lørdag 17. desember 2016

Hugser du bargelloen i november? No er den klar :-)

I dag har eg mesteparten av dagen kosa meg med å gjere ferdig bargelloen. Eg har også
vaska to maskiner med kle som skal doneres bort (dattera vår er flytta :-( ) og eg har koseprata med niese og svigerinne og eg har besøkt ein nytilflytta familie og gitt julegåve. Yay - ein svært innhaldsrik dag. Nevnte eg at Inge laga dynegraut, så mat har vi fått i oss også.

I alle fall.

Bargelloen som var ferdig uten rammer og alt det andre som høyrer til i november - altså høyrer til bargelloen, ikkje november månad.. Den skulle til pers i dag. Eit par videoar vart til undervegs - her er den første (anbefaler at du abonnerer på videoene eg har på youtube om du liker dei)

Tidleg laurdag morgon 0800 sånn ca

Vel, planen var klar. Eg skulle altså få i boks ein liten wip - work in progress, og ein må kunne seie det er fast progress, sidan den er fra november. Eg tenkte først å quilte alt i buer, men planen endra seg undervegs. Her kan du sjå dei ulike måtane eg quilta på; Først buene. Buane representerer her solstråler. Først videoen;

Utgangspunktet når eg quilta

Som du ser så har eg ikkje quilta med beine streker. Eg har quilta fra hjørne til hjørne i dei radene som går i gultonar. Beine streker er ikkje heilt meg - eg er rett og slett ikkje nøysom nok. Og da passer det å fri seg litt fra det strenge, og gjere det meir organisk. Når eg hadde tatt desse følte eg at det kunne være greit å variere litt. Så i dei blå felta valgte eg bølger, bølgene er vatnet og det passer bra med blått. 

                                    

Etter eg var ferdig med dei blå felta gjekk eg over til dei lilla/magenta felta. Der valte eg å quilte pebbles, eller småstein. Eg liker den teknikken godt og den er også relativt lett å få til med min stil.


Som du ser så er ikkje sirklane like store, og av og til quilter eg dei litt større og av og til litt mindre. 
Etter dette kjente eg at eg var klar for større linjer, og eg tok fatt på grønnfargen. Det representerer treet. Og her i videoen viser eg korleis det går til. Elendig spolight, men eg deler no videoen lell. 


Og her ser du bildene av den resterande quiltinga; 



Og klart - heilt til sist - det endelige resultatet; 


Fell det i smak hos rette vedkommande så blir det nok ei julegåve under treet. 

Tusen takk for at du har fulgt meg - tusen takk for at du abonnerer på videoene. Ønsker deg ein deilig dag eller kveld kor no enn du er :-) 



2 kommentarer:

  1. Så flink du er til å quilte med maskin :-) og teppet blei nydeleg <3
    Eg skal sy i morgon, då er det søndag og eg har fått unna mesteparten av julegåver (smykker eg lager sjølv) så dei er klare til å sendes ut mandag :-)
    Skal sy ein pose til nokre ørnefjær eg fann og som eg skal sende i gave.
    Ellers har desember gått frykteleg fort.
    Takk for eit kjekt år via heimesida di, blogg og youtube videoer. Ser fram til meir :-)
    Helsing Evy-Ann

    SvarSlett
  2. Veldig fin og fargerik bargello, rammestoffet er supert til de andre stoffene!

    SvarSlett