefølelse på at eg godt kunne haldt dei varme tonane for seg og dei kalde for seg. Men, eg var så ivrig at eg lytta ikkje.

Så vart det slik etterkvart;

Mange vart laga før eg innsåg at nei - dette vart ikkje slik eg hadde tenkt i det heile. Enden på visa var at eg bestemte at ok - eg skal nok finne nytte i dei til noko - og så skar eg meg nye striper;

Dette vart noko heilt anna :-)

Så langt er eg komt - og no gleder eg meg til at eg skal få gjort dei heilt ferdig. Kan hende i løpet av helga?

Det er faktisk uvant for meg å ta ein slik beslutning som eg har gjort. Eg har lært at å blande meir enn eit par fargar, da skal eg ha tunga beint i munnen. Det er heilt ok å halde fargefamiliane på sine plassar, dei treng ikkje ha slektstreff kvar gang dei har muligheten.

I morgon flyttar eg ut av syrommet. Vi får ein gut på besøk som skal bu hos oss til 3. juli. Eg skal nok få sydd, og eg gler meg litt til å være i 1 etasje. Satser på varme og sol, så blir det litt på terrassen også.

25. mai vart det å fortsette på desse lekre blokkene. Her kan du sjå ein video om korleis det er så langt;


I dag er det blitt 26. mai og etter innsatsen i går og laging av video vart eg skikkelig gira. Eg vakna tidlig og kunne sjå at sola var på tur opp. Det ser eg ut soveromsvindauget, at ho skin på dei øverste toppane. Eg begynte å tenke på alt eg hadde lyst til å gjere før eg skulle reise på jobb, og det gjer eg normalt 0730. (sitter på med enten Elias eller Inge - det tar to minutter ned til jobb) Eg ville gjere litt yoga, litt tøy og tre solhilsen slik eg gjer kvar morgon, meditere i 20 min, det gjer eg også kvar morgon, så ville eg vaske ei maskin med handdukar (tek to timar) så legge i hop og ta på plass tre stativ med kle, og så til sist, sy i hop teppet som eg jobba med i går. Iveren var stor etter alt dette, så eg spratt opp av senga. Når eg sjekka klokka trudde eg først ho var 0545 - men etter å ha dobbeltsjekka så var ho 0445. Det vart ein god dusj og så var dagen i gang. Og eg må innrømme, eg har ALDRI angra på at eg sto opp tidlig.

Her kan du sjå korleis det ser ut når sola skin på symaskina klokka 0630 tidlig ein morgon;

Og slik ser teppet ut etter alle blokkene kom i hop;
Eg er superfornøgd, det må eg sei. Og likte korleis det krysset kom fram, og litt kontraster. Dette er altså den blå grønne delen av serien Refresh, og også nokre pepperstoff. Til kant kjem eg til å velge eit pepperstoff - satser på å få sydd ferdig i ettermiddag. Og slik ser soloppgangen ut i dag.
Ein fantastisk fin dag allerede. Og eg fekk gjort alt eg ville.


Nyt dagen der du er - enten det er på jobb - heime - ute - inne - på ferie - eller kor som helst :-)  


Varm klem til deg - håper du får litt symaskintid du også :-)

Desiree




lørdag 7. mai 2016

Toalettmapper i regnbuens farger


Eg fekk inn forleden dette aldeles lekre panelet i butikken. På panelet er trykt alle fargene i 1895 paletten til Hoffman Fabrics. Det er 90 cm bredt og 100 cm langt. Ja, du skjønner :-) Prisen er 298 kr. Linken til panelet er her; Regnbuepanel


Virker ikkje linken er eg utseld, da kan du sende meg ein mal til desiree@lappeteknikk.no og sette deg på venteliste. Når eg begynte å sy visste eg ikkje kva det skulle bli. Men, eg visste at eg ville på ein måte lage eit stoffstykke av det. Det eg gjorde var å sy sammen først den eine veien. Eg kutta ingenting, berre bretta det sammen.


Her ser du over korleis det ser ut på baksida og så på framsida når eg syr eine veien.

No er alt sydd ein vei. Så er neste steg å sy slik at dei kvite stripene forsvinn.




 No ser du alt er sydd;

Eg bestemte meg for at dette skulle bli to toalettmapper - og her ser du underveis;
Eg kjenner eg blir nesten rusa av å sjå på fargane :-)

Eg bruker mykje sjult glidelås når eg syr. Du bruker den nett som vanlig glidelås. Denne har eg i manger farger i butikken - begynner å tømmes litt - men eg har framleis.

YAY! Her er den eine ferdig. Begge skal bli konfirmasjonsgåver og eg håper mottakerne blir fornøyde.

Og her er den andre;
 Og her ser du begge to;
Superfornøyd det må eg berre sei. Eg har brukt mønsteret Annas Sminkepung som er eit AnnAKa mønster.

I juni er eg så heldig at eg skal på kurs med ei dame som heiter Judi Madsen. I den anledning tenkte eg å ha symaskinene mine til service før - spesielt sidan ei venninne skal låne den eine. Vil jo ikkje at ho skal få noko krøll når ho skal sy. Så eg har laga meg ei lita liste ved sidan av maskina der eg noterer etterkvart som eg kjem på kva som skal gjerast med maskina. 


Eg har også laga ein ny video sidan sist. Du finn den her;

I videoen snakker eg eindel om komfortsona. I dag skal eg langt utanfor komfortsona mi  - eg skal hjelpe til å servere i ein konfirmasjon. Det skal nok gå bra. Men eg kjenner det godt i brystet at det kniper litt. Det viktigaste er at eg kan hjelpe - og være tilstades når eg er der. Passe på at eg gjer det eg skal og være open for nye ting.

Tusen takk for at du leste bloggen min.

Eg er takknemlig for alt som livet gir meg - eg er takknemlig for alt som skjer. Eg møter stadig utfordringer og veks kvar dag til å bli ein bedre versjon av meg sjølv.

Alt det beste til deg :-)









Regnbuepanel