søndag 12. juni 2016

På kurs med Judi Madsen - i regi av KarmaQuilt og Marianne Engeset Nybølet

Denne helga har vore heilt fantastisk!!! Den begynte grytidlig onsdag morgon, eg sette meg i bilen for å køyre til Holmen utanfor Sandvika utanfor Oslo. Eg hadde grua meg masse til kjøreturen, so mykje at eg hadde ikkje plass til å glede meg. I etterpåklokskapens lys eller kva det no heiter, så har eg lært at eg treng ikkje grue meg til ein slik biltur att.
Eg møtte de to haikerene Shannon og Eric, og dei satt på fra Lærdal til Sandvika. Det var så kjekt med to flotte ungdommer fra Nevada, og nye reisemål er no på kartet. Eg fekk litt kjeft for at eg tok på haikere, og eg kan trøste med at eg såg fire haikere på vei heim som eg vurderte til nei.

Målet for turen var altså Holmen, og kurs med Judi Madsen. Her er Judis blogg om du ikkje allerede følger den; http://www.greenfairyquiltsblog.com/ Teppet vi skulle sy hette Bohemian og eg var skeptisk. Eg var ikkje så begeistra for fargene, men eg tok sjangsen på at eg ville finne mine egne farger som ville funke bra. Legg merke til den fantastiske quiltinga.
Kurset var delt i tre - torsdag var det for long arm quiltere - fredag sydde vi dette teppet - ei blokk - og lørdag var det kurs i quilting.

Kurslokalene var små og intime. Vi satt fire stykker ved eit slikt bord som dette. Først var vi skeptiske, men etterkvart såg vi at dette gikk veldig fint. Bjørg Nordby Mellum, Heidi Raugstad og Berit Johansen Øverås var mine medsøstre på bordet. Vi vart godt kjent med kvarandre - alle tre hyggelige damer :-)

Og her ser du blokka mi. Eg er så fornøgd at eg har bestemt meg for å sy det i den store versjonen, altså ni blokker :-)

                                                                         Flott ka?
Sånn ser damer ut som koser seg :-)
                                                               Vakre Judi Madsen :-)
Aldeles lekker quilting lærte vi oss på kurset. No er det berre å øve øve øve :-)
Klokka 1630 eller så kjørte eg heimover og kom heim 00.15. Heimturen gjekk bra. Eg anbefaler varmt kort sovepause på 10 minutt, det gir masse energi.

Og du? Her er intervjuet eg fekk med Judi Madsen og Marianne fra KarmaQuilt;


Klem til dåke alle fra Desiree










2 kommentarer:

  1. Åh kor kjekt :-) eg er også forsiktig med kven eg plukker opp som haiker, må kjenne på magefølelsen so går det stort sett bra. For eit kjekt kurs du har vore på, eg kikka på intervjuet ditt med Judi, slik ei flink og varmhjerta ung dame :-) og den quiltinga var jo flott, har du gjort det på longarm eller med friquilting på symaskin?
    klem frå Evy-Ann

    SvarSlett
  2. Så flott blokk og quilting og gøy med kurs, du er tøff som drar så langt på kurs .Ha en fin lørdag :)

    SvarSlett