søndag 7. august 2016

På kryss og tværs på livets veg




I vår og sommar har eg fått inn blant andre to svært flotte stoffserier. Eg ville kombinere desse  og når eg var ferdig med det følte eg at det var eit god bilde på livsens veg - alle vi møter som har ulike farger og som gjer livet vårt til det det er. Nokre raude med kjærleik, andre grønne med kunnskap, nokre svarte med sorg og hat og i sum så er dei det som gjer livet vårt. Så er det opp til oss om vi vil samle på gode fine kryss - eller andre tyngre. Dei tunge må vi ha nokre av for å sette pris på dei lette og gode. I alle fall... her er teppehistoria korleis du lager det :-)

Den eine heiter Pepper Cotton. Det vil sei, eg har hatt den i butikken i lengre tid, men i vår fekk eg mildt sagt ein dunge med ferdigskårede pakker. Ein ferdigskjært pakke er ein pakke der stoffa er skore ferdig og klare til bruk.

Du skal få sjå ein slik rull med Pepper Cotton her;

Desse Pepperstoffa er vevd av to trådar og dei kjem i dei nydeligaste fargar.
Så pepper var den eine serien. 

Den andre serien heiter Behind the scenes. Det er jo eit veldig talande navn. Bak scena. Som ein bakgrunn, det vi ikkje ser. Stoffa er i ulike gråtonar og du kan sjå Layer Caken her; 
Ein Layer Cake er ein pakke med 42 stoff som er ca 10 ganger 10 inch, eller 25 ganger 25 inc. Firkantane er altså klare til bruk.
Virker ikkje dei to linkane er eg utseld. I alle fall. Og blir eg no utseld skal eg lage nokre pakker så du kan likevel sy teppet. 

Eg hadde lyst til å kombinere dei to seriane og det gjekk ei stund før eg bestemte meg for kva mønster eg skulle bruke. Eg landa på "korset". Eg veit ikkje kva originalblokka heiter, men her ser du ei skisse av korleis blokka ser ut. 



Steg 1. da har du ein slik firkant som måler 10 ganger 10 inch. Så skjærer du den på skrå først ovenifra og ned, og så på tværs. 
Steg 2. Trekk bitene fra kvarandre. 
Steg 3. Da tar du ei stripe fra Jelly Rollen. Så syr du den slik at du har ein bit på kvar side av firkantdelene. Reinskjær slik at du når du legger de i del 4. at du har tre biter som henger sammen oppe og tre nede. Og så tar du stripa og legger fra høgre til venstre og syr sammen. 

Eg håper dette er forståelig. Her ser du dei to pakkene eg har brukt når eg sydde mitt teppe; 

Og her ser du teppet; Heilt tilfeldig sydd ihop. Eg reinskar blokkene før eg sydde dei sammen. 


Kva seier du? Lyst til å sy eit slikt teppe? 
Det er så lett - kombiner ein Layer Cake og ein Jelly Roll - og vips så har du eit lekkert teppe. Og mitt teppe er quilta hos Quiltestallen i Bergen. Anne Toppe Myrdal. 





2 kommentarer:

  1. Så flott teppe, og så fin historie.

    SvarSlett
  2. Tack, snälla Du för ett väldigt käckt tips på "ett block"!

    Dollandesign

    SvarSlett