søndag 25. desember 2016

Ikkje lappeteknikk - eg tar ei varetelling i klesskapet mitt

For ei tid tilbake kom eg over tal som synte at Kari Nordmann har i snitt 360 plagg i klesskapet sitt. Det provoserte meg til å telle klea mine slik omtrentleg. Eg kom til 60. Og eg fekk slikt godt samvit. Men så hadde eg nokre kle til vask, og var alle i skapet og slikt? Så eg bestemte meg for at ein dag skulle eg gjere det skikkelig.

Kva passar vel bedre å gjere 1. juledag enn nettopp dette?

Først nokre klipp fra artikkelen der talet stamma fra;



Blant anna står der at klea varer i snitt 5,6 år. Bruksperioden er kortare. Når eg gjekk gjennom sommargarderoben min vart snittprisen høg. Det trur eg er fordi det er dei plagga som er kvalitet som har overlevd gjennom åra.

Eg kan jo ta sommargarderoben min først. Eg har 17 plagg som tilsammen har ein verdi på 23250 kroner. Det kan virke mykje. Snittalderen på dei er 7 år og dette er kle eg har planer om at eg skal kunne bruke att. No skal det seiast at åtte av plagga er nok når eg veg 70 kilo og ikkje 80 kilo. Men, eg synest rett og slett dei er for fine til at eg skal kassere dei. Og dei får plass i ein 10 liters boks. Så det er ikkje store plassen dei tek opp. Eg reknar heile summen med uansett.

Så er det sko.
For nokre år sidan hadde eg skofetish. For sju åtte år sidan hadde eg også litt meir pengar, og ein del av klea mine som er dyre og skoa, skriv seg fra denne tida. Absolutt alle finskoa mine, bortsett fra eit par er fra denne tida. Og det paret kosta kun 300 det som eg kjøpte for to år sidan. Eg har altså åtte par finsko som i snitt kosta 2000 kroner, Snittalderen er sju år og alle er sko eg tenker å behalde.

Vanlege sko. Eg har ni par sko. Dette inkluderer ALT. Dei har ein snittpris på 1255 kr. Dei er i snitt tre år gamle .

Når eg så summerer alle andre plagg alt med sokker og yttertøy og alt så har eg 61 plagg. Desse er i snitt berre tre år gamle. Truser, finkjoler, ullundertøy, alt er med. Snittplagget er 600 kr. Da har eg rekna at trusene koster 100 kr og sokker 50 kr. Ellers har eg etter hugsen tatt prisen på dei andre plagga. No skal det seiast at det var nokre år eg brukte veldig lite penger på klær, eg tærte på den garderoben eg hadde. Så for eit par år sidan så begynte ting å bli slitt, uten at eg kjøpte nytt. Og dei to siste åra har eg nok kjøpt inn meir kle igjen. Det forklarer litt at dei er så unge mange av klea.

Summerer eg da sommergarderobe, sko og vanlige kle så har eg 95 plagg/sko.

Når eg no gikk gjennom alt så har eg skreve ned absolutt alle plagga. Alt er notert med pris. Planen min er no at når eg skal ut med eit plagg, så veit eg kva det kostar, og om eg eventuelt tek inn eit plagg så ser eg også kva det kosta. Først etter eit år vil eg kunne sei noko om eg har auka garderoben eller redusert. Planen min er vel egentlig å ha den som den er no. Litt fleire kjoler kan hende :-) De slites ikkje ut og det er kjekt å ha fleire å variere i.

Eg hadde håpa å komme fram til ein slags plan på kor mykje penger eg bruker på kle på eit år. Men det synest eg var vanskelig. Rett og slett fordi i denne oversikten kjem det jo ikkje fram alle klea som er kassert dei siste 20 åra, da regner eg fra eg flytta heimifra. Men, om eg no noterer det eg bruker i 2017 så er det i alle fall eit utgangspunkt. Eg veit mellom anna at eg har kun tre t-sjorter, og to av dei er klare til utskiftning. Det er rart, når eg veit så konkret kva kle eg har, og at eg vil bruke prinsippet eit plagg ut eit plagg inn, så blir eg mykje meir kresen til kva det er eg kjøper, og eg kan vente ei stund til eg føler at eg finn akkurat det som passer meg.

Utfordringa mi no er at eg skal til varmare strøk, og eg har få plagg. Så eg kjem nok til å bevilge meg nokre sommarkle, så vil det vise seg om det er noko slikt på romjulssalg :-)

Allerbest liker eg å bruke penger på stoffer og ting til syrommet, bøker, sjokolade og te. Gjerne rar mat. Bevisstgjering er bra rundt alle former for forbruk - for min del - og det frigjer lett ressurser til dei tinga som virkelig opptar meg.

Håper dette inspirerte deg til å sjå gjennom din garderobe - og bli meir bevisst korleis du forvalter klesbudsjettet ditt :-)

Klem fra Desiree

1 kommentar:

  1. Kles- og sko-budsjettet mitt er nok mye lavere enn sy-budsjettet, Syns ikke jeg kan kjøpe meg jakke til 1500,-kr men blunker ikke for en stoffbunke til den prisen, tenk hvor mye mer glede jeg har av stoffene! Nei klesskapet mitt skal få være som det er uansett hvor mange plagg jeg har, jeg må sikkert investere i noe nytt men ikke med det første vet jeg. Det er nok helst i stoffhylla jeg kjøper til, er jo for mange fine stoff der også men skal en sy MÅ en ha litt å velge mellom . Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år :)

    SvarSlett