lørdag 20. juni 2015

Sol og varme :-)

I dag, laurdag 20. juni har vi sol og varme. Og eg har blitt inspirert til å pimpe opp inngangen til butikken min. Slik såg det ut før;
Der står ein stor og flott rhododendrun busk, og så er der ein del ugras og gammal bark. Eg og Jakob tok vekk mesteparten av ugraset. Så såg det slik ut;


Eg kjøpte også ei krukke og tre blomar som eg sette ved inngangsdøra. No ser det slik ut;

Inngangspartiet har fått seg eit løft og meininga er jo at når kundene kjem så skal dei føle seg velkomne. Har du lyst til å ta turen innom? Ring meg gjerne eller send sms på 99274877 og avtal. Då er du sikker på du treff meg. Sande er ca 2,5 time nord for Bergen og 30 minutt sør for Førde.
 
Eg har også sydd litt dei siste dagane. Dette er utgangspunktet for eit teppe til teppeaksjonen. Utgangspunktet er eit bilde eg vart inspirert av på Pinterest, og eg hadde ein pakke med Charms fra Kaffe Fassett. Eg fører diverre ikkje desse stoffa i butikken. Men av og til når eg er ute og reiser så kjøper eg meg ein pakke. Eg skal gjere teppet litt breiare på ein eller annan måte. Så får vi sjå kva resultatet blir.
Ein deilig dag er på hell. Eg håper du har noko godt å sjå attende på i dag. Hugs, du har stor kontroll over innhaldet i dagen din. Du bestemmer kor mange du skal smile til og om du vil gjere nokon glad. Kan hende gjer du deg sjølv glad ved å gjere noko du liker godt? Om det er å lese i ei bok, eller sitte ved symaskina, ringe ei venninne, eller berre å gjere ingeting. Stor klem fra Desiree

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar